• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Vårsildfiske ved Espevær i 1850-åra

Vårsildfiske ved Espevær i 1850-åra. Teikning av G. Stenersen (i privat eige).

DET STORE SILDEEVENTYRET I FØRRE HUNDREÅR

Dette året byrja eventyret ved juletider. Scenen er ei fjordbygd i Sunnhordland, ein vinterdag kring 1850. Vi står og skodar utover sjøen og brått kjem postbåten til syne om odden: «Det var en seksæring med tre mann, de rodde saa de laa langflate henefter toftene. I forenden stod oppreist en stang med en klut eller et stykke lærret, liksom en vimpel. Kursen laa skraas over til postaapneriet. «Syner! Sildesyner!», brølte skomakeren; han kastet plutselig brettet og sprang utenfor i ulltrøyen og fangskinnet.

«Saa tidlig, før jul! Nu faar noen og hver ute i fjorden fart på seg. Nu faar Nedrevaagen greie nøtene sine». Saadan hadde båten med den merkelige stang i forskotten nu de siste to og et halvt døgn vakt liv og røre paa alle steder innover fjorden. På gaarder og plasser kom folk ut av husene og stod og kiket med haanden over øynene efter den. Det var ingen tvil. Syner! Sildesyner!».

Eit par veker seinare. Vi har flytta oss utover mot havkanten og får storhavet mot æsinga – svære, vintergråe dønningar. Ferda går sørover Sletto. Frå landsida høyrest den evige larmen frå brotet. Til havs ligg utskjera, med stor svart skarv, som sit på rekkje og tørkar vengjene.

«Jo lenger man kom ned imot Røvær, desto tettere ble baatstimen; det gikk med aarer under seilene – alle hadde hast. Skikkelser i skinnhyre steg opp paa toften og ropte over til hverandre om silden og sildesyner, om hvor og hvormange mil av land silden stod, om hvor innsiget nu ventes. Navn som Fejø, Veavaag, Ferkindstadøerne, Brandesund, Stolmen og Utsire suset i luften i alle bygdedialekter mellem Stavanger og Bergen. Larmen av de tusen aaretoller tiltok, eftersom man nærmet sig været hvor allmuen laa og ventet paa sildeinnsiget. Støyen ble bedøvende, farten steg, baatene kappes under aarerne ­ det gjaldt at komme først til fortøyningsplassene, først til at sikre seg nattelosji i stuene iland».

Idet den korte vinterdagen skumrar, ror vi inn på hamna i Røvær. Her er ein skog av små og større mastrer. Langs stranda ligg båtane tett i tett. Dei større ligg for dregg, dei mindre er dregne opp i fjøra.

I dagane som følgjer, blir sildeværet der ute støtt fullare av fiskebåtar og av førings- og oppkjøpsfartøy, «alt skvulpende og plaskende og vuggende mellom hinannen i vete og urolig graa sjø, saa tett at man mangesteds paa havnen gikk over baater og fartøy som en bro».

Og kvar gong det letnar litt i disen frå sydvestbygene, står alle holmar fulle av folk, som ser etter sildesyner. Dei skodar utover – blygrått hav, regngrå himmel, blankskura utskjer. Alle ventar på silda.

Sildeår og svartår

Skildringa er henta frå romanen Gaa paa, av Jonas Lie. I boka manar forfattaren fram eit fascinerande bilete av den årlege storhendinga på Sørvestlandet i førre hundreår – vårsildfisket. Ved nyttårstid kvar vinter samla tusenvis av menneske seg – for i nokre hektiske veker å hausta av sildeberget som støytte under land.

På den tid handlinga i romanen utspela seg, opplevde Sørvestlandet ein av dei store sildebolkane. Men slik hadde det ikkje alltid vore. Silda har støtt vore ein uviss gjest. Kjeldene fortel om sildeår og svartår – eller rettare sildebolkar og svartbolkar. I periodar på 60-70 år kunne silda vera temmeleg årviss under kysten, for så å koma radt bort. I ein mannsalder eller så var havet svart. Så brått ein vinter synte silda seg under kysten att, og då visste folk at no gjekk dei ei rik tid i møte.

