• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Finnås og Finnåsvika

PAHOEHOE-LAVA OG JASPIS

På Flintaneset ved Finnåsvika midt i kommunen finn vi dei vakraste og best bevarte lavabergartane på Vestlandet. Vi må like til Hawaii eller til Island for å finna like fine strukturar som på Bømlo.

På slutten av 1800-talet kom bergensaren og geologen Hans Reusch over desse underlege elliptiske strukturane i fjellet på Flintaneset. Det skulle gå fleire generasjonar før ein skjøna at dei var tverrsnitt gjennom rundt 495 millionar år gamle basaltiske lavastraumar, der lavaen hadde størkna og danna røyrliknande former, såkalla pahoehoe-lava. Under vulkanaktiviteten var røyra harde på utsida, men fylte med glødande lava.Då trykket vart for stort, braut det ut eit nytt røyr frå den gamle. Lavaen voks til eit nettverk av slike røyr. Dei fleste størkna fylte med lava, men i nokre vart det att eit avlangt holrom der lavaen hadde strøymt.

I tverrsnitta av dei kan ein sjå fleire elliptiske strukturar, dominerte av små hol, spesielt i toppen. Hola vart danna av gassblærer som var på veg opp, men som vart fanga då lavaen størkna. At det er flest hol i toppen av strukturane, er eit teikn på at fjellet i dag ligg slik som då strukturane vart danna, og ikkje på hovudet, slik berglaga ofte gjer etter faldingar.Tilsvarande fortel lengderetninga til røyra at lavaen strøymde i retning nord-sør. Dei har ofte ei finkorna rand rundt som viser at dei har vorte avkjølte raskast langs kanten. Langs vegen ved Finnås prestegard kan vi sjå liknande strukturar. Dei er mindre og blir kalla putelava. Dei er danna ved at den basaltiske lavaen har runne ut i vatn og vorte raskt avkjøld.

Langs brattkanten mot sjøen på austsida av neset kan ein finna eit metertjukt konglomerat, som inneheld steinar av dei basaltiske vulkanske bergartane på Flintaneset.I tillegg finst det mellom anna svært vakre fragment av blodraud jaspis, som ikkje må øydeleggjast med hammar! Dette er opptil 40 centimeter store steinar som har lege på ei 473 millionar år gammal strand. Konglomeratet skil pahoehoe-lavaen på Flintaneset frå 20 millionar år yngre, meir massive basaltiske lavastraumar. Desse straumane og konglomeratet ligg i dag under pahoehoe- lavaen.

  • Raud jaspis

I eit tynt lag med forsteina grus og stein, konglomerat, finst det nokre få steinar av raud jaspis. (Svein Nord)

  • Pahoehoe-lava.

Pahoehoe-lava. Snitt gjennom lavatubane med gassblærer. (Haakon Fossen)

  • Danninga av bergartslaga på Finnås i fire stadium.

Danninga av bergartslaga på Finnås i fire stadium. (Haakon Fossen)

  • Andersen, T. B.; Furnes, H. Excursion guide to central Bømlo (day 5) and Stord (day 6) for G-301 students, Bergen, Oslo and Tromsø. 1–28
  • Nordås, J. A. 1985. Volcanological and geochemical study of the lower palaeozoic Lykling ophiolithic complex and Siggjo complex, Central Bømlo, Western Norway. Cand.real avhandl.,UiB.
  • Reusch, H. 1888. Bømmeløen og Karmøen med omgivelser geologisk beskrevne. Den geologiske undersøkelse.