• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Frå Hamlagrøhornet ser ein skiljet mellom den grøderike fyllitten og dei nakne grunnfjellsbergartane i landskapet

Frå Hamlagrøhornet ser ein skiljet mellom den grøderike fyllitten og dei nakne grunnfjellsbergartane i landskapet. Utsyn mot sør. Det nesten vegetasjonslause fjellet Øyaseteggi bak til venstre er bygt opp av granitt. (Svein Nord)

DEN LIVGIVANDE BERGGRUNNEN

Bergartane kan vera heilt avgjerande for kor mange planteartar som finst i eit område. I området kring Hamlagrø-vatnet kjem spennvidda spesielt tydeleg fram. Her skifter dei geologiske tilhøva mykje innanfor korte avstandar.

Mellom nakne og grå fjell er Hamlagrøområdet frodig grønt, med enger og stølar. Grunnlaget for grøderikdommen er eit belte med fyllitt, som òg inneheld glimmerskifer. Fyllittbeltet, som kryssar den vestlege delen av Hamlagrøvatnet, skil hardare grunnfjellsbergartar i Bergsdalsdekka. Følgjer vi riksvegen frå Osen langs vatnet, treffer vi fyllitten ved Grønestad. Fyllittsona er eit par kilometer brei, men smalnar av mot sørvest, framom foten av Fuglafjellet. Fuglafjellet og dei fleste andre høge fjelltoppane i området er av hardare bergartar, som kvartsitt og granitt.

Frå dei mange utsiktspunkta i området er det lett å sjå det skarpe skiljet mellom den grøderike fyllitten og dei nakne grunnfjellsbergartane.

Ein bergart er samansett av mineral med kjemiske stoff som er livsviktige for plantene. At ein bergart inneheld dei rette stoffa, er ikkje nok i seg sjølv. Minerala kan nemleg vera så hardt bundne i bergarten at plantene ikkje kan dra nytte av dei. Like viktig er derfor kor mykje plantenæringsstoff som kan løysast opp i bergartane. Først når forvitringa har sytt for at næringsstoffa har vorte løyste opp i jordvæska, kan plantene ta dei opp gjennom røtene.

Kva bergart er gunstig for plantene? Fyllitt og glimmerskifer inneheld store mengder glimmermineral og gjerne litt kalk. Glimmermineral er flakmineral, med svake bindingar på tvers av flakstrukturen. Derfor blir dei lett spalta opp, forvitrar lett og gir godt med næring i jordvæska. Granitt og især kvartsitt inneheld mykje kvarts. I dette mineralet finst det ikkje noko plantenæringsstoff. Det er ikkje rart at det blir store kontrastar i vegetasjonen når dei rike og fattige bergartane ligg side om side. Sidan kvartsrike og harde skyvedekke utgjer dei høgaste nivåa i mange fjellstrøk, er det svært lite som veks på toppane. Ei rekkje fjellplanter er heilt bundne til fyllitt, som ofte kjem fram i dagen litt lågare i terrenget og i mindre område knytte til bratte berg, kløfter og elvegjel.

På fjellet Hamlagrøhornet når fyllitten opp i 1080 moh., og mykje næringsrik forvitringsjord er blitt danna sjølv i stor høgde. I det vakre turterrenget er det òg ekstra kalkrike parti i fyllitten. Hamlagrøhornet har derfor ein artsrik flora, med mange kravstore planter. Merkverdig nok har ein kropp med kvartsitt forvilla seg inn i fyllittbeltet og dannar den nakne og særeigne toppen Løva.

  • Kart over geologien i Hamlagrøområdet

Kart over geologien i Hamlagrøområdet. (Anders Kvale/Haakon Fossen)

  • Frå Hamlagrøvatnet

Hamlagrøvatnet

Dei tørrlagde breiddene langs Hamlagrøvatnet er eit resultat av utbygginga av Bergsdalsvassdraget. Vatnet blir om vinteren tappa ned 17 meter i den austlege delen og 27 meter i den vestlege delen. Desse «naturens sørgjerender» vil for mange påverka naturopplevinga. Dei er òg ei påminning om at vår energikrevjande livsstil set spor, også i fjellet.

  • Svartstorr

Svartstorr. (Miranda Bødtker)

  • Snøsøte

Snøsøte. (Jan Rabben)

  • Fossen, H. 1993. Structural evolution of the Bergsdalen Nappes, Southwest Norway. Norges Geologiske Undersøkelse 424:23–50.
  • Kvale, A. Petrologic and structural studies in the Bergsdalen quadrangle, western Norway. Bergen Museums Årbok 1946–47,Naturvit.rekke,1.
  • Moe, B. 1985. Fjellflora og –vegetasjon i midtre Hordaland. Analyse av en botanisk øst-vest-gradient. Hovedfagsoppg. UiB. Botanisk institutt.
  • Moe, B. 1995. Studies of the alpine flora along an east-west gradient in central Western Norway. Nordic Journal of Botany 15:77–89.