Vi kjenner fleire slike sildebolkar dei siste hundreåra. Gjennom det meste av 1700-talet støytte silda årvisst under land på Vestlandet. I 1784 var det slutt. I mange år framover var silda borte frå kystane våre. Men vinteren 1808 kom ho att. Dette var i dei harde naudsåra under napoleonskrigane, og folk trudde at silda var send av høgare makter.

Vårsildbolken 1808-1870

Frå 1808 og fram til 1870 var den gytemogne vintersilda, eller vårsilda som dei sa, årviss på Sørvestlandet. Særleg i mannsalderen kring 1850 var det eit rikt fiske. Storparten av fangstane vart tekne i det såkalla Søndre distrikt, eller Sørafeltet; kyststrekningen i Ryfylke og Sunnhordland. I åra kring 1860 vart ein stadig større del av vårsilda fanga i Nordre distrikt, eller Norafeltet; frå Sognesjøen i sør til Stadlandet i nord.

For folk frå Hordalandsbygdene hadde vårsildfisket på Sørafeltet mest å seia; «sørafiskje», som dei sa i Hardanger. Innsiget skifte frå år til år. Stundom kom hovudtyngda sørpå, andre gonger lenger nord. I dei rike sildeåra kring 1850 støytte silda under land i byrjinga av januar, først ved Kvitsøy-Skudenes. Deretter trekte sildetyngda opp langs kysten, forbi Røvær og Haugesund, og vidare over Sletto og Bømlafjorden til Espevær. Då var det gjerne gått 5-6 veker sidan førsteinnsiget ved Skudenes. Deretter seig silda vidare nordover langs vestsida av Bømlo, forbi Geitung, Hiskjo og Brandasund, der fisket ebba ut i mars månad ein gong.

Mot slutten av 1850-åra tok dette mønsteret så smått til å endrast. Innsiget kom seinare, samstundes som sildetyngda veksla meir frå det eine året til det andre. Desse tendensane vart meir tydelege utover i 1860-åra, samstundes som fleire nye og urovekkjande teikn kom til syne. Den gamle redsla tok til å gripa fiskarane. Var vårsilda i ferd med å forsvinna?

Det gjekk som folk frykta. I 1870 slo det eigentlege vårsildfisket feil. Fangstane vart ytterlegare reduserte utover i 1870-åra. Botnen var nådd i 1874, med berre 3 000 tønner, mot 600 000 tønner i rekordåret 1868. Vårsildfisket på Sørafeltet var forbi.

Arbeidsvandring

Det rike og stabile sørafisket skapte grunnlag for ei omfattande arbeidsvandring eller sesongpendling. Ved nyttårstider kvart år drog tusenvis av karfolk til havs. Det gjekk mest som eit folkesig ned dalane og ut fjordane, til fiskefelta ved havkanten. Liksom sildeinnsiget kunne variera frå år til år, slik skifte også folkestraumen frå det eine året til det andre. Berre dei færraste følgde silda langs heile kyststrekningen. Somme, særleg folk frå Rogaland og lenger sør, kunne møta silda ved Skudenes og Utsira og følgja etter opp mot Bokn og Karmsundet. Andre, særleg folk frå hordalandsbygdene, møtte opp i Røvær og var med framom Espevær til Brandasund eller lenger nord. Dei mest profesjonelle kunne følgja silda like frå ho støytte under land i januar, til ho stakk til havs att, 8-10 veker seinare.

Vi veit ikkje sikkert kor mange som deltok i sørafisket i dei rike åra kring 1850. Fyrdirektør Arntzen, som overvaka fisket i 1849, meiner at det alt i alt må ha vore 40 000 menneske som jaga etter silda den vinteren; fiskarar, ganarar, saltarar og mannskap på sildeførande fartøy.

Mangt eit bygdelag, både i Rogaland og i Hordaland og vidare med, var som tømde for karfolk vintermånadene. Frå Hardanger heiter det at folk tykte det mest var ei skam om ein helsig, arbeidsfør mann gav seg til heime i fisketida. Det var som han fekk eit mindremannsmerke på seg.

