• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Tyssestrengene i bakgrunnen.

Tyssestrengene, det høgaste fossefallet i Noreg med fritt fall på 300 meter, i bakgrunnen. Turistane vart rodde over Ringedalsvatnet inn til Tyssestrengene og Ringedalsfossen. Fotografi av Knud Knudsen frå 1880-åra.

Vasskraftutbygginga sette for alvor naturfreding på dagsordenen. At landets flottaste fossefall vart lagde i røyr, skapte stort oppstyr. Ingen stader i landet kom engasjementet sterkare til uttrykk enn i kampen om Ringedalsfossen og Tyssestrengene i Odda. Den Norske Turistforening underteikna i 1898 ein avtale med grunneigarane om at desse fossane skulle renna fritt i all framtid. Avtalen stod berre ved lag i 22 år, men i vår tid er Hordaland det fylket som har flest verneområde og størst areal verna med heimel i naturvernlova.

Isiste halvdelen av 1800-talet kom det fart i industrialiseringa av landet,og byane var i sterk vekst. Samtidig slo romantikken og eit nytt syn på naturen gjennom i delar av byborgarskapet. Den Norske Turistforening vart skipa i 1867, og draumen om naturfreding vart i stor grad framodla gjennom denne foreininga. Det formaliserte arbeidet med å ta vare på hordalandsnaturen tok likevel først til i 1918, med skipinga av Vestlandske Kreds For Naturfredning. To år seinare vart retten til å utnytta Ringedalsfossen og Tyssestrengene seld til A/S Tyssefaldene. Grunngjevinga var at «nasjonale interesser stod på spel», men omstøytinga av fredingsavtalen skjedde ikkje utan hissig debatt. I 1923 tok botanikaren Jens Holmboe, ved hjelp av sponsorar og eigne midlar, eit privat initiativ til å freda Vettisfossen i Årdal i Sogn,som kompensasjon for tapet i Tyssedal. 

Vestlandske Kreds for Naturfredning vart danna med utgangspunkt i fagmiljøet ved Bergen Museum, med Holmboe som ein særskilt viktig ressursperson. Organisasjonen endra namn til Vestlandske Naturvernforening i 1962, seinare til det noverande Naturvernforbundet Hordaland. 

Frå sikring av naturmonument til naturvern 

Den første tida var det sikring av spesielle naturmonument som stod i sentrum, slike som fossar, jettegryter og store, gamle tre. I 1930-åra tok Vestlandske Kreds for Naturfredning initiativ til, og fekk freda, ei heil rekkje store, gamle tre på Vestlandet. I Hordaland finst i dag 42 slike botaniske naturminne. Denne typen punktfreding var uttrykk for at ein ikkje såg trong for omfattande regulering av naturinngrepa. 

Etter siste verdskrigen stod økonomisk vekst og ny industrireising først på dagsordenen. Utover i 1950- og 1960-åra, lenge før forureiningslova hadde sett dagens lys,vart nokre av ulempene og farane ved industrireisinga mange plassar meir og meir synlege. Mange av dei einsidige industristadene låg i tronge fjordbotnar, utan god utskifting av luftmassane, og industrirøyken låg ofte som ei tett skodde over fjorden. Spesielt i Sørfjorden var luftforureininga eit problem. Parallelt med dette vart fine fjell- og stølsområde demde ned, vassdrag lagde tørre og bruken av giftige sprøytemiddel stadig meir utbreidd. 

Naturvernlova av 1954 var den første som opna for vern av nasjonalparkar og andre større verneområde. Fagfolk, den gryande, grøne opinionen og somme politikarar tok til å skjøna at menneska ikkje kunne bruka naturen utan tanke for uheldige konsekvensar, både for naturmiljøet og for folk si helse og trivsel. 

Det offentlege natur og miljøvernet veks fram 

Tidleg i 1960-åra tok Bergen Turlag og det som då heitte Vestlandske Naturvernforening initiativ til vern av Stølsheimen, fjellområda i grenselandet mellom Hordaland og Sogn og Fjordane. Først i 1990 fekk delar av Stølsheimen status som landskapsvernområde. Då var store delar av området for lengst bygde ut til kraftføremål. 

