• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Ærfuglen, ein av våre hekkefuglar, har auka sterkt på Hordalandskysten dei siste 10–15 åra

Over tid kan det skje store endringar i dyrelivet i eit område, utan at vi alltid lett kan forklara kvifor. Ærfuglen (i sjøen på biletet), ein av våre hekkefuglar, har auka sterkt på Hordalandskysten dei siste 10–15 åra. Som ei følgje av det er ærfuglen no i ferd med å spreia seg innover i fjordar og fjordarmar der arten tidlegare har vore mest heilt ukjend. Vinterbestanden av storskarv (på holmen), som lenge berre har hatt hekkeområde frå Helgeland og nordover, har ikkje vakse på same vis. Nyetablerte hekkekoloniar i Østfold og på Jæren kan medverka til at arten med tida vil verta meir talrik langs våre kystar. Frå skjergarden i Nordhordland. (Ingvar Grastveit)

KORLEIS DYRELIVET I HORDALAND HAR ENDRA SEG DET SISTE HUNDREÅRET

Naturen er aldri i stillstand – ein uvanleg kort sommar på fjellet eller ein hard vinter kan slå ut store delar av ein dyregenerasjon eller to. Det kan derfor vera store variasjonar i ulike bestandar frå år til år. Naturen er godt tilpassa slike endringar; dei mest utsette artane produserer gjerne store ungekull. Menneskeskapte naturinngrep er det verre å bøta på. Jamvel gamle årstidsmerke står for fall. «Når ein høyrer gauken gala i mai, kan lubbesilda etast,» heitte det. Heilt slik er det ikkje lenger: Gauken er no mindre og mindre vanleg å høyra i Hordaland.

Ein liten dyrekropp har stor overflate i høve til den samla kroppsmassen og vil ha eit enormt varmetap i kalde og lange vinternetter. Fuglekongen, som veg berre om lag 5 gram, er særleg utsett for kulde, og kan frysa i hel i hopetal. Livet er minst like utrygt for dei som dreg til varmare land om vinteren. Låvesvalene frå Hordaland må flyga 10 000 kilometer når dei tek kortaste vegen til vinterkvarteret i Sør-Afrika. Eit låvesvalepar produserer som regel to ungekull med til saman 8–10 ungar medan dei oppheld seg i Hordaland. Om gjennomsnittleg to av kvar familie returnerer neste vår, er det nok til at bestanden held seg stabil. Avgangen er altså vanlegvis enorm, men det store ungetalet skulle gjera det mogleg å raskt kompensera for dramatiske og uvanlege påkjenningar. Når låvesvalene likevel er i tilbakegang i Hordaland, har det mellom anna samanheng med insektgiftene dei får i seg om vinteren.

Arealkrevjande hordalendingar

Mange fuglebestandar i Hordaland har gått til dels kraftig tilbake over tid. Dette er langt meir ottefullt enn kortsiktige variasjonar. Noreg har eit busetjingsmønster som gjer at store delar av landet er prega av menneskeleg aktivitet. Landet har mindre samanhengande villmarksnatur att enn vi gjerne likar å tru. Dyrevern var nok ein viktig premiss for oppretting av større naturparkar, som Hardangervidda, men med unntak av nokre små naturreservat er ikkje omsynet til viltet det primære siktemålet når ein vernar natur i Hordaland.

Kraftlinene er eitt av dei største og mest problematiske naturinngrepa. På landsbasis døyr fleire millionar fuglar årleg som eit resultat av kollisjon med høgspentliner. Mest utsette er store og tunge fuglar som ikkje er særleg smidige i lufta – som songsvaner, ryper, orrfugl, storfugl og lom. Dei mindre, uisolerte kraftlinene gjennom lynghei og skogsområde har dessutan kosta mang ein hubro livet. Då er det ikkje kollisjon som er hovudproblemet, men straumoverslaga når hubroen nyttar linene som sitjeplassar.

