• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Espevær (Svein Nord)

Ved Svartaneset på vestsida av Espevær vart det i oktober 1975 funne eit stort ovalt avtrykk på ei skrånande slette, der graset var trykt ned i same retning rundt heile ringen. Avtrykket likna ein 40 centimeter brei stig, og jorda var pressa ned om lag 10 centimeter. Ringen hadde ein omkrins på 64 meter, var 26 meter lang og 16 meter på det breiaste. Framleis er ringen godt synleg i terrenget. Men kva var dette?

Teoriane har vore mange. Då det tidleg vart avkrefta at eit kjent luftfartøy hadde skapt avtrykket,byrja folk å snakka om at ein uidentifisert flygande gjenstand – ein UFO – hadde landa på Espevær.Andre har hevda at ringen kan ha vore skapt av kulelyn, ein uvanleg type lyn som dukkar opp som lysande kuler. Kulelyn blir ofte sett fram som naturleg forklaring på UFO-rapporteringar, trass i at vitskapen ikkje heilt kan forklara korleis og kvifor slike lyn oppstår. Om lynet har skulda også i dette tilfellet, er mysteriet framleis ikkje løyst: Korleis kan eit lyn skapa runde avtrykk på bakken?

Liknande former som dei på Espevær kan vi somme stader observera på plenar og grasmarker i form av egg- eller hesteskoforma spor i vegetasjonen. Spora minner om ein godt opptrakka stig med daudt gras, men med ei sone med ekstra frodig gras på sidene. Dette fenomenet blir kalla heksering, og kjem av at einskilde hattsoppar har ein ringforma veksemåte. Sona med frodig gras kjem av at soppen frigjer store mengder mineral som graset gjer seg nytte av,medan soppen har brukt opp næringa i den daude sona. Etter som soppen veks, utvidar ringen seg. Ringen på Espevær har ikkje utvida seg i alle desse åra, og jordprøver tyder heller ikkje på at avtrykket skriv seg frå hekseringsopp.

Mysteriet på Espevær er ikkje løyst. Ingen fagfolk har til no kunna svara fullgodt på korleis ringen vart danna.