• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

MULA - EIN ØYDEGARD FRÅ MELLOMALDEREN

Fremst på Storåsen, åsryggen mellom Strandavassdraget og Raundalselvi, låg Mula i mellomalderen, med langhus i tunet. Det var to gardsbruk på Mula, øvre og nedre, men båe vart forlatne på 1300-talet, kan henda etter svartedauden. Langhustufter og gravhaugar med røysar er vitnemål om livet her. 300–400 m lenger inne på åsryggen ligg Steinringane, nokre ringar med 8-12 m diameter med stein i omkrinsen. Det vert i dag sagt Mulane; namnet er eit usamansett naturnamn som viser til den framskotne staden på åsen; ei samanlikning med mulen på hest eller storfe. Slik garden ligg til, kan han vera mellom dei eldre i vossebygdene, og vi er her på sporet av langhustradisjonen i mellomalderen, som på Oppheim.