• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

«Blæst» – Fredrik Kolstø

«Blæst» – Fredrik Kolstø (1860 – 1945).

Ein septemberdag, med nordvestkulingen kvinande kring husnovene i Øygarden mens maksvêret kviler over haustvarme lier  i Hardanger, eller ein aprilmorgon, med byrjande våronn i Sveio medan snøstorm stengjer vegane på Hardangervidda, viser oss kontrastane i klimaet i kystfylket Hordaland. Dei bråe skiftingane og motsetnadane i vêret er som eit epos om det vestnorske landskapet: I dette fjellrike havlandet, med dei djupe fjordane som skjer seg heilt inn til foten av dei store fjellviddene, skaper variasjonar i klimaet spenningar og kontrastar i naturen.

Dei mektige energitransportane

Når vi ser lette, kvite fjørskyer driva inn frå havet og vesthimmelen gradvis bli dekka av tunge, mørke skyer, mens vinden frisknar til frå sør og sørvest, kan vi rekna med at regnet snart vil piska oss i andletet. Vi veit at lågtrykka kjem sigande inn frå havet og at vêrlaget i Hordaland er sterkt prega av havet utanfor. Og ofte spør vi oss:  Kvar kjem dei frå, desse tunge, mørke og nedbørrike skyene og dei sterke vindane? Korleis oppstår dei?

Forklaringa er i grunnen enkel. Norskekysten er den nordlege delen av austgrensa til det store Atlanterhavet. På grunn av jordrotasjonen strøymer lufta nordover frå dei varme havområda nær ekvator utanfor Mellom-Amerika, langs austkysten av USA og vidare nord-austover rett mot Norskekysten. Denne varme lufta er svært fuktig, og når den ute i Nord-Atlanteren møter kaldare luft som kjem sørover frå pol-områda oppstår det vi kallar ein front. Det blir ei sone med ei blanding av varm og kald luft som ikkje kan halda på så mykje fuktigheit og resultatet vert kondensasjon og regn. Og når denne lufta støyter mot Norskekysten vil landskapet og fjella forsterka denne prosessen.
På Vestlandet dominerer derfor luftstraumar frå vest og sørvestleg kant - vestavindsbeltet. I blandingssona, fronten, mellom den varme, fuktige lufta frå sør og den kalde lufta frå nord vert det ofte danna sterke lågtrykksbølgjer, syklonar, serleg i området sørvest for Island. (Ramme: Bergensskolen). Når slike lågtrykk kjem inn over Vestlandet, kjem ofte vinden først frå sør og søraust før den etter nokre timar dreier og kjem frå vest og til slutt frå nordvest.
Desse luftstraumane transporterer kolossale mengder med varme. Områda nær ekvator får gjennom året inn langt meir solenergi enn områda lengre nord og lengre sør. Dette overskotet av varme vert transportert nordover og sørover både av havstraumar og luftstraumar, og på denne måten vert det ei utjamning av varmen  i det årlege globale varmebudsjettet. I Atlanterhavet er det Golfstraumen som står for  den største transporten av varmt havvatn nordover. Utan denne varmetransporten i havet ville vinterklimaet  her vore 8-10 oC kaldare enn i dag. Likevel er varmetransporten i atmosfæren, av varm luft og kondensasjonsvarme, enno viktigare. Sjølv utan Golfstraumen ville luft-temperaturen her nord vore relativt høg.

Serleg om hausten og vinteren fører dei mange syklonane store energimengder inn over Hordaland. Her er det eit årlege strålingsunderskot på om lag 600 kilowatt-timar per kvadratmeter som på denne måten vert erstatta av kondensasjonsvarme.

Landskapet og Klima

Når det kjem uroleg syklonvêr inn frå vest vil ikkje landskapet skapa vind og klimakontrastar,  men landskapet vil påverka klimaet; og serleg då nedbør og vind. Vindstyrken blir kraftig redusert austover, landskapet justerer vindretninga, og det meste av nedbøren fell ned i fjellområda i vest. Syklonane, som serleg om hausten og vinteren kan vera kraftige stormsenter, kjem ofte på rekkje og rad etter kvarandre, berre avløyste av kortvarige høgtrykk som gir opphaldsver. Men, av og til byggjer det seg opp sterke og stabile høgtrykk som i lengre periodar gir lite vind og dermed mindre påverknad frå havet. Då er det landskapet sjølv - ikkje berre fjell, dalar og fjordar, men også skog, eng og vatn -  som kan gi store lokale og regionale kontrastar i  lufttemperatur, luftfukt og lokale vindar. Solstrålinga gir dei ulike flatene ulik temperatur. Varmestrålinga og fordamping tilbake frå jordoverflatene gir dermed ulik oppvarming og avkjøling av lufta over - og resultatet vert rørsler i luftmassane.
I mykje større skala, kan det i slike høgtrykksperiodar ofte bli store skilnader i temperaturen mellom landområda og havet utanfor. Slik vert monsunvindane til, solgangsbris inn mot land  om sommaren og frålandsvind om vinteren. Desse vindane er danna av temperaturskilnadene melom land og hav. 

