• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Espevær (Bømlo) kring 1915, ved «Biekronå»

Espevær kring 1915, ved «Biekronå». Her låg den eldste handelsstaden (Sev. Kannelønning).

I havet vest av Bømlo ligg Espevær, ein halvtimes rotur over sundet frå Vespestadvågen. Eit velorganisert og velstelt lokalsamfunn, bygt opp på det rike sildefisket i 1850-åra. Det er fiskarane, skipperane og handelsmennene som har prega kulturen i Espevær, med god kontakt sørover mot Haugesund og over Nordsjøen, til Dei britiske øyane.

I 1725 fekk Jon Torkelsen kongeleg privilegiebrev på å driva handel og gjestgjevarstad i Espevær. Når vårsildfisket var slutt for sesongen, kom hollendarane på hamna i Espevær og lasta inn levande hummar. I 1849 kjøpte Hans Jacob Baade frå Stavanger Kjeholmane. Han fylte ut mellom holmane, slik at det vart ein stor holme; Baadeholmen. Han sette opp saltebuer og bygde eit nytt stort handelshus på murane frå det gamle steinnaustet frå 1690-åra. Baadehuset vart ei administrasjonssentrum i det rike sildefisket på midten av 1800-talet. Her vart det telegrafstasjon alt i 1857, sidan Espevær låg så sentralt i vårsildfeltet. I Baadehuset låg doktorsalen, sjefssalen og dommarsalen på rekkje, og på loftet var det losji for fiskarar som låg «flolagde» på golvet i dei store sildeperiodane. Baadehuset er i dag vakkert restaurert av det lokale husmorlaget og er ope for vitjing.

  • Espevær. Baadehuset midt i bildet

«Sørafiskjet»

Ein velstandsmann

  • Hovland K.S. (1967) Fiske på Bømlo i gamle dagar. I: Sunnhordland Årbok. Stord, Sunnhordland museum, s. 37-53.
  • Hovland K.S. (1984) Gamle naust og sjøhus på Bømlo. I: Sunnhordland Årbok. Stord, Sunnhordland museum, s. 77-86.
  • Hovland K.S. (1988) Eit skifte i Espevær 1779-81. I: Sunnhordland Årbok. Stord, Sunnhordland museum, s. 113-134.