• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Kanadagås

Kanadagåsa, utsett i Noreg første gong i 1930-åra, er i dag eit vanleg syn mange stader i Hordaland. Ved Herdla, der denne flokken er fotografert, har det dei siste åra halde seg godt over hundre fuglar i vinterhalvåret. (Ingvar Grastveit)

 

 

 

Naturen er best naturleg. Derfor har vi i Noreg strenge reglar for innføring av framande dyreslag. Like fullt har det opp gjennom åra vore dei som har meint at litt utanlandsk påverknad berre er av det gode. Langt ifrå alle er samde i det, men er det grunnlag for framandfrykt i naturen vår?

Det er mange grunnar til at det finst introduserte plante- og dyreslag hjå oss. Slett ikkje alle er like gode. I somme tilfelle har motivet vore økonomisk – eit forsøk på å skapa ein leveveg. I pelsdyr- og fiskeoppdrett har dette lukkast. Andre gonger held ein framande dyreslag for prydføremål. Dei aller fleste tilfella er likevel artar som har kome utilsikta inn i landet, som eit indirekte resultat av handel med omverda. Men det kunne truleg vore verre enn det er: Det våte og stundom utrivelege vestlandsklimaet gjer nok sitt til at mange eksotiske artar ikkje har makta å etablera seg hjå oss, sjølv når dei fekk sjansen.

Det er langt fleire innførte planter enn dyr. Du treng heilt sikkert ikkje gå lenger enn til din eigen hage for å finna mange døme. Vi er så vane med å sjå lupinar, iris og platanlønn i og utanfor hagar at vi knapt reagerer. Sjølv den vakre engkarsen, som set sitt preg på mang ei blomeeng i Hordaland i mai, er truleg ei innført plante.

Kommersielt oppdrett av framande artar

Dersom vi ser bort frå husdyra i landbruket, er det ikkje mange innførte dyreslag i Hordaland som kan seiast å vera av økonomisk verdi. Forutan regnbogeauren er det mest berre tale om mink, som mykje av norsk pelsdyrnæring er bygd opp kring. Dessutan har blodigla, som er innført av medisinske årsaker,nok også vore økonomisk viktig, sjølv om det neppe har vore tale om oppdrett av denne arten.

Oppdrett av mink i Noreg tok til i 1927, men det tok vel ti år før minkavlen verkeleg skaut fart. Det har lenge vore opp til den einskilde minkoppdrettaren å vurdera sikringstiltak for å hindra at dyr rømmer. Vi veit ikkje når vi fekk ville stammer av mink,men ei av dei første i landet etablerte seg i Sunnhordland i 1930-åra. Desse dyra var etterkomarar frå dyr som slapp ut frå ein minkfarm i Fitjar i 1930. Same året rømde fleire minkar frå ein flaumskadd farm ved Bergen.

Desse rømlingane var med på å gje opphav til ein tett bestand av villmink som alt under siste verdskrigen omfatta store delar av Hordaland. I Meland vart mink skoten første gongen omkring 1937, medan arten etablerte seg i Fjell under krigen. I åra 1941–46 vart det fanga 3500–4000 mink berre i ytre Midthordland. Seinare spreidde minken seg vidare, og mot slutten av 1960- åra hadde vi truleg ein samanhengande bestand over heile Vestlandet.

Sjølv om minken er ein innført art frå Nord- Amerika, vert arten i dag rekna som ein del av den norske faunaen. Særleg populær er han likevel ikkje. Saman med kråka var minken den einaste viltarten som ikkje var freda i yngletida, inntil slik freding vart innført i 1997. Ei rekkje kommunar i Hordaland har skotpremie på mink. Masfjorden betaler såleis 70 kroner for kvar felt mink. I Fedje har dei betalt dobbel skotpremie ei tid, for å sikra bestanden av villkanin, ein art som også er innført.

Villminken vert ofte rekna som eit skadedyr. Nokon positiv faktor for sjøfuglane i hekketida er han definitivt ikkje. Dei hardast råka artane er terner, teist og fiskemåse. Alle desse har gått sterkt attende på Hordalandskysten, men det er langt ifrå sikkert at det berre er minken si skuld. Mange meiner at minkbestanden har gått noko attende sidan slutten av 1990-åra. Sjølv om det skulle vera tilfellet, har ikkje sjøfuglbestandane teke seg opp att.

