• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Ostrabakkjen ligg midt i biletet, like ovanfor Foldrøyvatnet.

Ostrabakkjen ligg midt i biletet, like ovanfor Foldrøyvatnet.

Ostrabakkjen ligg 6,5 meter over havet, like innanfor Foldrøyhamn  på Bømlo, ved utløpet av Foldrøyvatnet. Då helleren var i bruk, var Foldrøyvatnet ein liten fjord, og ein kunne då padla eller ro heilt inn frå sjøen utanfor. Arkeologen Johs. Bøe grov ut helleren i 1927 og 1929 med assistanse frå blant andre arkeologistudenten Gutorm Gjessing. Bøe fann to hovudlag, det eldste var frå slutten av steinalderen eller bronsealder, det yngste frå eldre jernalder.

Flintknollar og avslag av flint og kvarts stammar sannsynlegvis frå steinalder eller bronsealder. Funna frå jernalder består av ei rekkje skar av keramikk. Mange av dei stammar frå leirkar forma som spann. I tillegg blei det funne ein bronsebit, kanskje ein amulett, som var pakka inn i eit stykke tøy, eit stykke av ein samansett kam av bein og ein del jernfragment. Beinreiskapane består av ein del av ein samansett fiskekrok av bein og eit beinstykke med sagespor.

Det zoologiske materialet er etter måten rikt, sjølv om metodane for innsamling ikkje var så gode den gongen som i dag. Det blei funne ei lang rekkje artar av blautdyr, som østers, blåskjel, olbogesnigel og strandsniglar. Krabbe var også til stades i alle lag. Husdyrbeina var av hest, storfe og sau. Det ble også funne hjort, oter og steinkobbe. Torskefisk som torsk, sei, hyse, lyr og lange var i fleirtal blant fiskebeina. Når det gjeld fugl, dominerte bein av sjøfuglar, og både storskarv, lomvi, lunde og geirfugl blei identifiserte. Den utdøydde geirfuglen var lettast å ta om sommaren, noko som fortel at helleren i alle fall var i bruk då.

I 2009 daterte arkeologane tre pattedyrbein frå Ostrabakkjen ved hjelp av C14-metoden. Resultata viste at dei stammar frå yngre bronsealder, førromersk jernalder og romartid.

I Stokksundet utanfor Foldrøyhamn er det gode fiskeplassar, og det er lett å tenkja seg at dei som brukte Ostrabakkjen, nytta ressursane der. Kanskje var helleren ein overnattingsplass for bønder frå Stord og Bømlo som fiska og jakta i området i sommarhalvåret.

  • Guttorm Gjessing, som då var arkeologistudent, under utgravingane av Ostrabakkjen i 1927.

Guttorm Gjessing, som då var arkeologistudent, under utgravingane av Ostrabakkjen i 1927. 

  • Ostrabakkjen i 2017. Arkeologen Gitte Hansen og geologen John-Inge Svendsen. Forskarane er skifta ut (jamfør biletet over), men treet er det same.

Ostrabakkjen i 2017. Arkeologen Gitte Hansen og geologen John-Inge Svendsen. Forskarane er skifta ut (jamfør biletet over), men treet er det same.   

Bommen, C., 2009. Bruken av hellarar i eldre jernalder i Sunnhordland. Upublisert MA avhandling. Universitetet i Bergen.