"En guldgrube for nationen"

I femårsmeldinga 1831-35 skriv amtmannen i Søndre Bergenhus at vårsilda er blitt ei sann rikdomskjelde for amtet (fylket). «Mangfoldige mennesker er blevne beskjeftigede, ei alene ved at fange og salte silden, men tillige ved at bygge, dels til eget brug og dels til salg, større og mindre fartøier til fiskeriets drift; ved at forfærdige staver og baand til tønder, kastetoug, garn og andre fiskeredskaber, samt ved at føre den fangede sild til Bergen og Stavanger, samt til de indre dele av amtet til forhandling».

Vårsildfisket fekk enno meir å seia utover i 1840- og 50-åra. Fangstane kunne koma opp i 5-600 000 tønner sild i året, og aktiviteten gav rom for mangfaldige tusen arbeidsvillige hender, anten direkte i fisket eller gjennom dei ulike ringverknadene fisket skapte. I tillegg kom sildeeksporten. Utover på 1800-talet vart ein stadig større del av fangstane salta og eksportert, hovudsakleg til austersjølanda, og sildeutførsla sysselsette ein omfattande utanriksflåte. Vårsildfisket på Vestlandet var i sanning «en guldgrube for nationen», som det heiter i «Norges statistik» frå 1848.

Arbeidsdeling

Det rike vårsildfisket kom på avgjerande måte til å farga det vestnorske landskapet, både økonomisk, sosialt og kulturelt. Vi kan faktisk snakka om ein sildekultur, som strekte seg frå dei ytste havskjera og like opp mot Hardangervidda.

Bygdelaga tilpassa seg riksdomskjelda på ulike måtar; gjennom fiske, gjennom bøkring og båtbygging, og gjennom sildeføring og sildehandel. Med visse atterhald kan vi seia at denne tredelinga svarar til dei ytre, midtre og indre bygdene i fylket.

Frå prestegjelda langs havkanten deltok karfolka i hovudsak som fiskarar. I dei midtre prestegjelda synest ringverknadene å ha gjort seg sterkare gjeldande; bøkring og bandasmiing, båtbygging og fartøybygging. Frå desse bygdene kom det også mykje bork til barking av garn, nøter og tauverk. I dei indre prestegjelda finn vi storparten av fartøyfolka; dei som dreiv med sildeføring, sildesalting og sildehandel.

Røyndommen var sjølvsagt ikkje så skjematisk som dette. Somme havfolk dreiv sildesegling, og mang ein fjordbu balte med garn eller not. I Strandebarm fanst det både fiskarar, båtbyggjarar og fraktekarar. Bråe overgangar let seg neppe påvisa; tilpassingsformene overlappa kvarandre. Grovt sett gjev likevel denne tredelinga ein nøkkel til å forstå nokre grunnleggjande utviklingstrekk i fylket vårt ut gjennom førre hundreår.

I det følgjande skal vi sjå på nokre verknader av dei ulike tilpassingsformene.

Kystbygdene

Landskapet langs havkanten er som eit grått rike, nake og karrig. Men stundom kan blikket bli hengjande ved ei grøn klove i alt det grå ­ mest som eit kvart å kvila augo på. Kan henda opnar klova seg til eit dalsøkk, med litt matjord og nokre små gardsbruk – ein oase i den småkuperte steinørkenen. Du undrar deg kanskje over at folk kunne slå seg til her ute. Korleis fann dei levemåten?

Menneska i samtida tenkte neppe slik. Mange må tvert om ha funne at havbygdene gav gode livsvilkår. Dei ytre bygdene opplevde nemleg ein sterk folkevekst utover på første halvpart av 1800-talet, sterkare enn i fylket elles. Veksten hadde nær samanheng med det blømande vårsildfisket.

I havbygdene vart dei nye menneska i mindre grad leidd ned i lågare sosiale lag, slik tilfellet var i mange norske bygder utover på 1800-talet. Problemet med å finna livsgrunnlag vart i større mon løyst gjennom ei oppdeling av gardane. Gjennom kombinasjonen jordbruk-fiske fann dei nye menneska ei utkomme.

Desse utviklingstrekka hadde klåre sosiale konsekvensar. Jordeigedomane, som i eldre tid var det viktigaste grunnlaget for standskjensle og sosial status, vart fordelte på mange hender. Fisket i seg sjølv må også ha verka sosialt utjamnande; fiskelukka kjenner ingen rangskilnad. Liksom lendet ute ved havkanten er utan dei store kontrastane, slik må også det sosiale landskapet ha vore.