Opp gjennom åra har det vore mange revefarmar i Hordaland. Også frå dei rømmer det dyr,som med tida truleg blandar seg med viltlevande raudrev. Kanskje er det rømde oppdrettsrevar som sporadisk vert observerte i Øygarden. I utgangspunktet skulle vi ikkje venta å sjå arten i øykommunen.

Etter at oppdrett av regnbogeaure vart vanleg i Noreg for om lag 50 år sidan, har vi fått fleire viltlevande bestandar av arten i Hordaland, danna av rømd oppdrettsfisk. Normalt formeirar ikkje regnbogeauren seg vilt hos oss. Skogseidvatnet i Fusa er ein av dei få stadene det skjer. Her vert arten også ekstremt storvaksen,og nyt godt av fôrrestar frå fiskeoppdretta i vatnet.

Utviding av mangfaldet?

Mange av vestlandsfjella og utmarka elles er ofte kalla tilnærma urørt natur. Det stemmer ikkje! Miljøinngrep er meir enn utbygging av naturområde for industri og busetnad. Sauebeiting i fjellet og utsetjing av aure og røye til opphavleg fisketomme vatn er vel så omfattande inngrep. Ettersom vi har hatt det så lenge, og så ofte vert minte om dei positive sidene ved dette, reflekterer vi knapt over desse inngrepa.

Likevel er det ganske tankevekkjande at frå naturen si side skulle mest alle elvar og vatn som ligg høgare enn 100 moh., vore frie for fisk, kanskje med unntak av litt ål! Medvitne utsetjingar av aure gjennom fleire hundre år gjer at biletet i dag er eit heilt anna. Vi veit ikkje mykje om kva konsekvensar dette har hatt, men truleg har mange salamanderområde forsvunne på denne måten. Det same kan ha vore tilfellet for andre smådyr som inngår i fisken sin diett.

Somme småviltjegerar har ikkje alltid vore nøgde med tilgangen på naturleg jaktbart vilt. Kanadagåsa vart derfor innført til Noreg. Første utsetjinga av gåsa i 1930-åra var rett nok til parkføremål, men det tok ikkje lang tid før ein fann ut at fuglen på sikt kunne verta ein viktig jaktressurs også i vårt land.

Omfattande utsetjingar frå midten av 1960-åra og fram til om lag 1980 sette fart i utviklinga: hos oss mest i Bømlo og på Stord,men også mellom anna på Raunøya i Masfjorden. Med ein nasjonal bestand på  kring 30 000–40 000 individ kring 2000 er grunnlaget for å jakta på kanadagåsa meir enn godt nok. Det vert gjort, men det har ikkje mykje effekt ettersom gåsa er eit krevjande bytte, og nordmenn ikkje har tradisjonar for å jakta på arten. Resultatet er at bestanden aukar stendig og raskt – utan at det er praktisk mogleg å kontrollera utviklinga.

Dei første åra etter at utsetjingane skaut fart, var fagfolka ottefulle for at kanadagåsa kunne verta ein konkurrent til grågåsa. Det synest ikkje å ha skjedd. Men den sterke veksten hos kanadagåsa er ikkje problemfri. Fuglane gjer ein del skade på avling, og grisar til badeplassar med ekskrementa sine. Dessutan trampar dei gjerne graset på heimebøen flatt med dei store symjeføtene.

I 1950-åra vart det sett ut rapphøns somme stader – også for å introdusera eit ekstra fugleslag å jakta på. Eksperimentet var ikkje særleg vellukka – den siste rapporten om rapphøne frå Hordaland er frå 1959, då det skal ha vore ein «fast bestand» på Radøy.

