• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Den gamle kalksteinsgruva er i dag omskapt til Moster Amfi.

Den gamle kalksteinsgruva er i dag omskapt til Moster Amfi. (Helge Sunde)

KALKSTEINSDRIFTA PÅ MOSTER

Alt i mellomalderen vart det brent kalk i Sunnhordland. I 1702 tek oberstløytnant De Lillenschiold frå Bergen til med marmorbrot i Mosterhamn. Han sende marmor til København og vidare til England, Holland og Tyskland. Det var truleg kvinesdølen Ole Hansen Sjækkelandsmoen (Ole bakar) som tok opp att kalkbrenninga på Moster i nyare tid. Han kom til staden 19 år gammal i 1844. Nokre år seinare bygde han den første kalkomnen. Seinare var det òg andre som starta opp med kalksteinsdrift. I Mosterhamn står enno ein kalkomn bygd kring 1890 av landhandlar Mons Gabrielsen frå Valestrand.

Fram mot første verdskrigen var kalksteinsdrifta ei viktig næring i Moster, og fleire omnar vart bygde. Kalksteinen vart brend til murkalk, som for det meste gjekk til Bergen, og til gjødningskalk som særleg vart nytta i Hardanger og Sunnhordland. Ubrend kalkstein vart skipa ut til andre teglverk og brenneri på Vestlandet.

Arbeidet i brota hadde mykje å seia som attåtnæring for småbrukarane på Moster. Ein del mostringar byrja òg i fraktefart, med føring av kalkstein og kalkmjøl.

I mellomkrigstida vart kalksteinsdrifta på Moster meir omfattande. A/S Bjølvefossen i Ålvik tok over drifta i Mosterhamn i 1917.

I den gamle kalkgruva er det i dag bygt ut eit særprega amfi; ein teater- og konsertscene der Mostraspelet om Kristkongane vert framført kvar sommar. Det er eit eineståande historisk miljø Mostraspelet utfaldar seg i; ei minneverdig oppleving.