Rovvilt – eit liv på nåde

Statistikkane for utbetalt skotpremie frå tidleg på 1900-talet viser tydeleg korleis dyrelivet i Hordaland har endra seg dei siste generasjonane. Det var andre tider og andre lover den gongen, og framfor alt ei heilt anna oppfatning av samanhengane i naturen. Rovdyr, rovfugl og ugler vart rekna som skadedyr. Kom ein til lensmannen med prov på at ein hadde felt eit slikt dyr, vanka det gjerne premie. Det ville vera heilt uråd å fella tilsvarande mengder med rovvilt i dag. Ikkje berre er det ulovleg, det finst rett og slett ikkje så mykje rovvilt i naturen lenger. Talet på rovvilt er oftast ein funksjon av tilgangen på aktuelle byttedyr. Med unntak av øyane er haren utbreidd over det meste av Hordaland, om enn sjeldan i store, lokale bestandar. Det ville nok vore tettare mellom kongeørnpara dersom haren hadde vore meir talrik. I dag hekkar om lag 35 par kongeørn i Hordaland. Plottar vi reira på eit kart, vil vi sjå at dei er temmeleg jamt fordelte. Kongeørna lever av mange andre byttedyr enn hare, men utbreiingsmønsteret fortel at det truleg ikkje er nok eigna mat til ein større bestand av arten i dag. Om det har vore vesentleg meir hare i fylket tidlegare, er uvisst.

Havørna har ikkje tilsvarande næringsproblem. Vi skal likevel ikkje langt tilbake i tid før denne arten verkeleg var i vanskar. Folk meinte at havørna like godt tok gardskatten som bufe, gjerne samstundes. Drapslysta var deretter. Den intensive ørnejakta gjorde at arten mest ikkje hekka i Hordaland i det heile i 1960-åra og tidleg i 1970- åra. Etter at det har vorte veldokumentert at havørna ikkje er noko problem for husdyr på beite, har haldninga endra seg til det positive. Sidan ho vart totalfreda i 1968, har havørna reetablert seg i mange av dei opphavlege reirområda. I dag hekkar kanskje kring 70 par i Hordaland, og bestanden veks framleis. Rovfuglane har fått nåde til å leva i Hordaland, i motsetning til rovdyr som ulv, bjørn og jerv.

Vinterfôring kan hjelpa

Slett ikkje alle viltartane i Hordaland er i tilbakegang. Somme er endåtil i sterk framgang. Særleg gjeld det artar som er i stand til å tilpassa seg menneskeskapte nærmiljø, slik som grønfinken. Etter at det vart vanleg å fôra fuglane om vinteren med solsikkefrø, har bestanden av grønfink teke seg sterkt opp. Vinterfôring er nok også ein grunn til at svarttrasta i aukande grad overvintrar i kyststroka i Hordaland, i staden for å utsetja seg for ein krevjande flygetur over Nordsjøen vår og haust. Klippedua har ei mykje eldre tilpassingshistorie. Ein gong hekka ho i bergvegger ute på kysten – sikkert også i Hordaland – men vert i dag rekna som utdøydd, viltlevande fugl her til lands. Klippedua er den ville stamforma til tamduene, og forvilla tamduer finst det mange av i Bergen og andre tettstader i fylket. Dei plasserer reira sine på gesimsar og gamle loft, det næraste ein kjem bergvegger i bystrok. Mange byduer er ikkje råd å skilja sikkert frå viltlevande klippeduer. Dersom klippedua skulle koma tilbake til Noreg frå austkysten av Storbritannia, der dei næraste hekkeplassane finst, ville det ikkje vera råd å stadfesta dette.

Andefuglar i framgang

I 1961 vart berre 11 songsvaner registrerte i Hordaland, og så seint som kring 1980 var det mest eit særsyn å sjå ei songsvane om vinteren mange stader. Bestanden har utvikla seg svært på dei få åra som har gått etter dette. Ei teljing i 1999 viste 332 overvintrande songsvaner, ein auke på 160 % sidan den førre teljinga, i 1988. Heile 60–70 % av bestanden er å finna i vassdrag eller ved lokalitetar som er verna ved lov.

Også andre våtmarksfuglar synest å ha hatt ein viss framgang i Hordaland. Toppanda er i dag ein relativt utbreidd, om enn ikkje talrik hekkefugl i våtmarkene våre. Dette har stort sett utvikla seg over dei tre siste tiåra. Status for kvinanda tidleg på 1900-talet er ikkje spesielt godt dokumentert hjå oss, men det finst skriftlege kjelder frå denne tida der arten ikkje eingong er nemnd i artslistene. I dei same områda er kvinanda ein heilt regelbunden og vanleg vintergjest i dag.