Vi menneske oppfattar gjerne somme dyreslag som penare enn andre. Sjølvsagt påverkar det kva dyr vi ynskjer å ha rundt oss. Heldigvis har vi ikkje like sterke tradisjonar for å ta med oss eksotiske dyreslag frå fjerne himmelstrok som til dømes britane. Ikkje er det lov heller, ettersom slikt i dag er regulert av internasjonale konvensjonar. I England hekkar ei lang rekkje amerikanske andeartar, asiatiske fasanar og jamvel papegøyar i naturen, etter at dei har rømt frå innhegningar og parkar. Hos oss må vi nøya oss med fasanen. Dei fasanane som er sette ut i naturen i Hordaland gjennom åra, har stort sett ikkje greidd klimaet. Einaste staden det er rapportert om frittlevande fasan dei siste åra, er nord på Askøy, og her er det nok tale om nokre få individ som har rømt frå fangenskap.

Noko meir utbreidd i dag er det å halda pryd- og brevduer og prydender. Stort sett skjer det i kontrollerte former, sjølv om hønsehauken stundom gjer sitt til å halda kontroll på duene på sitt vis. Også fisk er innført til reine prydføremål. Særleg gjeld det vederbuken, der vi reknar med at den eine utsetjinga i Nygårdsparken i Bergen i 1901 har gjeve opphav til alle førekomstane vi kjenner i vår landsdel. Også utsetjingane av karpe kan vera motiverte av estetiske omsyn, men dette er i tillegg ein god matfisk.

Piggsvinet er ein utbreidd art i Hordaland. Truleg er dette eit resultat av ein serie utsetjingar. Piggsvinet sitt ry for å eta hoggorm har kanskje medverka til at somme har vorte inspirerte til å setja ut arten. Utsetjinga av kanin på Fedje var kanskje mest av alt ein test for å sjå korleis desse dyra klarte seg. Bestanden her har vore livskraftig, men neppe spesielt stor, sjølv om her ikkje finst rev.

Utilsikta utsetjingar

Ikkje alt går som ein har tenkt. Den tette bestanden av røye i Finsevatnet og elles i Ustevassdraget skriv seg frå eit uhell i samband med fisketransport. Dette vart utgangspunktet for ein røyebestand som sidan har spreidd seg oppover heile vassdraget til Finse.

Det er ikkje uhell, men utilsikta like fullt, når framande artar kjem til oss som ei følgje av handelssamkvem med utlandet. Slikt er mest uunngåeleg, og hender oftare enn mange trur. Tilsette ved fruktlager sjekkar alltid nye parti med bananar. Det er ikkje uvanleg at det ligg slangar eller edderkoppar i nokre av kassene,men dyra er ofte daude når lasta kjem til oss. Endå viktigare er det å undersøkja kasser med vassmelonar. Rotter som har fått i seg rottegift, vert ekstremt tyrste av gifta, og søkjer då til næraste vasskjelde. Fleire frukthandlarar i Bergen har opplevd å få levert daude rotter saman med vassmelonane.

Kvart år får våre viktigaste oljehamner, Stura, Mongstad og Kårstø, besøk av meir enn 3000 skip som til saman slepper ut om lag 33 millionar tonn ballastvatn. Dette er ei problematisk kjelde til spreiing av marine artar til område der dei ikkje høyrer heime. Forskarane meiner at 45 introduserte marine artar no er etablerte i norske farvatn. Av dei kom truleg 18 via skip. Fleire av artane er skadelege planktonalgar, som mellom anna kan skapa problem for oppdrettsfisk.

Den brune iberiaskogsnigelen kom truleg til landet med importerte planter frå Spania. Sjølv om sniglar gjerne er trege, har arten spreidd seg svært raskt i Sør-Noreg. I dag er denne snigelen svært vanleg mellom anna i Leirvik og i delar av Bergen by. Grunnen til den raske spreiinga er at iberiaskogsnigelen ikkje har nokon naturleg fiende i Noreg.

Av framande dyreslag som har kome til oss på utilsikta vis, er insekta i fleirtal. Dei kjem med importert frukt, grønsaker eller andre landbruksprodukt, og somme av dei greier å etablera seg her. Dei fleste er harmlause, men om den frykta koloradobilla ein dag skulle dukka opp hjå oss, kan vi venta omfattande tiltak for å berga potetene våre.

