• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Urangsvågen-Rubbestadneset

BERGEN BYGD MED BØMLOGRANITT

I 1868 kom dei første steinarbeidarane til Rubbestadsneset for å bryta granitt til Skoltegrunnsmoloen, forløparen for Skoltegrunnskaien i Bergen. Seinare vart det òg teke ut granitt i området rundt Innværsfjorden og Urangsvågen. Aktiviteten var truleg på topp omkring 1900, med over 40 mann i arbeid. 15 år seinare var det slutt.

Granitten går både under namnet bømlogranitt og rolvsnesgranitt eller rolvsnesgranodioritt. Fargen varierer frå gråbeige til svakt rosa, dessutan får han ofte ein svakt raudleitt forvitringsfarge. Små, svarte korn gir bergarten ein spettete utsjånad. Han er godt eigna til splitting og hogging. Granitten nord på Bømlo høyrer til den sørlege delen av dei sunnhordlandske granittfelta. Felta strekkjer seg nord til Austevoll og Fana (Korsneset).

Storparten av bømlogranitten vart skipa til Bergen, der han vart brukt i fleire monumentale bygningar, som Kjøttbasaren (1874), inngangspartiet til gamle Bergen tekniske skole (seinare Kunst- og designhøgskulen i Bergen) i Strømgaten (1876) og ikkje minst Sandvikskirken frå 1881, som er kledd med bømlogranitt. Mest iaugefallande er likevel dei fleste steintrappene i Bergen frå før første verdskrigen – for ikkje å snakka om all kantsteinen til fortau og brusteinen. «Bømlingane» er spreidde over heile byen.

  • Håkon A. Urangsæter

Håkon A. Urangsæter, søndagskledd i robåten, var ein av dei dyktigaste steinhoggarane. Han kom frå den vesle plassen Urangsætre i Urangsvågen (til høgre på biletet over). Det siste oppdraget hans gjekk ut på å hogga kyrkjetrappene til Bremnes kyrkje. Då var han 84 år gammal. (Privat eie)

Bergen tekniske skole, seinare Kunst- og designhøgskulen i Bergen med granitt frå Bømlo i inngangspartiet. (Svein Nord)

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Bømlogranitt

Heldal, T.; Jansen, Ø. 2001. Steinbyen Bergen. Fortellingen om brostein, bygg og brudd. Nord 4.