Det siste tiåret eller så har vi sett ein sterk auke i bestanden av ærfugl på den ytre kysten i Hordaland. På midten av 1980-talet rekna ein med at hekkebestanden i fylket var på 2000–3000 par, medan tilsvarande estimat i dag er oppunder 10 000. Det er ikkje overraskande at ærfuglen trivst i Hordaland, for mat skulle det ikkje skorta på. Det overraskande er at framgangen ikkje har kome tidlegare, ettersom arten har vore totalfreda i heile landet sidan 1951, då bestanden var langt nede etter krigsåra. Det kan vera potensial for vidare vekst i denne bestanden.

Ærfuglen lever av blåskjel og andre muslingar, små sjøstjerner og kanskje også noko silderogn innimellom. Sjøfugl med ein slik matsetel greier seg for tida bra på vestlandskysten. Mange sjøfuglar er likevel avhengige av småfisk, og dei slit hardt no. Næringssvikt er den mest nærliggjande årsaka til dette. Tjuvjoen har mest slutta å hekka i Hordaland, bestanden av teist er redusert til eit særs lågt nivå. Også bestanden av sildemåse og fiskemåse på kysten er langt mindre enn for eit par tiår sidan.

Dramatisk for ternene

Mest dramatisk er likevel tilbakegangen for makrellterna og raudnebbterna. Truleg har dette fleire årsaker. Ei av dei kan vera algebløminga i fjordane våre om våren og sommaren. Somme år er dei fleste fjordane – stundom også kystvatnet – farga turkis av store mengder kiselalgar. Algane er ikkje giftige, men siktdjupna i sjøen vert sterkt redusert, og fisken trekkjer seg unna når dei blømer. Dermed vert det vanskeleg for ternene å finna nok mat. Denne algeveksten er eit resultat av høg solinnstråling om våren, kombinert med tilførsle av ferskvatn til sjøen. Ettersom vi har hatt mange tidlege vårar i det siste, og mange store kraftutbyggingar som har endra ferskvassregimet i fleire større fjordsystem, er det gjerne rett at massebløming av kiselalgar er meir utbreidd no enn før. I så fall kan det vera eit spørsmål om kort tid før ternene er å rekna som truga på Vestlandet.

Med oppunder 6500 øyar, holmar og skjer og mange grunne, straumrike sund skulle ein tru at Hordalandskysten måtte vera eit eldorado for sjøfugl. Det er ikkje tilfellet, ikkje i dag. Det var gjerne eit eldorado den gongen store sildeinnsig var eit sesongvisst fenomen, og brislingen velta seg i fjordane. Sjølv om det framleis kan vera godt med fisk å få, er ikkje dette alltid fiskeslag som fuglar og sjøpattedyr har sjanse til å fanga. Rekna i biomasse er det samla sett mindre sjøfugl på heile vestlandskysten vinterstid enn all laksen i eitt einaste matfiskanlegg!

Invasjonar

Invasjonar og kortvarige masseførekomstar er ein viktig del av naturen. Vi ser det ofte i Hordaland, til dømes når store mengder flaggspett, nøttekråke, gråsisik eller krossnebb kjem til oss. Det skjer i år når frøhausten for viktige treslag har svikta i områda der desse artane helst held seg. Slett ikkje alltid er det meir mat å finna her, og då er det neppe mange som greier seg. At mange tusen gråtraster overvintra i Hordaland i 1995/96, var derimot eit utslag av at det dette året var ekstremt mykje rognebær. Mange fuglar lét difor vera å trekkja over Nordsjøen. Fugleinvasjonar er oftast eit forbigåande fenomen, men det hender at dei får meir langsiktig effekt. Vinteren 1977/78 vart Vestlandet invadert av store mengder nøtteskrike frå aust. Ein del av desse fuglane etablerte seg i furuskogane i Hordaland, og det i slik grad at denne fargerike fuglen i dag er godt representert her vestpå, der tilhøva ligg til rette for det.