Somme parasittar kjem med på lasset når nye dyreslag etablerer seg. Mest kjend i Noreg er lakseparasitten Gyrodactylus salaris, som vi så langt har vore skåna for i Hordaland. Parasitten vart truleg innført til Noreg i byrjinga av 1970-åra gjennom import av levande infisert laks frå Sverige.

Den norske villaksen er ikkje tilpassa denne parasitten, og vil trenga lang tid på å omstilla seg. Som eit strakstiltak har styresmaktene i staden tydd til gifta rotenon for å kvitta seg med parasitten. Samstundes kvittar ein seg med fisken også, anten han er infisert av parasitten eller ikkje. I Hordaland har rotenon til no berre vore nytta for å utrydda ørekyte på Hardangervidda og utsett åbor i Stord.

Nabokrangel og privat krigføring er ikkje heilt ukjent mellom hordalendingar, og mykje tyder på at ulovleg utsetjing av gjedde stundom har skjedd som ei rein hemnakt. Denne glupske rovfisken har ingen ting på Vestlandet å gjera, men får ho først sjansen, gjer ho likevel svært mykje ugagn.

Sidan 1600-talet har menneske spreidd gjedda utover det naturlege utbreiingsområdet på Austlandet. Om gjedde vert innført til ein innsjø der ho tidlegare ikkje har vore, vil arten i sterk grad påverka fiskesamfunnet. Ein vil få ei endring i åtferda til andre fiskeartar i innsjøen. Ideen bak innføring av gjedde, i tillegg til dei direkte hemnaktene, er truleg helst at ho skal redusera mengda av annan fisk, til dømes aure, for å få opp kvaliteten på dei fiskane som greier seg. Dette har sjeldan vore resultatet, men vi har mange døme på at gjedda har utrydda auren. Når gjedde vert sett ut på Vestlandet i dag, er det alltid ulovleg. Ein må rekna med stor bot for slikt, ettersom dette er å sjå på som miljøkriminalitet.

Naturen i Hordaland har utvikla seg gjennom fleire tusen år. Vi veit mest aldri kva vi gjer når vi introduserer ein ny art som det eksisterande miljøet ikkje er tilpassa. Verda har sett mange døme på rotter som har øydelagt sjøfuglkoloniar, ein fyrvaktar sin katt som åleine har utrydda ein sjeldan fugleart, og kaninbestandar som veks eksplosivt. Det er ingen grunn til å ynskja seg andre artar hit enn dei som vi alt har, eller som kjem på naturleg vis.

Utsetjing av framande artar er forbode ved lov

Mange har nok gjort seg tankar om å setja ut dyr som piggsvin, ekorn eller frosk til område der slike artar ikkje finst eller har forsvunne frå. Dette er faktisk ulovleg etter viltlova! Ein kan saktens søkja viltstyresmaktene om løyve, men mest truleg vil ein få avslag. § 47 i viltlova av 1981 seier dette om introdusering av framande dyreslag: «Uten direktoratets samtykke er det forbudt å innføre eller sette ut viltarter som ikke fra før forekommer i distriktet.»

  • Ferskvasskreps

Levedyktig austlending

Ferskvasskreps har ikkje naturleg utbreiing i Hordaland, og det er heller ikkje mange stader at utsetjing av kreps har vore ein suksess. Unntaket er Monsvatnet i Voss, øvst i Granvinsvassdraget. I 1938 vart det henta kreps frå Steinsfjorden i Buskerud til Monsvatnet, og eit par sporadiske utsetjingar i dei følgjande åra har resultert i ein levedyktig bestand. Akvariet i Bergen har jamleg henta kreps til utstillingane frå Monsvatnet.

  • Blodigler har vore i folkemedisinsk bruk i uminnelege tider

Blodiglene - høgt skatta blodsugarar i medisinsk teneste

Bruk av blodigler har lang tradisjon i medisinen, og er faktisk i bruk enno. Dei vart lenge nytta til å tappa sjuke folk for «ureint» blod. For å sikra god tilgang på blodsugarane vart arten sett ut mange stader i landet.

 

Iglene vart haldne av iglekoner. Når iglene hadde soge i seg blod frå pasienten og var «mette», sleppte dei taket. Dersom ein då klemde dei tomme for blod, vart dei raskt «svoltne» att, og klare for eit nytt måltid. Heilt ufarlege var slike iglekurar likevel ikkje – det er påvist stivkrampesmitte i munnen på iglene, og det hende at pasienten låg død att etter ein iglekur.