Naturvernåret 1970 markerte overgangen til eit breiare folkeleg engasjement for naturmiljøet, og frivillige miljøorganisasjonar fekk større oppslutnad. Ei rekkje nye lover vart vedtekne for å styra og styrkja det nye offentlege forvaltningsansvaret. Miljøverndepartementet vart etablert i 1972. Miljøvernavdelingane hjå fylkesmennene kom på plass 10 år seinare. Frå 1990-åra av har kommunane fått ei sentral rolle i miljøvernet. Gjennom kommuneplanar styrer kommunane i prinsippet arealbruken i størstedelen av landet.

Svært mange av miljøutfordringane er globale og kan berre løysast ved bindande samarbeid mellom mange, helst alle land. Noreg har slutta seg til ei rekkje internasjonale avtalar som forpliktar oss til å verna om leveområde for ulike artar. Vi har også eit ansvar for å kartleggja fauna og flora, til dømes utarbeida «raudlister» – oversyn over artar som er truga eller sårbare. Døme på «raudliste»-artar hjå oss er kvitryggspett – Hordalands fylkesfugl og vanlegaste spetteart – kongsbregne og stor salamander. Vi har dei største førekomstane i landet av dei to sistnemnde artane, den direkte årsaka til oppretting av det vel 14 km2 store Geitaknottane naturreservat i 1997.

Hordalandsskogen – dobla på 60 år

I 1991 var det om lag 2,5 millionar dekar (17 % av landarealet) produktiv skog i fylket. Arealet er dobla på 60 år. Berre i perioden 1981–1991 auka det med 20 %. Om lag 43 % av skogen i Hordaland er furuskog, 37 % lauvskog og 20 % grandominert skog. Fylket vårt har tre gonger så mykje høgbonitetsskog som landsgjennomsnittet, målt i høve til landarealet. I historisk tid har vi aldri hatt så mykje skog som no.

Det er likevel viktig å hugsa på at landsdelen var nesten nedsnaua for 200–300 år sidan. Vi har såleis nesten ikkje urskog att. Om skogen kan vera gammal i skogbrukaranes auge, er han reint biologisk enno ung og såleis nokså einsarta. Ei furu kan ha ein biologisk funksjon i nesten tusen år, frå spire til vakse tre, gadd (tørrfuru) og legder – som til slutt morknar til mold. Nær halvdelen av alle «raudliste»-artar i landet er knytte til skog. Vern av skog er difor ein viktig del av naturvernarbeidet. Måten skogbruket vert utført på, er likevel kanskje vel så viktig.

Skogsvegar og treslagsskifte har vore dei mest omstridde tema hjå oss – særleg på slutten av 1980-talet, då alle kommunar skulle laga tiltaksplanar for skogbruk. I planane vart meir enn 40 % av skogarealet i fylket avmerkt som framtidig granskog. Dette vekte stor motstand. Dårleg økonomi og låg aktivitet i skogen gjer det lite truleg at planteskogdelen kjem svært mykje høgare enn i dag. Skogbrukarane skal no ta omsyn til «raudliste»-artar, nøkkelbiotopar og miljøstandardar. Dermed vert denne aktiviteten også ein viktig del av miljøvernarbeidet.

Mest vern i landet

Hordaland har kanskje større naturvariasjon enn noko anna fylke. Langs kysten ligg 6000 holmar og øyar. Likevel ligg 60 % av landarealet, meir enn 9000 kvadratkilometer,over barskoggrensa. Mange artar er hjå oss på kanten av utbreiingsområdet sitt. Slike førekomstar har ofte andre trekk enn det ein finn i hovudutbreiingsområdet. Å verna om biologisk mangfald inneber også å ta vare på dei ulike naturmiljøa artane lever i.

Det er oppretta ei rekkje,mest små,verneområde. Om lag 15 % av landarealet er verna. Mesteparten er høgareliggjande og til dels uproduktive område. Generelt er låglandet sterkt underrepresentert i verneområda. Her er også konfliktane mellom grunneigar og offentleg forvaltning mest vanskelege og trugsmåla mot det biologiske mangfaldet størst.

Hordalandssymbol

Kvitryggspett, kusymre og koronitt har til felles at dei er valde til særmerkte representantar for hordalandsnaturen. 

