• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Heimstaden til Sjur Bygd

Heimstaden til Sjur Bygd (Svein Nord).

Den avstengde Myrkdalen har fostra fleire kjende kunstnarar. Ein av dei er forfattaren Sjur Bygd (1889–1985). Han debuterte i 1915 med Fjellfolk, ei samling småforteljingar; seinare gav han ut Holmgang, Valplassen og Luftspeglingar, den siste i 1925. Så kom det ikkje fleire bøker; diktaren overtok heimegarden på Bygd, vart ordførar i Vossestrand 1926-34, og direktør i Vossestrand Sparebank. Men i 1949, 60 år gammal, steig Sjur Bygd på nytt fram som forfattar, med den store romanen I hamskifte, deretter Draumen, Mot blå berg og novellesamlinga Mannen og natta. Sjur Bygd er ein skarpsynt psykolog som skildrar menneska og naturen.