 

Blodigla har tre kraftige faldar med skarpe kalktenner i svelget. Eit sår etter ei igle har derfor ei karakteristisk Y-form. Spyttet til iglene inneheld stoffet hirudin, som hindrar offeret sitt blod i å koagulera. Det gjer at igla får i seg måltidet utan at såret gror, samstundes som det sikrar at blodet som vert lagra i igletarmen, ikkje storknar. Eit sår etter ei igle held derfor fram å blø lenge etter at dyret er fjerna. Ei blodigle kan suga i seg ei blodmengd tilsvarande fire gonger si eiga vekt. Tenk deg eit måltid på 300 kilo for ein vaksen mann. Men så lever igla nesten eit heilt år på dette eine måltidet!

 

Iglene lever hovudsakleg i ferskvatn. Dei fleste er blodsugarar, men nokre få er rovdyr. Blodigla er ein av få artar igler som finst i Hordaland. Ho står i dag på «raudlista» over truga dyreartar i Noreg, men finst framleis på overraskande mange stader i fylket.

  • Karuss
  • 11 av 18 artar fersmvassfisk i Hordaland er utsette

11 av 18 artar ferskvassfisk i hordaland er utsette

Gjedde er utbreidd over storparten av Europa og finst i Noreg naturleg i delar av Finnmark og i Hedmark, Østfold, Vestfold, Oppland og Buskerud. Vi veit ikkje når dei første gjeddene vart sette ut i Hordaland, men alt for hundre år sidan fanst det gjedde i mange innsjøar på Vestlandet, hovudsakleg i Bergensområdet. Elles finst arten i seks kommunar i fylket: Radøy (Hallandsvatnet), Tysnes (Flatråkervatnet), Askøy (fleire vatn), Sund (Sundsvatnet), Os (Osvassdraget) og Lindås (Langeavatnet). Lista er ikkje fullstendig.

 

Karuss er eit svært seigliva fiskeslag som opphavleg kjem frå Asia, men som i dag er spreidd over heile verda ved utsetjingar. Arten kan transporterast levande over lang tid, om ein berre held fisken fuktig. Dette forklarar den vide utbreiinga. Karuss var truleg den første fisken som vart innført til Hordaland, kanskje alt av munkane i mellomalderen. Han er nytta både som matfisk og prydfisk. Karuss finst i fleire vatn på Askøy og i Bergen, vidare i Fjell, Kvam (Skårsvatnet, utsett 1914), Kvinnherad (Erslandsvatnet), Os (Ulvenvatnet og ei tjørn nær Osøyro) og Tysnes (Vevatnet og truleg i Vetlebølvatnet).

 

Ørekyt er ein liten karpefisk som finst over det meste av Europa, i Noreg i søraustre delar og Finnmark. Han har spreidd seg gjennom kultivering ved at nokre individ har kome med på lasset ved utsetjingar av aure. Arten er då flytta i den tru at det var småaure. Spreiing har også skjedd ved at arten er brukt som levande åte. Ørekyt utgjer ein stor fare mot opphavlege fiskebestandar sidan ho vert næringskonkurrent med dei opphavlege artane. Arten finst i Hordaland berre i Eidfjord (Dragøyfjorden, dessutan i Halnefjorden og Skaupsjøen aust for vasskiljet). Det er satsa mykje på at arten ikkje skal få spreia seg vest om vasskiljet.

 

Vederbuk er naturleg utbreidd over store delar av Sentral-Europa og lokalt i Skandinavia. På Vestlandet finn vi fleire stader gullvederbuk, som er ein gulraud framavla variant av vederbuk. Denne vart først innført til Nygårdsparken i Bergen i 1901, og fisk herifrå vart ført vidare til Skårsvatnet i Kvam i 1914. I Nygårdsparken døydde arten ut i 1926 eller 1927. I Kvam og i fleire mindre dammar, mellom anna i Bergensområdet, finn vi gullvederbuk enno. Alle bestandane stammar truleg frå utsetjinga i Nygårdsparken i 1901. Utsetjing av framavla variantar av fiskar og dyr fører ofte til at den opphavlege fargevarianten dukkar opp etter ei tid dersom ein ikkje avlar spesielt på den «edle» typen. Ein finn derfor fisk som er lik villtypen, i innsjøar der gullvederbuken er spreidd.

