• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Den grøne Hisøya

«Jeg skal bevise for deg at jeg har rett.» Det var idealisten og distriktslegen Christian Heitmann som skal ha uttalt desse orda tidleg i 1890-åra. Han sat saman med sokneprest Kullmann heime hos Heitmann på Stord og diskuterte om øyane på Vestlandet hadde vore skogkledde eller ikkje. Presten meinte området var for karrig og vêrhardt til at skog kunne trivast ute i havet. Men Heitmann var sikker i si sak. Han trassa skepsisen og gjekk i gang. 

Derfor skil Hisøya seg ut mellom dei grå svaberga og lyngkledde øyane i nordaustre delen av Bømlo kommune.

Med eigne studiar i skogkultur som ballast og Det Norske Skogselskap som medspelar starta Heitmann skogplantinga i 1895. På dei dårlegaste veksestadene vart det planta buskfuru og bergfuru. I dalsøkka, med dei beste vekstvilkåra, vart det prøvd med vanleg furu og gran, ymse edelgranartar, sitkagran og fleire artar lauvtre. Heitmann sette òg i gang med å rydda og grøfta, og etter at han døydde, var det arvingane som vidareførte arbeidet.

Etter kvart viste det seg at noko av skepsisen var reell, fordi fleire av treslaga voks dårleg. Det vart rådd til at det var tryggast å planta resten av øya til med den hardføre buskfurua. Men Heitmann klarte likevel å påvisa at skogen kunne veksa så langt ute mot havet.

Då Hans Majestet kong Haakon 7. feira jul i England i 1942, var juletreet ei edelgran frå Hisøya. Med god hjelp av lokalkjende folk om bord gjekk Shetlands-Larsen like inn til øya og henta juletreet. Treet vart kutta i ca. 1 meters høgd, med det resultatet at ei grein svinga seg opp att og har vorte til eit stort tre. Det går no under namnet «Kongegrana».

  • Habbestad, K. 1988. Hisøy. Ein oase i skjergarden. Det norske Skogselskap.