Denne utviklinga skapte spesifikke kulturdrag. Typisk er den sterke lekmannsrørsla og dei mange bedehusa som voks fram i det vestnorske kystbeltet utover på 1800-talet. Rørsla ville neppe hatt same vekstvilkår i meir lagdelte samfunn. Kystbygdene var elles prega av mobilitet og forandring, tilhøve som gjerne skaper kulturelle tomrom, og som dermed gjev gode vilkår for åndelege rørsler.

Fjordbygdene

Det grå riket ligg bak oss, og landskapet vert gradvis mildare. Fjella held seg i bakgrunnen og gjev furuskogen høve til å breia seg. Og her ligg nok grunnlaget for måten desse bygdene tilpassa seg silderikdomen. Fisket skapte stor etterspurnad etter tønner, båtar, fartøy – produkt som kravde god tilgang på skog, særleg furuskog. Bandasmiding og tønnearbeid, båtbygging og fartøybygging er karakteristiske drag ved næringsstrukturen i dei midtre bygdene utover på 1800-talet.

Vårsildfisket og ringverknadene dette skapte, gav grunnlag for ein monaleg folkevekst også i dei midtre bygdene. Men her fekk ikkje dei nye menneska del i jorda i så sterk grad som i dei ytre bygdene. Folkeauken vart i større mon leia inn i lågare sosiale lag. I Strandebarm vart talet på husmenn femdobla utover på første halvpart av 1800-talet. Men dette er ikkje så mykje det fattigslege småkårsfolket som vi kan lesa om i bonderomanane. Det er tvert om eit tiltaksrikt folkeferd – dei smir band og arbeider tønner, dei byggjer båtar og fartøy, dei dreg på vårsildfiske og på langfart, både til Nord-Noreg og til austersjølanda.

Den hektiske aktiviteten som vårsildfisket og sjøfarten skapte, sette sitt preg på menneska. Hans E. Kinck har gjeve ei råkande skildring av mentaliteten i ei slik vestlandsk fjordbygd. I barneåra budde han i Setesdal – eit stykke levande mellomalder. I 1875, då Hans var ti år gammal, flytta Kinckfamilien til Strandebarm, der faren tok over som distriktslækjar. Kontrasten til Setesdal var slåande. I Strandebarm møtte Kinck den moderne røyndommen i ei utovervend vestlansk fjordbygd. Her var ikkje bøndene berre bønder, men sjømenn, fiskarar, båtbyggjarar. Møtet med Strandebarm var som å bli riven ut or ein draum. «Folkets gløgghet og sjøsalte rationalisme, tungerappheten, språkets heftige rytme. Jeg var kommet fra balladens dal til rationalismens hjemstavn – fra den indelukkede lumre mystik til dagklart levesett og vilje. Alt virket som en kraftig lusing».

Dei indre bygdene

Fjorden blir trongare og liene brattare; fjella luter seg meir framover. Her er ikkje rom for skogbeltet mellom fjorden og fjellet, slik vi såg det lenger ute. Somme stader vert den grøne jordstripa langs fjorden broten av hamralag og flogfjell, som stengjer for all ferdsle.

Her er lite vyrke til båt- og fartøybygging. Derimot låg tilhøva godt til rette for fraktefart. Fjorden er lang og ferdsla til lands møtte mange stengsler. Det gjekk eigentleg berre ein veg ut or desse bygdene – ut fjorden (og så til fjells, sjølvsagt). Kanskje slike naturgjevne særtrekk er med på å forklåra kvifor fartøybruk tidleg fekk så sterkt fotfeste i dei indre bygdene.

Då vårsildfisket tok seg opp i byrjinga av førre hundreår, tilpassa folk i dei indre bygdene seg snøgt fisket som fraktekarar. Dei møtte opp i fiskeværa med høvelege fartøy og førte sild til salteria. Somme gjekk i leigefart for bykjøpmenn, andre kjøpte opp fersksild og selde att til salteria. Dei mest framtøkne kunne driva oppkjøp og salting for eiga rekning. Jamvel eksporten kunne gå på eigen kjøl, til Riga, Stettin og andre austersjøbyar. Returfrakta var gjerne rug, som dei selde ut att i smått i heimbygda. Slik kunne bygdeungom slå seg opp til framtøkne og sjølvtrygge handelsmenn, og ikkje sjeldan flytte dei til den unge sildebyen; Haugesund.

