• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Brandasundet, Bømlo

Brandasundet, mellom Gisøya og Selsøya (Jan Rabben).

På Gisøya, ved den vestre sida av Brandasundet, ligg den gamle privilegerte handels- og gjestgjevarstaden frå 1600-talet, med Nordsjøen som næraste nabo. I 1991 kom det veg over Bømlo ut til desse øyane, men gjennom tusen år har den gode hamna her lege sentralt i den ytre leia langs kysten. I den store sildeperioden på 1700- og 1800-talet var Brandasund eit sentrum under sildefisket på Sørafeltet. I dag høyrer denne staden til Bømlo kommune.

Brandasund har truleg fått namn etter ein av dei første byborgarane som fekk handelsløyve her, Jakob Brandt. I 1667 er første gongen vi høyrer om eit «kræmmersæde» i Brandasund. Eit eldre namn på staden er Gisøsund. Ved gjestgjevarstaden var det også ein skyss-stasjon. «Skaffaren» budde i nærleiken og hadde som leveveg å føra folk frå det eine kremmarleiet til det neste.

Fiskehandelen her ute ved dette rike fiskefeltet går truleg langt tilbake i tid (jfr. Torgjo), men då det vart handelsstad med kongeleg privilegiebrev her, overtok kremmaren denne handelen. I 1723 heiter det: «Paa denne Pladtz eller Øe er et Kræmersæde bevilget, som og er fornøden for Almuen der at sælge deris Fiske». Kremmaren dreiv salteri og bøkkarverksemd i tillegg til fiskemottak. Enno er det eit tett bygningsmiljø her: Hovudbygning frå tidleg på 1800-talet. «Mosesloftet» frå 1700-talet, drengestove, bakeri, bakarbustad, losjihus, stabbur, skykkje, smie, butikk, fiskefabrikk, naust og litt lenger mot nord: to store sjøhus, kornbu og saltebu.

  • Gisøya, Bømlo

Den eldste handelsstaden ligg på Gisøya (Jan Rabben).

  • «Nillo på Skjeret», Bømlo

«Nillo på Skjeret» – på den yngre landhandelen tvers over sundet – var i mange år ein institusjon i lokalsamfunnet (Helge Sunde).

  • Kjærheim, T. (1976) Brandasund ved hundreårsskiftet. I: Sunnhordland Årbok. Stord, Sunnhordland museum, s. 32-34.
  • Skre, I. (1960) Øyastover og fiske i Fitjar. I: Sunnhordland Årbok. Stord, Sunnhordland museum, s. 5-22.