• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

«Tvinden paa Voss». Teikning frå 1870

«Tvinden paa Voss». Teikning frå 1870 (Voss Triade, eigar: Riksantikvaren (Ark nr. B280)).

Etter innføringa av fast postgang i Noreg frå 1647 vart det utpeika postgardar der bonden hadde plikt å føra posten til neste postgard. Garden Tvinne ligg 12 km frå Rogne, neste postgard vestetter, og om lag like langt frå Vinje, neste postgard austetter. På Vinje vart det seinare skysskifte med høve til overnatting for ferdafolk, og frå 1830-åra hotell.

Tvinne ligg ved den storfelde og vakre Tvinnefossen. Ein av Noregs fremste skodespelarar, Lars Tvinde, voks opp her på garden. Ein av hans forfedrar var David Hustvedt; bonde på Hustveit, ein fjellgard på andre sida av dalen, ovanfor garden Gjøstein. David Hustvedt var etter formannskapslovene av 1837 den første ordføraren i Voss herad.

Busetnaden i denne delen av bygda er gammal. På Gjøstein er fleire helleristningar godt synlege frå vegen på andre sida av elva.

  • Gamle postsekkar

Med dei gamle postsekkene i tunet på Tvinne (Marita Aarekol).