Den omfattande fraktefarten drog mykje klingande mynt til bygdene. Det er nok ikkje tilfeldig at dei første sparebankane kom i dei typiske fartøybygdene. Observatørane i samtida synest også å meina at velstanden jamt over var størst i dei indre bygdene i fylket.

Dette materielle overskotet må ha hatt klåre kulturelle konsekvensar. Det synest som om dei indre fjordbygdene snøgt greip det nye i tida. Nye reiskapar, nye skikkar og nye veremåtar fekk først fotfeste i dei indre bygdene, for sidan å spreia seg utover fjordane. Men samstundes hadde – og har – desse bygdene ein sterk sans for den gamle kulturarven. Dei hadde det økonomiske overskotet som er naudsynt for å utvikla slike haldningar.

Nordlandsfarten

Då vårsilda tok til å svikta i 1860-åra, rådde fartøybygdene i Hardanger og Sunnhordland over ein svær flåte, som dei sette inn i fiskeria nordover kysten: storsildfisket, feitsildfisket, skreifisket i Lofoten og vårtorskefisket i Finnmark. I åra fram mot 1880 skapte oppkjøpsturane til Nord-Noreg eventyrlege tider for desse bygdene. Det går soger om folk som makta å betala ned eit nytt fartøy med ein nordlandstur.

Utover i 1880-åra tok Nord-Noreg-ferdene til å gje tap. Mange fartøyeigarar kom radt på knea og laut selja. Tapa heldt fram utover i 1890-åra, og det gjekk mykje godt ut med fraktefarten i Indre Hardanger. Mange av jaktene vart selde utover fjorden, m.a. til Jondal og Tysnes, som i åra framover mot første verdskrig dreiv ein omfattande nordlandsfart. I dei gamle fartøybygdene vende folk seg sterkare mot jorda. I Indre Hardanger vart fruktdyrking det nye satsingsområdet.

I vår tid

Idet det nye hundreåret rann, kom silda tilbake. I åra fram mot 1960 skulle Vestlandet på ny få oppleva ein rik sildebolk. Men silda kom langtfrå til å spela same rolle som i førre hundreår. Den nye sildebolken sysselsette stort sett berre folk i havbygdene, og i delar av dei midtre bygdene.

Vintersildbolken ca. 1900-1960 gjorde visseleg sitt til at trekk ved det gamle næringsmønsteret frå førre hundreår kom til å halda seg langt opp mot vår tid. Men i dag er biletet i sterk endring. Omskiftet er størst i dei ytre bygdene. Den økonomiske ekspansjonen dei siste 10-15 åra har hovudsakleg skjedd i desse tidlegare så fattigslege kystbygdene. Den tradisjonelle kystfiskaren er ein utdøyande rase. Olje, havbruk og kommersielt fiske har teke over og er i ferd med å omskapa desse samfunna.

I dei midtre bygdene kan ein framleis finna restar av den gamle næringstilpassinga, men i nye former. I den vesle bygda Boga i Fusa kommune utvikla bøkringa seg til småindustri, og framleis er det fleire som driv dette. Men det er ikkje sildetønner dei lagar lenger. No er det pyntegjenstandar i form av småtønner: åttringar og fjerdingar, eller impregnerte stampar til hagebruk.

I Os og i Strandebarm er det framleis nokre som byggjer trebåtar. Men båtane skal ikkje på fiske. Du møter dei helst på vakre sommardagar, til dømes i Oslofjorden. Fjellstrand på Oma driv enno med fartøybygging, men no i aluminium og stål. Snøggbåtar og supplybåtar har avløyst dei staselege jaktene og galeasane som tidlegare vart bygde på fartøyvervar langs heile Hardangerfjorden.