Kvitryggspett

Kvitryggspetten er ein utprega vestlending, men det har ikkje alltid vore slik. Ein gong var arten vidt utbreidd i store delar av Vest-Europa. I dag er vår underart av kvitryggspetten å finna nær sagt berre på Vestlandet, etter at dei siste bestandane i Finland og Sverige og på Austlandet no er borte. Effektivisering og mekanisering av skogbruket er ei viktig årsak til dette, ettersom arten er avhengig av rik tilgang på daudt og døyande trevirke for å greia seg.

Kusymre

Kusymra er også typisk for Vestlandet, med ei kystnær utbreiing frå Aust-Agder til Sør-Trøndelag. Tyngdepunktet finn vi i Hordaland, der ho nokre stader er ganske vanleg på frisk, næringsrik jord. Ho blømer svært tidleg og er ein av dei første vårblomane, frå slutten av april og i byrjinga av mai. Attgroing av skog og plukking kan ha redusert utbreiinga lokalt.

Koronitt

Koronitt er ein anortositt med såkalla koronastruktur, ein særeigen bergart for delar av Hordaland, særleg Bergensområdet. Anortositt er ein lys størkningsbergart, som er danna under svært høgt trykk og høg temperatur. I grunnmassen er plagioklas (labradoritt) hovudmineralet. Der koronastrukturen er utvikla, er det forutan den kvite eller bleiklilla grunnmassen med jamstore, grove korn, tilfeldige korn av raud granat og pyroksen. I koronaen er det mørk pyroksen i midten og raud granat i ring rundt.

Verna natur i Hordaland

Det systematiske fredingsarbeidet skaut fart etter at dei tematiske verneplanane kom på dagsordenen. Kvart fylke skulle fremja verneplanar for ulike naturtypar. Hordaland var tidleg ute, men enno står nokre tema att, til dømes havstrand, kvartærgeologiske og berggrunnsgeologiske førekomstar og marint vern. 

 

Alt i 1983 vart 10 myrreservat verna. Her er rikmyrar, som Sjoalemyra og Iglatjødno på Stord, og meir næringsfattige myrar representerte. Hellandsnesjane naturreservat på Osterøy har fått internasjonal status som biogenetisk reservat.

 

I 1984 vart 19 område med edellauvskog verna i fylket. Dette er frodige og lune område som har preg av tidlegare bruk. Meir enn halvparten av områda har innslag av framande treslag, som gran og platanlønn. I dag vert det arbeidt med å fjerna framandelementa. Døme på viktige edellauvskogreservat er Hystad naturreservat på Stord, med den største svartolderskogen i landet og Vollom naturreservat i Lindås – den nordlegaste sjølvreproduserande bøkeskogen i verda.

 

I 1987 fekk fylket 70 sjøfuglreservat, som i hovudsak skal verna om hekkande sjøfugl. I 1990-åra har faglege registreringar vist at hekkemønsteret for sjøfugl endrar seg mykje. Oppunder 1/3 av reservata i fylket er no nesten utan hekkande fugl. Samstundes er det oppdaga gode førekomstar med hekkande sjøfugl utanfor verneområda. Det er mellom anna konstatert tilbakegang for terner, silde- og fiskemåse. På den andre sida har svartbak, gråmåse og grågås auka i tal. I nyare tid har ein også lagt ned eit arbeid for å kartleggja sjøfugl langs kysten utanfor hekkesesongen.

 

Verneplanen for våtmark resulterte i at 21 område vart verna i 1995, nesten 20 år etter at dei første fugleregistreringane i samband med denne verneplanen vart sette i verk. Herdla, som på mange måtar er det viktigaste fugleområdet i fylket, fekk vern alt på 1980-talet. Våtmarksverneplanen skal sikra levekåra for fugl, men med desse verneplanane vart også verdifull strandvegetasjon og elvedelta sikra.

 

Barskogverneplanen i Hordaland vart endeleg vedteken i 1999, med 8 reservat. Områda er nokså urørte, og skogen skal sikrast naturleg utvikling, utan inngrep. Kystfuruskogen vår er ein vestleg ytterpost av det store nordeuropeiske barskogbeltet. Barskogverneplanen dekkjer til saman 35 km2 skog, 20 km2 berre i Yddal i Fusa. I Otterstadstølen naturreservat i Modalen veks den vestlegaste naturlege granskogen i landet. Her har det vore gran og furu i naturleg konkurranse i minst 500 år. Det er skriftlege skildringar av denne skogen frå 1887, og alt på 1960-talet var det på tale å verna denne granskogen.

