• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Møllene på Rekve, Voss kring 1890

Møllene på Rekve kring 1890 (Knud Knudsen, eigar: Billedsamlingen, Universitetsbiblioteket i Bergen (utsnitt, KK2640)).

Kjem du opp i tunet på Rekve, nokre kilometer frå Bulken, der vegen tek av til Giljarhus, møter du ikkje lenger «mylnaren», Knut Hernes, i den gamle bygdemølla. Tidlegare tok han imot, venleg og gjestfritt, og viste om i anlegget som hadde vore arbeidsplassen hans ein mannsalder. Lett på foten som ein ungdom kleiv han i bratte stigar høgt opp i fossen, for å sleppa vatnet på kvernkallen.

Rekvemylna er ei av dei siste vassdrivne bygdemøllene som har vore i drift på Vestlandet heilt fram til våre dagar. Men i dag er den jamne duren frå kvernsteinane sjeldan å høyra. Heilt til byrjinga av 1980-åra var Knut Hernes enno i full sving med leigemaling av korn for vossebøndene. Inne ved kverna i første høgda kunne du møta den gamle mylnaren, kvit av mjølgòv, mellom kornsekker og mjølsekker. Hundre tonn for året mol han på det meste. I mange år var det kontrakt med Statens kornforretning om leigemaling.

Rekve vart freda i 1978; eitt av dei mest interessante tekniske kulturminne vi har av denne typen: mølle og kvern i første høgda, verkstad i andre og eit lite husvære på loftet. Knut Hernes bygde også opp att den gamle vadmålsstampa, som var driven av eit eige vasshjul. Stampa stod tidlegare lengre opp i elva, og der stod det også ei oppgangssag. Etter ein stor flaum i 1906 vart stampa flytt ned til mølla i fossen. Alt på 1700-talet ser vi at dei reformvennlege embetsmennene i Det Nyttige Selskab premierte ein sjølveigarbonde frå Voss, Lars Giljarhus, for eit anlegg med kombinert sag, kvern og valkemølle (vadmålsstampe) drive av eitt vassfall: eit føredøme på god ressursutnytting.

  • Rekvemylna

Rekvemylna (Svein Nord).

  • Dyrvedalen

Frå Dyrvedalen (Svein Nord).

  • Brekke, N. G. (1986) Rekve mylna - ei bygdemølle i Dyrvedalen på Voss. Fortidsvern, 1986 (2), s. 32-33.