Vind

Vinden er eit viktig element i det vêret vi opplever på Vestlandet, anten vi  kavar oss fram i sønnavind og  regn,  i bitande nordavind, eller nyt den svalande sjøbrisen ein varm sommar-ettermiddag. Storstormane set gjerne merke i kalenderen;  som orkanen i januar 1994, då store furutre var knekte som fyrstikker og hustak flaug gjennom lufta fleire hundre meter. Vindmålingane for Hordaland  syner at det er store skilnader mellom målestasjonane, både i vindretning og vindstyrke. I gjennomsnitt for vinteren har t.d. Slåtterøy fyr vindstyrke 6,3 meter i sekundet (laber bris), medrekna 5% av tida som etter statistikken er vindstille, mens tilsvarande tal for Omastrand er 2,4 m/s (svak vind)  og 1% vindstille og for Ullensvang 1,7 m/s (svak vind) og 32% vindstille. Om sommaren viser målingane den same tendensen.

Dei mange syklonbølgjene som kjem inn over Vestlandet, gir raske og store omslag både i vindretning og vindstyrke. Lokalt kan vinden verta sterkare ved innsnevringar, gjennom skar og over fjellryggar. Men i det heile vert luftstraumane frå havet bremsa av alle hindringane dei møter i landskapet – frå fjell og høgder til vegetasjon og bygningar. Vinden i låglandet inne i landet er difor, slik karta viser, i gjennomsnitt  mykje spakare enn på kysten. Og, sjølv om syklonane i vestavindsbeltet  pregar vêret sterkt i Hordaland, er likevel vind frå vest og sørvest ikkje framherskande i vindstatistikkane frå Hellisøy og Slåtterøy fyr ytst på kysten. Vi ser at om sommaren er det flest dagar med nord- og nordvestlege vindar og om vinteren flest dagar med sør- og søraustlege vindar på desse stasjonane. Dette har samanheng med monsunvindane.

Solgangsbrisen – ein del av sommarmonsunen

Dei fleste vil gjerne forbinda monsunvindar med sørlegare strok. Hjå oss har vi like fullt vindar som oppstår på same måte,  sjølv om andre namn vert nytta. Monsunvindane gir opphav til og forsterkar lokale vindar. Namna er mange, alt etter kvar dei opptrer.

Om sommaren, på godvêrsdagar, vil solskinet raskt varma opp landområda til ein langt høgare temperatur enn havet utanfor. Sidan den varme lufta over land er lettare enn den kaldare lufta over havet, vert det danna eit svakt lågtrykk over landområda. Den varme lufta over land vil stige oppover og vert erstatta med litt kjølegare luft som kjem inn frå havet. Dette er  sommarmonsunen. Den litt kjølege og fuktige lufta frå havet vert etter kvart varma opp inn over landet – innover fjordane og oppover dalane. Om formiddagen er vinden nokså spak, men aukar gjerne i styrke til litt utpå ettermiddagen. Langs kysten vert denne luftstraumen kalla sjøbris, for mange meir kjent som solgangsbris eller havgula. Opp dalar kan denne brisen også verta lokalt forsterka av dalvinden, som oppstår på grunn av ulik oppvarming av dalbotn, lier og fjellsider.

På kysten vil solgangsbrisen om formiddagen blåsa rett inn mot land. På grunn av jordrotasjonen (Ramme: Ei vrien ”kraft") vil vindretningen ut over dagen bøya av mot høgre, samstundes som vindstyrken aukar. Derfor blæs vinden utpå ettermiddagen om lag  parallelt med kysten - i Hordaland vil det seie frå nord til nordvestleg kant (Hellisøy og Slåtterøy, Kart II). 

Mot kvelden vil avkjølinga av landområda skje mykje raskare over land enn over sjøen. Kald  og tung landluft tek til å siga ut mot sjøen. Landbrisen er i gang. I Hordaland er nattebrisen sommarstid oftast ein svak vind ut fjordane. Lokalt kan denne vinden verta litt forsterka av kaldluftsig ned dalar og lier;  fjellvind.

