• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Ein av funksjonærbustadene.

Det er mange spor i landskapet etter gullalderen på Lykling, både gruvehol og restar av bygningar og transportvegar. Huset til høgre var ein av funksjonærbustadene. (Svein Nord)

GULLET PÅ LYKLING

Sommaren 1979 vart det funne ein stein med 450 gram gull på Lykling på Bømlo, og i slutten av 1980-åra vart ein heil del gullprøver sprengde ut for sal. I det gamle gruveområdet er framleis gullgravarar på jakt etter det edle metallet. Men det store eventyret ligg lenger tilbake i tid.

NRK "Ut i naturen"

I 1862 fann ein gut eit stykke reint gull på Lykling. Gullstykket vart gitt vidare, først til ein arbeidar, og så til bergmeister dr. Dahll, som betalte 8 kroner for det. Men det vart ikkje funne noko gull i fast fjell ved funnstaden den gongen. I 1882 dreiv to telegrafistar, ein bonde og ein skulelærar forsøksdrift på koparkis. Då ein av telegrafistane skulle kløyva ein kisstein, fann han at steinen framleis hang saman, og at det var gull som var bindemiddelet. Med dette byrja Noregs største gulleventyr. I perioden frå 1883 til 1898 vart det industriell bergverksdrift, med eit rapportert utbytte på rundt 137 kilo reint gull.

I dei gamle steintippane er det framleis råd å finna gull. Det finst som klumpar og små korn i kvartsårer, saman med karbonat og kismineral, men òg gøymt i svovelkisen. Årene skjer seg gjennom både gabbro,som dominerer berggrunnen, og andre djupbergartar. Urøynde kan lett forveksla svovelkis og koparkis med gull. Disse minerala kan likevel innehalda finfordelt gull.I Oscarsgangen er det dessutan funne reint sølv. Kjemiske analysar viser at gull frå Lykling kan innehalda 13–25% sølv.

På Bømlo har det vore prøvedrift etter gull ikkje berre i Lyklingområdet,men òg på Hiskjo og ved Meland og Sakseid. I Hordaland utanom Bømlo kom fleire mindre gullgruver, med kjelde i kvartsårer.Ved Hovdaneset ved Buavågen i Sveio var det drift i den største av fleire små gruver, «Niels Bergs guldgrube», fram til 1884. Det er òg rapportert om små og fattige gullførekomstar på Halsnøy og i Hyttevågen ved Ølve. Dessutan finst det ei gullførande kvartsåre på Vernøya på Reksteren. Her finn ein gullet saman med arsenkis. På Varaldsøy er det påvist gull i malmar som vart brotne for svovelkis, hovudsakleg i 1860–70-åra.

  • Kart som viser dei gullførande kvartsårene (gulbrune strekar).

Kart som viser dei gullførande kvartsårene (gulbrune strekar). Oscarsgangen er nr. 11. (Knut G. Amaliksen, Haakon Fossen)

  • Gullklump frå Lykling.
  • Gullførande kvartsgangar

Korleis vart gullet til?

Gull har vore kjent og verdsett sidan antikken. Det er eit tungt, haldbart og mjukt metall, som lett kan formast til tynne trådar eller blad. Det har til alle tider vore mykje brukt til smykke,myntar og forgylling. Gullet si gode evne til å leia varme og elektrisk straum gjer at det òg kan nyttast innan elektronikk og romfart. Desse nyttige eigenskapane, knappe førekomstar og høg status gjer gull svært verdifullt. I pris ligg berre platinametall høgare.

 

Den gjennomsnittlege konsentrasjonen av gull i jordskorpa er så låg som ca. 0,004 gram pr. tonn bergart. For å vera drivverdig må konsentrasjonen minst vera nokre få gram pr. tonn. Vanlegvis finn ein gull i rein form – ikkje bunde til svovel og oksygen slik metall som jern, kopar og bly gjerne er. Gull førekjem normalt som uregelmessige klumpar, trådar og flak som er ujamt fordelte i vertsbergartane, sjeldan i krystallform.

 

I fast fjell finn ein oftast gull saman med kvarts, koparkis og andre sulfidmineral. Utvinning kan vera primært etter gull, eller som biprodukt frå ulike sulfidmalmførekomstar. Gull kan òg finnast konsentrert i elvesand og elvegrus.

  • Gullfeber ved tusenårsskiftet

Med kvartsgangane følgjer det gylne striper i berget, høgt verdsette og tunge å utvinna. Stadig nye generasjonar lèt seg fascinera av utsiktene til å finna gull i dei gamle gruvene på Lykling. (Helge Skodvin)

  • Amaliksen, K. G. Gullforekomster på Bømlo. Noregs geologiske undersøkelse Rapport 1750/35 A,1980
  • Reusch, H. 1888. Bömmelöen og Karmöen med omgivelser.  Geologiska Föreningen i Stockholm Förhandlingar 10:392–396.
  • Reusch, H. 1886. Bømmeløen gullfelt. Geologisk kart 1:15 000. Norges geologiske undersøkelse Bergarkivet K 113.