 

Karpe liknar mykje på karuss, og har som han asiatisk opphav. Det er ein populær matfisk som er spreidd til store delar av verda, men han er ikkje like seigliva som karussen. Vi har dokumentasjon på innføring av karpe til Noreg frå om lag 1750. I Hordaland har det vore karpe på tre lokalitetar, men i dag er det berre eit fåtal karper i ein innsjø i Bergen att. Her har arten halde til i minst 150 år. Ei spegelkarpe vart dessutan teken i laksenot ved Vikaneset, Lindås 7. juli 1961. Det er uråd å seia kvar ho kan ha kome frå.

 

Åbor er naturleg utbreidd i mesteparten av Europa og i heile det tidlegare Sovjetunionen. Han finst naturleg i søraustre delar av Noreg og nokre stader i Troms og Finnmark. Små åborar lever av plankton, eksemplar over 20 cm lever hovudsakleg av fisk. Arten er sett ut minst tre stader i Hordaland. I Stokkatjødno på Stord vart det oppdaga åbor i 1989 etter ei ulovleg utsetjing. Denne tjørna vart rotenonbehandla i oktober same året, og fisken vart truleg fjerna heilt. På Bømlo vart det oppdaga åbor i Eiriksvatnet i 1990. Denne bestanden er framleis intakt. Åbor er også påvist i Grimevatnet og Nesttunvatnet i Bergen, der arten vart oppdaga i 1990-åra.

 

Kanadisk bekkerøye kjem opphavleg frå Nord-Amerika, men er no innført til andre delar av verda. I nordlege område kan ho vera anadrom. Arten er meir tolerant mot surt vatn enn aure og vert difor nytta som erstatning for han i ein del sure norske innsjøar. Fisken reproduserer vanlegvis ikkje i Noreg, men unntak er påvist. Funn er rapportert frå seks kommunar i Hordaland: Sveio, Etne, Austevoll, Radøy, Meland og Kvam. Arten vert ikkje lenger nytta ved fiskeforvalting og er no truleg utdøydd i Hordaland.

 

Regnbogeaure er ein laksefisk som er innført til Europa og store delar av verda elles frå vestkysten av Nord-Amerika. Han kan både vera stasjonær og vandra til sjøen på same måten som auren. Regnbogeaure er ein populær sports- og oppdrettsfisk. Han vart først innført til Noreg kring 1908, men effektivt oppdrett kom ikkje i gang før i 1950-åra. Arten reproduserer sjeldan naturleg i Noreg, så førekomstane er derfor hovudsakleg eit resultat av utsetjing av fisk eller fisk som har rømt frå oppdrettsanlegg. Det er no mykje rømd fisk rundt om i fjordane på Vestlandet. Arten er rapportert frå 13 kommunar i Hordaland, men han finst truleg i alle kommunane.

 

Hork er ein liten botnlevande åborfisk som har si naturlege utbreiing i Mellom- og Nord- Europa austover til Sibir. Han finst naturleg i søraustre delar av Noreg. Han et normalt botndyr, men kan også eta rogn av andre fiskeartar. På Vestlandet finst arten berre i Mildevatnet i Bergen. Vi kjenner ikkje til når eller korleis fiskeslaget vart introdusert her.

 

Pukkellaks er eigentleg ein art stillehavslaks, men etter utsetjingar på Kolahalvøya har han vore fiska i fleire norske vassdrag heilt sør til Mandalselva. Han er funnen to gonger i Hordaland: ved utløpet av elva som kjem frå Valestrandsvatnet på Osterøy, i 1994 og i Daleelva, Vaksdal i 1995.

 

Sik er ein laksefisk med hovudsakleg nordaustleg utbreiing i Europa. I Noreg er siken utbreidd i Finnmark, i Trøndelag, på Austlandet og på Sørlandet. På Vestlandet finst han berre i Rogaland (naturleg førekomst i litt over 30 vatn), forutan i eit vatn i Fitjar, der han er innført.

