• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Finnås prestegard

TRESKO OG POTETER

Hertzberg-dynastiet i Finnås spela ei sentral rolle i prestemiljøet i Hordaland under «opplysningstida». Tre generasjonar Hertzberg som sokneprestar frå 1744 til 1830 gjorde staden til eit kultursentrum. I 27 år var brørne Christian, Nils og Peder d.y. samstundes sokneprestar i Finnås, Kinsarvik og Kvinnherad. Som faren var dei alle prostar. Peder Harboe d.e. (1728-1802) er den mest kjende «potetpresten» i Noreg. «En Hat fuld» med poteter, som han fekk frå ein kollega, vart til mange på prestegarden i Finnås. Han skreiv bok om potetdyrking og var medlem av «Det Nyttige Selskab» i Bergen. Sonen Nils - med tilnamnet «treskoprest»> - dreiv vitskaplege studiar og skreiv ein artikkelserie i Budstikken 1818-21 om prestegjeldet Kinsarvik.