• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Dagestadsmuseet, Voss

MAGNUS DAGESTAD

Ein av dei merkelegaste og mest gåverike bygdehandverkarane på Voss var Magnus Dagestad (1865–1957). Han var utdanna på Lars Kinsarvik sin treskjerarskule i Hardanger og arbeidde fleire år som treskjerar i Hardanger og i Bergen, før han i 1902 flytta til Voss i lag med kona, rosemålaren Helena Dagestad.

Opphavleg skar han i gammal romansk stil, men utvikla etter kvart sin eigen variant av drakestilen. Det som vart laga på verkstaden på Voss frå 1902, vart dekorert av Helena, og møblar og andre gjenstandar vart selde over heile landet. Seinare freista han å blanda inn andre stilartar tufta på norsk tradisjon. Frå 1905 til 1912 dreiv han Kunstindustrimuseets treskjerarskule på Voss, og frå 1920 til 1935 var han styrar på Norsk Kunsthandverkskule på Voss. Her utdanna dei kunsthandverkarar frå heile landet.

Magnus Dagestad var også spelemann og skribent, og han teikna hus og møblar. Han var ein sentral person i kulturlivet i bygda fram til sin død. Dagestadmuseet ligg på Gjernes like ovanfor kunsthandverksskulen, om lag to kilometer frå Vossevangen. Her får vi eit nærbilete av kunstnaren.

  • Magnus Dagestad i eitt av dei siste leveåra

Magnus Dagestad

Magnus Dagestad i eitt av dei siste leveåra (frå: Lærum, O. D. (1989) Magnus Dagestad: treskjærar, spelemann og livskunstnar. Oslo.)

  • Lærum, O. D. (1989) Magnus Dagestad: treskjærar, spelemann og livskunstnar. Oslo.