  • Karkerlakk

«Kakerlakkane» på sporvegsbussen

Dei færraste vedkjenner seg dei, men kakerlakkar finst i mest alle bakeri, storkjøkken og der det elles er varmt og fuktig og er mat å finna.

 

Kakerlakken er ikkje opphavleg norsk, men på eit eller anna tidspunkt har arten kome til Europa frå Orienten. Han er heilt harmlaus og såleis ikkje noko å uroa seg over, men mange meiner likevel at han er ekkel.

 

Han utnytta dette, biologistudenten som i 1977 gjekk inn i eit bakeriutsal i Bergen og ville ha ein ny skillingsbolle fordi han hadde funne ein kakerlakk i den han hadde kjøpt. Dei tilsette lo og nekta for dette, men han skulle få så mange bollar han ville dersom han kunne påvisa ein kakerlakk i lokalet. Studenten steig opp på ein krakk, stakk neven inn i ein mørk krok øvst i eit skap og føyste ned nokre titals store insekt. Butikken vart raskt tømd for både kundar og skillingsbollar.

 

Studenten tykte dette var artig, så han tok med seg ein av kakerlakkane og gjekk til redaksjonen i Bergens Arbeiderblad. Der hevda han at han hadde funne dyret på sporvegsbussen frå Natland. Det resulterte i førstesideoppslag og ei mengd avvæpnande kommentarar frå ansvarleg hald i Bergens Sporveier. Det kom også lesarbrev frå ottefulle busspassasjerar. Dei mest krakilske av dei var likevel skrivne av studenten sjølv, og han var ikkje snauare enn at han også svarte på innlegga. Slik heldt han liv i debatten lenge og vel, basert på bergensarane si «framandfrykt».

  • Heterosiphonia japonica
  • Spøkjelsekreps

Den eksotiske raudalgen Heterosiphonia japonica (øverst) vart registrert første gong på vestlandskysten i 1996, i Skårsundet sør for Bergen. Algen har på kort tid vorte ein av dei vanlegaste algane under tidvassona hjå oss. Den buskaktige stillehavsarten vart først etablert i Europa i ein tom østersdam i Nederland, truleg gjennom import av levande østersyngel frå Asia. Til Noreg kom han truleg med ballastvatn eller annan skipstrafikk frå Nederland. Spøkjelsekrepsen (under) er ein annan art som er introdusert på norskekysten dei seinare åra. Også han har truleg kome hit med ballastvatn.

  • Rotta - Mest pest og plage?

Rotta - mest pest og plage?

Den brune rotta er opphavleg frå Asia, men kom tidleg med skip til Europa. Til Noreg skal arten ha kome ved midten av 1700-talet, og rotta er omtalt frå Sunnmøre i 1762. Ho fekk sitt vitskaplege namn – Rattus norvegicus – i 1769. Namnet har samanheng med at det første individet som vart skildra av vitskapen, var henta frå eit norsk skip i London.

Sjølv om rotta har vore til uvurderleg hjelp i biologisk, medisinsk og farmasøytisk forsking, er ho ikkje vidare velsedd. Den nære slektningen, svartrotta, er vert for ei spesiell loppe. Denne loppa er så vert for ein bakterie som kan vera årsak til pest. Det var om lag 26 utbrot av pest i Noreg i åra 1350–1650, der svartedauden var den verste. Ein meiner at svartedauden kom til Noreg til Bergen med eit skip frå England i 1349. Sjølv om svartrotta neppe stod for all spreiing av pest i Noreg, var ho truleg viktig. I dag finst det neppe svartrotter her i landet – den arten vart sist rapportert frå Bergen i 1911. Derimot er den bruna rotta talrik i tettbygde strok i dag.