Det er interessant å følgja med dyrelivet. Faktisk er det også viktig, for utviklinga i mange dyrebestandar kan fortelja oss mykje om korleis tilstanden i naturen vitterleg er. Fuglar og dyr reagerer tidleg og dramatisk på miljøendringar. Ved å følgja med og forstå samanhengane kan vi vera betre budde på å møta viktige miljøutfordringar før situasjonen kanskje utviklar seg til eit endå større problem, også for oss.

Farleg feitt i Afrika

Vil vi ta vare på fuglesongen, må vi verna om leveområda til fuglane her heime. Det er likevel ikkje alltid nok. Dei fuglane som har gått sterkast tilbake på Vestlandet, er insektspesialistar som må dra til Afrika om vinteren. Somme av «våre» fuglar dreg langt sør for Sahara.

 

Store område i det sørlege Afrika har i aukande grad vore råka av tørke. Dette resulterer i låg insektproduksjon. I tillegg er sprøytemiddel som er forbodne i vår del av verda, mykje i bruk i landbruket. DDT vert såleis framleis nytta for å gjera ende på malariamygg. Fuglar kan tola slike kjemikal i svært avgrensa grad. Sjølv om dei overlever og greier seg i vinterkvarteret, får det farlege konsekvensar at gifta vert lagra i feittvevet deira. Feitt er nista når fuglane tek fatt på den lange vegen til Europa om våren. Ein liten fugl med gift i feittet har svært små sjansar til å nå tilbake til hekkeplassen. Hjå oss gjeld det mellom anna velkjende artar som låvesvale, taksvale, gråflugesnappar, lauvsongar, gulsongar og steinskvett. Alle desse artane har vist tilbakegang i Hordaland sidan midten av 1980-talet.

 

Natt til 17. februar 2000 døydde minst 20 000 taksvaler (kanskje mange fleire) i Vivo–Waaterpoort-området i Sør-Afrika. Svalene kraup inn i alle bygningar som var å finna – og døydde alle som ei! Gjennomsnittsvekta var berre 8,6 gram – mindre enn halvparten av det normale for ei taksvale i god kondisjon. Fuglane fraus i hel, er forklaringa til afrikanske ornitologar. Taksvaler som er vane med eit nordisk klima, bør tola at nattetemperaturen i Afrika går ned til +6,4 °C. Mest truleg var fuglane kraftig svekte i utgangspunktet av ei eller anna gift.

  • Det finst fleire skildringar om sjøormar langs norskekysten

Det finst fleire skildringar om sjøormar langs norskekysten. At sjøormen no ikkje vert rekna som ein del av vår fauna, er sjølvsagt ikkje fordi dyrelivet har endra seg. Dei tidlege observasjonane er heller eit uttrykk for fortidas folketru. Pontoppidans illustrasjon i Forsøg paa Norges naturlige historie (1752–1753) gjev oss eit bilete av folkefantasien. Også frå Hordalands farvatn vart det rapportert om sjøorm. Følgjande skildring frå midten av 1800-åra, frå tidsskriftet Zoologist i London, stadfestar det: «The next communication, dated Sund’s Parsonage, August 31st, 1846, records the appearance of a supposed sea-serpent, on the 8th, in the course between the islands of Sartor Leer and Tös [red. merknad: Sotra, Lerøyna og Tyssøyna]. Early on this day, just as the steamer Biörgvin passed through Rogne Fjord [red. merknad: Raunefjorden], towing a vessel to Bergen, Daniel Solomonsen, a cotter, saw a sea-monster swimming from Rogne Fjord in a westerly direction towards his dwelling at Grönnevigskiæset, in the northern part of the parish of Sund. The head appeared like a Færing boat (about twenty feet long) keel uppermost; and from behind it raised itself forward in three, and sometimes four and five undulations, each apparently about twelve feet long. On the same morning a lad, out fishing in the Rogne Fjord, saw a serpent, which he describes to have been sixty feet long.»