Vintermonsunen

Landbris og fjellvind kan opptre til alle årstider, men er sterkast og mest vedvarande i roleg klarvêr vinterstid. Forholda er då det motsette av det som skjer på sommardagane: I godvers-periodar om vinteren blir landområda kaldare enn havet utanfor, det blir eit høgtrykk over land, og den kalde og tunge innlandslufta strøymer ned gjennom dalar og ut fjordar mot havet, der luftstraumen vert bøygd av mot høgre. Langs Hordalandskysten blæs denne vintermonsunen då frå sør- til søraustleg kant. Og på Slåtterøy og Hellisøy vil, som tidlegare nemnt, observasjonar av vindar frå sør-søraustlege kant vera vanleg vinterstid når lågtrykka kjem inn over området.

Vinden bøyer av langs dalar og fjordar

I Bergensdalen, og endå meir i Modalen, vil luftstraumane i stor grad følgja dalretningen. I dei mange fjordane og dalane i indre delar av fylket er luftstraumane på same måten styrde av konturane i landskapet. I Hardangerfjorden er vintermonsunen såleis ein svak vind ut langs fjorden. På Omastrand er det likevel registrert mest vind frå vestlege retningar om vinteren fordi stasjonen ligg i ly for vindar frå nordaust. Dessutan gir tilsig av kaldluft frå fjellet og lia svake vindar frå vest- og nordvestleg kant. Slik innverknad frå landskapet på det lokale vindmønsteret finn vi i mange fjordbygder i fylket.

Lengre inne i Hardangerfjorden og i Eidfjord vil både sommar- og vintermonsunen følgja fjordretninga. Om vinteren kan det i eit oppdelt fjordsystem oppstå sterke fallvindar og kastevindar. Serleg har dette vore tydeleg på Samlafjorden og Kvinnheradsfjorden. Tidlegare, då det meste av ferdsla skjedde i opne båtar, var dette frykta fjordstykke (Ramme: Kuling i utsette fjordstrok). I Sørfjorden går fjordretninga på tvers av dei lette monsunvindane og dei er derfor mindre merkbare.  Og, i vinterhalvåret vil hyppigste vindretning her vera frå aust på grunn av  kaldluft som sig ned frå Hardangervidda.

I dei meir opne områda heilt ute på kysten derimot, slik som på målestasjonane på Hellisøy og Slåtterøy, eller Flesland litt lengre inne, er vindretninga lite påverka av den lokale topografien. Vindstatistikkane her er derfor representative for frittliggjande område i ytre til midtre strok av Hordaland. Vindretningen i høgfjellet, slik målestasjonen Slirå vest for Finse viser, er også mindre prega av landskapet. Den gjennomsnittleg vindstyrken er som på kysten. Her er oftast vind frå vestleg retning, både sommar og vinter, og det viser at luftstraumane i vestavindsbeltet vert langt mindre avbøygde her enn i låglandet.

Den sterke vinden

Registreringar på Hellisøy fyr syner at ein her kan venta, i løpet av eit år, 61 dagar med sterk kuling og 9 dagar med storm. Observasjonane frå Slåtterøy fyr gir noko lågare stormtal,  men her er notert orkan 2 gonger i perioden 1961-1975. Av dei andre stasjonane i fylket er det berre stasjonen Fredriksberg i Bergen som har registrert - og i Modalen observert - sterkare vind enn liten storm i same perioden. At Ullensvang har fleire dagar med liten storm enn til dømes Flesland, kjem kanskje av at det ved visuell vurdering av vindstyrke ofte er lett å vurdera styrken i sterk vind noko høgare enn han verkeleg er.
     
Tidsrommet 1961-75 gir eit godt bilete av vindmønsteret i Hordaland. Dei siste 20-30 åra har det vore ein tydeleg tendens til aukande lågtrykksaktivitet og meir sterk vind i vestavindsbeltet – serleg på seinhausten og om vinteren. I vêrstatistikken etter 2000 vil også storstormen 23. januar 1994 koma med. (Ramme: To stormar ein vil minnast i Bergen).