  • brunsnigel

Upopulær innvandrar

«Sniglefart» kan vera utriveleg raskt, i alle fall når det gjeld formeiringstempoet til iberiaskogsnigelen eller brunsnigelen som han vert kalla. Kvar snigel produserer opptil 400 egg, som blir klekte etter ei til to veker. Som namnet tyder på, kjem arten frå Portugal og Spania. I dei siste 30 åra har han spreidd seg nordover i Europa. Han er utilsikta introdusert saman med jord og planter til hagar. Denne innvandraren er lite omtykt, ettersom han et og drep nesten alle planter han finn. Vår heimlege svarte skogsnigel trivst heller ikkje i lag med den aggressive nykomaren.

 

Han vart første gong funnen i Noreg i 1988, i Kråkerøy, Langesund og Molde. Seinare kom han til Hordaland – til ein hage på Stord. Tidleg i 1990-åra var snigelen å finna fleire andre stader i fylket. Iberiaskogsnigelen har berre ein naturleg fiende, rundormen Phasarhabditis hermaphrodita. Denne parasitten er ikkje funnen i Noreg. Derfor går spreiinga svært raskt. Sniglar toler ikkje salt, men det er strevsamt for huseigarar å salta hagane sine. Det hjelper å ha eit piggsvinpar i hagen, og svoltne knoppender var lenge rekna som eit særs godt mottiltak. Miljøvernleiaren i Stord hadde ei tid åtte av denne søramerikanske anda til utlån. I dag trur ein at det kjemiske middelet ferromol er mest effektivt.

Villmink

Dei første villminkane i landet var truleg frå Hordaland. Arten har vore eit lite populært innslag i norsk fauna. Talrike lokale initiativ for å redusera bestanden har aldri hatt langvarig effekt. (Ingvar Grastveit)

Knoppand

Dei seinare åra har det vorte fleire og fleire knoppender (tidlegare kalla moskusand) å sjå på frifot i Hordaland. Det er fuglar som har rømt frå fangenskap, eller som eigarane har sleppt fri for ein periode. Den søramerikanske anda et ein annan innvandrar, brunsnigelen, eller iberiaskogsnigel som namnet eigentleg er. Knoppanda har vore mykje nytta i kampen mot denne hagevandalen. (Finn Liland)

Aure

Dei fleste bestandane av aure i høgare område i Hordaland er etablerte med menneskeleg hjelp. Det hende så langt attende i tid at folk flest ser dette som naturleg. Mange stader kan likevel slik utsetjing ha hatt store økologiske konsekvensar. Utsetjing av aure i dag er ulovleg utan løyve. (Stig Tronvold)

bydue og huskatt

To vanlege introduserte artar i bymiljø: bydue og huskatt. Bydua stammar frå forvilla tamduer, som har fuglefjellarten klippedue som sitt historiske opphav. Bygningane i byane fungerer som erstatning for fuglefjell å hekka i. (Ingvar Grastveit)

Småsalamander

I motsetning til storsalamanderen finst ikkje småsalamanderen naturleg i Hordaland. Vi kjenner nokre få isolerte førekomstar – i hagedammar i Øystese og i Os og i Kleppestø-området på Askøy. (Jan Rabben)

  • Botnen, H.; Jelmert, A. 2002. Ballastvann – en fare for det norske havmiljøet? Fisken og havet. Særnr. 2–2002:78–81.
  • Dolmen, D.; Winge, K.1997. Boasneglen (Limax maximus) og iberiasneglen (Arion lucitanicus [sic]) i Norge.Utbredelse, spredning og skadevirkninger
  • Husa, V.; Sjøtun, S.; Lein, T. E. 2004. The newly introduced species Heterosiphonia japonicaYendo (Dasyaceae,Rhodyphyta): geographical distribution and abundance at the Norwegian southwest coast. Sarsia 89: 211–217.
  • Johnsen, G. H. 1992. Forvaltningsplan for krepsebestanden i Moensvatnet, Voss i Hordaland. Rådgivende Biologer, rapp.nr.70.
  • Lura, H.; Kålås, S. 1994. Ferskvassfiskane si utbreiing i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland. Rapport,Zoologisk Museum,UiB.
  • Reitan, O. 1995. Kanadagåsa er innført til Norge – men hva så? Vår Fuglefauna 18:23–29.
  • Tømmerås,B. -Å. (red.). 1994. Introduksjoner av fremmede organismer til Norge. NINA Utredning 62.