• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Lønaøyane

Strandaelvi er varig verna mot kraftutbygging. Lønaøyane – som er deltaet heilt nord i Lønavatnet – er ein del av dette vassdraget. I 1995 vart vernet for Lønaøyane forsterka til naturreservat på grunn av det rike fuglelivet i denne våtmarka.

Etter at Myrkdalsdeltaet vart sterkt endra ved senking og oppdyrking, er Lønaøyane rekna som det rikaste fugleområdet i vossaregionen – mangfaldet gir òg staden ein plass blant dei mest verdifulle i fylket.

Det veks rikeleg med vassplanter som elvesnelle, flaskestorr og sennegras i reservatet – nokre stader òg strandrøyr. Heile 135 fugleartar er registrerte i området, av dei 36 sannsynlege hekkefuglar. Mellom anna finst ein god hekkebestand av ulike vadefuglar og ender. Fiskemåse hekkar fast. 1–2 par toppender gjer gjerne hekkeforsøk kvart år, men reira blir ofte tekne av flaum. Somme år hekkar jamvel eit par av den til vanleg kystbundne tjelden. I trekktidene er toppand og vipe dei mest talrike. Seinhaustes er det ofte flokkar av songsvaner å sjå i Lønavatnet. Når isen legg seg, overtek isfiskarane fuglematfatet for å sikra seg litt av røya og auren i vatnet.

I august 1998 vart det bygt eit fugleobservasjonstårn i reservatet, med fri tilgang.Tilkomsten skjer langs ein merkt stig frå parkeringsplassen ved Nesheimtunet (oppe til venstre på flyfotoet).

  • Enkeltbekkasin eller mekregauk, ein vanleg hekkefugl i Lønaøyan

Enkeltbekkasin eller mekregauk, ein vanleg hekkefugl i Lønaøyane. Han er lettast å sjå under fluktspelet i seine kveldstimar om våren. (Jan Rabben)

  • Håland, A.; Chapman, E. 1998. Ornitologisk status for 4 naturreservater i Voss/Hardanger-regionen.Vurderinger av trusler, skjøtselsbehov og tiltak for informasjonsformidling. NNI-rapport 19.