 

Hordaland har kanskje inntil halvparten av all barlind og truleg meir enn halvparten av all kristtorn i landet. Fylket har såleis eit viktig nasjonalt ansvar for desse treslaga. 13 område vart verna i år 2000. Dei største einskildtrea av både barlind og kristtorn finn vi i Sunnhordaland.

  • Kjempeeik

Berge i Tørvikbygd – frå punktfreding til landskapsvern

Delar av garden Berge i Tørvikbygd er eit døme på korleis naturvernet har endra seg gjennom 1900-talet. Her finst den største førekomsten av kjempeeiker i landet, og ei av dei vart freda i 1936. I eit felt på om lag 15 mål veks 28 store eiker med ein gjennomsnittleg omkrins i brysthøgd på 4,9 meter. Den største har ein omkrins på heile 9,3 meter. I tillegg finst mange andre store eiketre i området. 

 

Det heiter seg at høgda på eikestammene på Berge – slik dei står i dag – kjem av at trea vart kappa under den engelske blokaden i åra 1807–1814. Det gjekk då ut eit pålegg om at eiketre over ein viss tjukkleik skulle kuttast i ansiktshøgd. Føremålet var å hindra englendarane i å henta trevirke til krigsflåten.

 

Kjempeeikene veks i eit særprega kulturlandskap med ei blanding av beitemark, edellauvskog og ferskvatn. I 1930-åra var det ingen som tenkte på at det skulle vera naudsynt å ta vare på sjølve landskapet. Først i samband med verneplanen for edellauvskog i 1984 fekk området med kjempeeikene status som landskapsvernområde.

Vern av Stølsheimen

Arbeidet med vern av Stølsheimen var den største naturvernsaka i Hordaland på 1970-talet og «Aksjon Stølsheimen» fekk etterkvart stor tilslutning. I framgrunnen dåverande formann i Bergen Turlag, Nils A. Sørensen, i 17. mai toget i Bergen 1973. (Helge Sunde)

Bergfletta

I Noreg er det ei statleg oppgåve å freda natur, men lokalt kan verneframlegg skapa debatt. Bergfletta på biletet og fleire andre tre vart kappa som ein demonstrasjon på uviljen mot vern. Området var aktuelt gjennom verneplanen for barlind og kristtorn. Det vart aldri noko av planane her. (Bjørn Moe)

Havørna

Havørna er kanskje den aller største suksessen i norsk naturvern. På 1960-talet meinte mange at arten var utrydda som hekkefugl i Hordaland. I dag hekkar kanskje 70 par, og talet veks frå år til år. Det har samanheng med at folk har forstått at havørna ikkje er eit trugsmål mot bufe, men i staden et fisk og åtsel. (Tom Schandy/Samfoto)

Alle kan verna om levande liv, kvar på sin måte

Alle kan verna om levande liv, kvar på sin måte. Mange bønder merkar seg kor vipene legg egga sine, og flyttar reira når slåtten tek til. Viper kan tola slik handsaming, men dei fleste dyreartar greier det ikkje. På biletet er det bonde Øystein Ljostveit i Ølve som ber vipereira til side. (Svein Nord)

  • Angell-Petersen, I. 1992. Barlind og kristtorn i Vest-Norge. Utkast til verneplan. DN-rapport 1992–10.
  • Byrkjeland, S. 2003. Verna natur i Hordaland. Krompen 32:17–33.
  • Fylkesmannen i Hordaland 1980. Utkast til verneplan for edellauvskog i Hordaland fylke.Rapport.
  • Fylkesmannen i Hordaland 1980. Utkast til verneplan for myrar i Hordaland fylke. Rapport.
  • Moe, B. 2001. Inventering av verneverdig barskog i Hordaland. Fylkesmannen i Hordaland, MVA-rapport 2/2001.
  • Sleire, M. H. 1998. Undersøkelser om havørn i Hordaland 1988–98. Krompen 27:159–161.