• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Vossagran. Mot Istad

Vossagran. Mot Istad. (Svein Nord)

Korleis kom grana til Voss? Fekk frøa eller små granplanter til dømes hjelp av menneske for å koma heilskinna like hit? Det er det ingen som veit.

Botanikarar har stilt desse spørsmåla så lenge ein har kjent til grana. S.C. Sommerfelt skildrar frå sin botaniske ekskursjon til Bergens Stift i 1827: «Ogsaa merkeligt, at her mellem Graven og Vos, er det eneste Sted i Bergens Stift, hvor Granen voxer. At Havvindene er Aarsag heri, er neppe at tvivle.» Sommerfelt held likevel tvilande fram:«men hvorfor groer dog Gran i Throndhjems Stifts Fjorde, lige op i Naumdalen, hvor dog Vindene mangesteds falde ligesaa frit ind fra det aabne Hav som i mange av Bergens Stifts Fjorde?»

Den naturlege granskogen på Voss er kjend for å vera den største på Vestlandet. Hovudområdet ligg mellom Skjervet og Palmafossen, omtrent ei mil i luftlinje. Her veks grana godt i liene, spesielt der lendet vender mot nord og nordaust. Det er ikkje vanskeleg å finna høge tre. Eitt av dei har vore freda i mange år. Dei største granene veks i kanten av ein bekk på Istad, der stammene er over 40 meter høge. Det er uvanleg høgt i Noreg. Dei store grantrea er sårbare og blæs lett over ende i sterk vind, ettersom rotsystemet er heller grunt.

Den gode veksten har nok samanheng med den næringsrike jorda på fjellgrunnen av fyllitt. Det er såleis på fyllitten granfrøa spirer og dermed spreier seg lettast. På dei beste veksestadene er det høge staudar og kravstore bregnar i vegetasjonen, gjerne turt og strutsveng. Der forholda er mindre gunstige, veks granskogen mykje seinare. Slike stader er det gjerne meir næringsfattig skogbotn, med blåbær, tytebær og noko røsslyng. To austlege artar i skogen er olavstake og orkidéen knerot.

Den sjølvsådde grana har ei heller kort historie i Noreg etter istida – dei fleste andre heimlege treslaga har mykje lengre fartstid. Alderen på vossegrana var det botanikaren Knut Fægri som påviste i 1949: Pollenanalysar viste at dei første granene kom til Voss på 1200-talet.

Opphavleg spreidde grana seg frå Russland mot vest. Ho nådde Finland for vel 5000 år sidan og Austlands-Noreg for 2000 år sidan. Full stopp i spreiinga mot vest var det då grana nådde fjellområda mellom Austlandet og Vestlandet endå tusen år seinare – med nokre få unntak: Frø som fauk over fjellet frå dalføra på Austlandet, eller kanskje kom over med menneska si hjelp, la truleg grunnlaget for granskogen på Voss og fleire mindre granførekomstar. Frøa spirte der det var størst sjanse for at dei landa, nemleg i overgangen mellom skog og høgfjell. Fleire av dei små sjølvsådde granskogane ligg nemleg høgt opp mot fjellet, både i Hardanger, i Modalen og i Indre Sogn.

Når grana skal spreia seg sjølv kringom på Vestlandet, tek det lang tid, ettersom fjordar og fjell må kryssast. I seinare tid har gran vorte mykje spreidd av menneske – store delar av Vestlandet er i dag tilplanta. Den gode veksten fortel at kystklimaet ikkje er årsaka til at det er så lite naturleg gran i landsdelen. Forklaringa er snarare at dette treslaget ikkje har hatt lang nok tid til spreiinga enno.

  • Førekomstar av naturleg gran i Voss

Førekomstar av naturleg gran i Voss. (Knut Nedkvitne/H.P. Thomter/Eva Bjørseth)

  • Spreiinga av granskogen frå aust mot vest i Skandinavia

Spreiinga av granskogen frå aust mot vest i Skandinavia. Tal: År før notid. (Ulf Hafsten/Dagfinn Moe/Eva Bjørseth)

  • Voss er den einaste staden i Hordaland du kan ha von om å få høyra sporvugla sin plystrande vårsong

Austlandsfuglar

Voss er den einaste staden i Hordaland du kan ha von om å få høyra sporvugla sin plystrande vårsong (biletet). Bestanden er ikkje stor, men stoggar du i skogkanten om kvelden eller ein tidleg morgon i mars eller april, kan du vera heldig. Flaggspetten er òg eit fast innslag på Voss – det har truleg samanheng med den naturlege granskogen. Austpå er dette den vanlegaste hakkespetten, men på Vestlandet er andre artar meir typiske. (Roar Solheim)

  • Fægri, K. 1949. Studies on the Pleistocene of Western Norway. IV. On the immigration of Picea abies (L.) Karst. Bergen Museum Årbok.
  • Nedkvitne, K.; Thomter, H. P. 1953. Forekomstene av naturlig gran innen Voss herad. Tidsskr. for Skogbruk. 61:239–268.