• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Lia ovanfor Kårdal pensjonat

Lia ovanfor Kårdal pensjonat – eit område med uvanleg fattig jordsmonn. (Svein Nord)

DAUDISLANDSKAP OG GIFTIG JORD VED MJØLFJELL

I den flate dalbotnen kring Kårdal pensjonat smelta siste resten av isbreen for mellom 10 500 og 11 000 år sidan. Medan breen enno dekte dalen, rann smeltevatnet i tunnel under isen. Sand og grus vart avsett i tunnelen. Då isen forsvann, vart tunnelavsetjingane ståande att som grusrygger. Ryggene er framleis godt synlege i terrenget, mange tusenår etter at dei vart danna.

Det låg òg att store nedgravne isblokker under morenemassane då isen smelta vekk frå overflata. Etter ei tid smelta desse isblokkene, massane over sokk saman, og der isblokkene hadde vore, danna det seg groper i terrenget. Medan tida gjekk og gropene vart fylte opp av nedbør og tilsig, vart dei til store dammar og små tjørner. Daudisgroper kallar geologane slike søkk. Somme av gropene er tjørner også i våre dagar, medan andre er attgrodde.

Anortositt

Mjølfjell heiter staden og fjellet – det er berggrunnen, den kvite anortositten, som har gitt namn. Han inneheld mest berre eitt mineral – feltspat. Store mengder (30%) av aluminiumdioksid (Al2O3) inngår i feltspaten, eit stoff som er giftig – for planter. Ikkje berre er grunnen giftig, jorda manglar òg viktige sporstoff, som fosfor og kalium. Vegetasjonen er derfor sparsam – rett aust for TV-masta på Høgehaug er det særskilt skrint. Med lite vegetasjon til å binda jorda får frostprosessar fritt spelerom. Gjentatt frost og tining gjer at jord og steinar på flate parti blir snudde og sorterte. I skråningar med lausmassar av anortositt sig jorda – det glisne plantedekket greier ikkje å halda henne fast. Det nye hytteområdet på Mjølfjell ligg mellom 650 og 700 moh. Dei spesielle forholda i jordsmonnet gjer naturen meir utsett og sårbar i dette området enn mange stader høgare til fjells.

  •  Prinsipp for danninga av gropene
  • Daudisgrop – grop som vart til då isblokker frå breen smelta under stein og grus, og som vart til ei tjørn då vatn fylte gropa

Daudisgrop – grop som vart til då isblokker frå breen smelta under stein og grus, og som vart til ei tjørn då vatn fylte gropa. Prinsipp for danninga av gropene i teikninga over.

  • Kart over isdanna landskapsformer og område med giftig jord på Mjølfjel

Kart over isdanna landskapsformer og område med giftig jord på Mjølfjell. (Ottar Hunnes/Inge Aarseth/Eva Bjørseth)

  • Hunnes, O.; Anundsen, K. 1985. Forslag til kvartærgeologiske verneverdige objekt/områder i Hordaland: 62–63. Rapport T-614 Avdelingen for naturvern og friluftsliv, Miljøverndepartementet.
  • Klovning, A. Kvartærgeologiske studier i Flåmsdalen og omkringliggende fjellområder. Upublisert hovedoppgave, UiB 1963.
  • Nordahl-Olsen, T.; Anda E. 1983. Vossovassdraget: Kvartærgeologiske og geomorfologiske undersøkelser. Geologisk institutt avd. B.