  • Rindue
  • Parti frå Tveiterås gård

Tveiterås i Bergen - Stor endring på 50 år

I åra frå 1893 til 1924 budde Ole Johan Lie-Pettersen i Sanddalen ved Nesttun. Lie- Pettersen var konservator ved Bergens Museum, og registrerte mellom anna fuglelivet ved Tveiterås gård. Same området var undersøkt i 1973–1974, 50 år etter at Lie-Pettersen avslutta sitt arbeid. På desse åra hadde det vorte store endringar. Delar av området var no villastrok, elvane var meir ureina, og trafikken hadde ein heilt annan karakter. Dels som følgje av dette hadde også fuglelivet endra seg mykje. Av i alt 58 artar som vart rekna som sannsynlege hekkefuglar i området, hadde 13 artar forsvunne heilt i denne tidsperioden, medan like mange andre hadde kome til. At artar som åkerrikse og vendehals forsvann, var venta – den generelle utviklinga for desse fuglane i vår del av verda tilseier det. Av dei nye hekkefuglane var ringdua og tyrkardua særs vanlege i 1974. Sistnemnde hadde ekspandert kraftig kring Bergen på denne tida, etter at arten vart registrert for aller første gong på våre kantar i mai 1954.

Haren finst mange stader i Hordaland, men sjeldan særleg talrikt

Haren finst mange stader i Hordaland, men sjeldan særleg talrikt. Var det meir hare før? (Oddmund Lunde)

Grønfinken

På få år har grønfinken vorte konge på fôringsbrettet om vinteren. Grønfinken har kome fram til at solsikkefrø er snadder i fuglemagen. Med det kraftige nebbet kjem han lett gjennom dei harde skala. Det utvida næringstilbodet har faktisk sett merke etter seg i bestanden. (Hallgeir B. Skjelstad)

Svartanda er døme på ein art som har endra overvintringsområde det siste tiåret

Svartanda er døme på ein art som har endra overvintringsområde det siste tiåret. Tidlegare var storparten av den nordeuropeiske bestanden utanfor Jylland om vinteren, men i dag kan vi stundom sjå flokkar på fleire tusen fuglar på dei aller ytste skjera på Vestlandet. (Ingvar Grastveit)

«Fugleviltjegere» av Knud Bergslien

«Fugleviltjegere» av Knud Bergslien, måla kring midten av 1800-talet. Tidlegare var jakt ein viktig del av livberginga, i dag er småviltjakta meir som rekreasjon å rekna. Uttak gjennom jakt er sjeldan hovudårsaka til at mange viltbestandar er på eit langt lågare nivå enn det som kunne vera normalt. Men det kan vera ein negativ faktor som kjem i tillegg til mellom anna tapte leveområde, uroing – og for dei store fuglane – kollisjon med kraftliner.

Nøtteskrika

Nøtteskrika har vore i Hordaland lenge, men bestanden tok seg kraftig opp etter storinvasjonen vinteren 1977/78. (Jan Rabben)

Ærfugler i Hordaland

På seinsommaren, i juli–august, samlar store flokkar av ærfuglhannar seg i den ytste skjergarden for å fella vengefjørene (myta). Ettersom dei feller alle vengefjørene samstundes, kan dei ikkje flyga og er særleg sårbare. Som karta viser, har bestanden av fjørfellande ærfuglhannar i Hordaland vakse sterkt dei siste tjue åra. (Fylkesmannen i Hordaland/Sverre Mo)

  • Byrkjeland, S. 1981. Endringer i et urbanisert områdes fuglefauna i løpet av 50 år. Del I: Hekkefugler. Krompen 10:189–197.
  • Byrkjeland, S. 1982. Endringer i et urbanisert områdes fuglefauna i løpet av 50 år. Del II: Ikke-hekkende arter. Krompen 11:95–101.
  • Byrkjeland, S. 1999. Status for hekkande sjøfugl i Hordaland 1980–1998. Fylkesmannen i Hordaland, MVA-rapport 2/1999.
  • Byrkjeland, S. 2002. Hekkebestanden av ærfugl Somateria mollissima i Hordaland 2002. Fylkesmannen i Hordaland, MVA-rapport.
  • Lie-Pettersen, O. J. 1925. Fuglelivet ved Tvedterås i Fana, bidrag til Bergen omegns fuglefauna. Norsk Ornith. Tidsskr. II Nr.5:1–20.
  • Løfaldli, L.1983. Nøtteskrikas forekomst på Vestlandet. Vår Fuglefauna 6: 183–189.