I dei indre bygdene er det ikkje mykje som minner om den gamle sjøfarten og sildekulturen. Tidene skifter. Desse bygdene, som i førre hundreår vart rekna for dei mest velståande i fylket, ligg i dag i ei slags økonomisk bakevje. GATT-forhandlingane legg ein dempar på fruktdyrkarane, og dei smale jordstripene langs fjorden synest det heller ikkje særleg framtid i. Somme set si lit til Hardangerbru, andre snakkar om gardsturisme og ei sterkare utnytting av Hardangervidda.

Det er vanskeleg å spå om framtida, som det heiter. Men at silda på nytt skal skapa ein gullalder i desse bygdene – det er meir enn tvilsamt.

Suggevågen, Røvær 1909

Suggevågen, Røvær 1909. Når så mange fiskarar var samla, vart det trongt om plassen. Folk låg «flolagde» på golvet i losjihusa. «Vi lå i halm på gulvet, 25 mann på et rum (4x5m), så tettpakket at det var vanskelig å få opp døren. Luften ble deretter. I stille vær hendte det at det var umulig å få tendt lampen om morgenen før døren kom opp.» (Johs. Tvedt 1899) (foto: ukjent, eigar: Riksarkivet (Havnedirektoratets arkiv)).

Landnotfiske ved Tælavåg i Sund

Landnotfiske ved Tælavåg i Sund slik Losting har gjeve det att i eit fargelagt litografi frå 1840-åra (usignert litografi, sannsynlegvis Losting. Eigar: Universitetsmuseet i Bergen (B 5421)).

Garnfiskarar i arbeid på fiskefeltet

Garnfiskarar i arbeid på fiskefeltet. Spekkhoggarane, eller staurkvalen, følgde etter sildeåta og var eit vanleg syn på feltet dei vintrane det stod lite sild under land. Når staurkvalen var sjeldnare å sjå, tok fiskarane det som eit teikn på at silda snart ville venda tilbake. Teikning frå 1880-åra av L. Haaland (i privat eige).

Engevikhavn i Fusa
Under sildefisket var det eit yrande liv på handelsstaden Engevikhavn i Fusa: sildesaltarar, ganejenter, fraktekarar og oppkjøparar. Dette biletet er frå 1894 (Th. Selmer, eigar Billedsamlingen, Universitetsbiblioteket i Bergen (Bs 5430/3a)).
«Ganepige»

«Ganepige» har fotografen kalla dette motivet frå Espevær vinteren 1863. Ganejentene hadde eit viktig arbeid under sildesaltinga (Marcus Selmer, eigar: Universitetsmuseet i Bergen (Rep. neg. 5099)).

 

«Havets sølv
«Havets sølv» er ein treffande karakteristikk av silda i dei åra ein kunne ausa or rikdomane langs kysten. Mange fjellbønder kom ut til havet for å få del både i rikdomen og i den næringsrike føda. Biletet er frå storsildfisket ved Fedje i 1930-åra (Atelièr K.K., eigar Billedsamlingen, Universitetsbiblioteket i Bergen (3246)).
Sjøbua i Trellevik i Sund

Sjøbua i Trellevik i Sund er full av utstyr og gamle reiskapar. Ei tid høyrde denne store og velbygde bua til handelsmannen i Glesvær (Svein Nord).

  • Boeck, A. (1871) Om Silden og Sildefiskerierne: navnlig om det norske Vaarsildfiske, 1, Indberetning til den kgl. norske Regjerings Departement for det Indre om foretagne praktisk-videnskabelige Undersøgelser. Christiania, B. M. Bentzen.
  • Djupevåg, N. (1944) På fiske i sytti år. Stord.
  • Fasting, K. (1960) Vintersild-soga: sild og samfunn gjennom hundre år. Sild og samfunn, nr. 1. Bergen, Noregs sildesalslag.
  • Løberg, O. N. (1864) Norges Fiskerier. Kristiania, Bentzens Bogtrykkeri.
  • Sjurseth, K., Weibust, K. & Wigum, S. (1961) Fiskarsoga for Hordaland. Bergen, Hordaland fiskarlag.
  • Solhaug, T. (1976) De norske fiskeriers historie 1815-1880. Bergen, Universitetsforlaget.
  • Sundt, E. (1976) På havet. Verker i utvalg, nr. 7. Oslo, Gyldendal.
  • Vollan, O. (1971) Sildefisket gjennom tusen år. Norsk kulturarv, nr. 8. Oslo, Samlaget.