• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Nesheimstunet, Voss

NESHEIMSTUNET

Ved øvre enden av Lønavatnet ligg garden Nesheim, etter segna eit hovdingsete i vikingtida. Det har vore ein stor og god gard, einbølt og udelt fram til vår tid. Det gamle tunet har ei husrekkje av tre samanbygde hus – eldhus, røykstove og lemstove – og elles dei andre husa som høyrde til på garden. I eldhuset står enno ein røykomn, visstnok den einaste som er att på Voss. Løa, som er bygd i 1797, var i si tid den største i bygda.

Lars Nilsson Nesheim (1792– 1880), ein vidkjend visesongar, var frå denne garden. Nesheimstunet vart overteke av Voss folkemuseum i 1970 og sett i god stand.