Lufttemperaturen

Tek du ein biltur frå Telavåg til Voss ein fin januardag,  kan du oppleva nokre få plussgrader i Telavåg og under 20 kuldegrader på Voss. Ved ein tilsvarande tur ein dag i juni kan termometeret visa omkring 10 grader i Telavåg og godt over 20 grader på Voss. Havlufta som kjem inn over Hordaland, er sterkt påverka av temperaturen i havoverflata utanfor - og denne endrar seg relativt lite gjennom året. I Golfstraumen ved Færøyane er havtemperaturen i den kaldaste månaden, februar, i gjennomsnitt omlag 7 grader, og i den varmaste månaden, august, omlag 12,5 grader. I Nordsjøen, inn mot Norskekysten, er årstidsvariasjonen noko større. Endå om det er stor skilnad mellom ”havgula sval og linn” og ein vinterstorm frå nordvest, er lufta som blæs inn mot kysten sjeldan korkje serleg varm eller ekstremt kald.

Sidan landflata vert varma opp og avkjølt mykje raskare enn havet, er sommartemperaturen til vanleg høgare og vintertemperaturen lågare til lengre inn vi kjem frå kysten.  Frå midten av april og fram mot slutten av august vert det gradvis varmare frå Slåtterøy (15 m o.h.) til Upsangervatn i Kvinnherad (60 m o.h.) og Ullensvang (12 m o.h.) . Resten av året er tendensen motsett: Normaltemperaturen på desse tre stasjonane er høgst på Slåtterøy og lågast i Ullensvang. Endå større forskjell mellom vinter og sommar er det på Voss (61 m o.h.), der landskapet - serleg vinterstid når Vangsvatnet er islagt - fører til oppsamling av kaldluft i roleg klarvêr (Ramme: Inversjon – "varm lisone").

Om sommaren vil nærleiken til havet gi oppvarminga av lufta på Slåtterøy eit tydeleg etterslep. Her får ein høgast temperatur i august, samstundes som sjøtemperaturen når sitt årlege maksimum. Vêrstasjonane lengre inne i fylket passerer maksimumstemperatur i juli. På målestasjonen på Florida i Bergen (12 m o.h.), som er litt nærare kysten enn Upsangervatn, ligg temperaturen haust og vinter mellom temperaturane på Slåtterøy og Upsangervatn. Om våren har Bergen høgare temperatur enn dei fire andre stasjonane, og også om sommaren er her varmare enn ved Upsangervatn. Bergen har også den nest høgste årsmiddeltemperaturen, 7.6 grader, ein fattig tidel etter Skudeneshavn. I Bergen er luft-temperaturen påverka av byen. Trafikk, oppvarming av hus og anna verksemd hindrar oppbygging av inversjonar i byområdet og i sommarhalvåret vil sol-oppvarming av bygningar og gater gi litt høgare temperaturar i byen enn i omlandet.

Dei daglege svingingane i lufttemperaturen

På godvêrsdagar om sommaren vert landområda varma opp mykje raskare enn sjøen, og temperaturmålingar på vêrstasjonane viser tydeleg korleis  landskapet verkar inn på lufttemperaturen. Ved jonsokleite er sjøtemperaturen på kysten framleis låg, og den lokale sol-oppvarminga på Slåtterøy har liten verknad på den kjølege sjøbrisen, men dag-temperaturen stig markert frå kysten og innover. I Ullensvang er sol-oppvarminga først på dagen og avkjølinga mot kvelden ein god del forseinka jamført med dei andre stasjonane. Dette kjem av at morgonsola kjem seint på austsida av Sørfjorden, mens ettermiddagssola når fram med full styrke. Sjøtemperaturen i Sørfjorden er litt høgare enn på kysten og difor blir luft-temperaturen nær fjorden tilsvarande høgare om natta. På Voss er det oppsamling av kaldluft også i klare, stille og stutte sommarnetter.

Varme og vekst

Kvar plante har sine bestemte klimakrav, til lys og temperatur og til nedbør og vind. På Vestlandet er det varme og lys i vekstsesongen  som set  grenser for vekst og utbreiing av mange ulike ville planteslag, og for dyrkingsområdet for kulturplanter. Vinteren med kulde og frost er og viktig for utbreiinga, likeins sterk vind i ytre kyststrok.

Veksten kjem i gang først når temperaturen stig over ein viss minstetemperatur, og denne er ofte ulik for ulike planteslag. I jordbruket er vekstsesongen definert som den delen av året som har døgnmiddeltemperatur høgare enn 5 grader. Og, som eit mål for vekstklimaet er valt varmesummen –  som er summen av døgnmiddeltemperaturar over 5 grader. Ved hjelp av  målingane frå dei meteorologiske stasjonane kan vi kartleggja skilnadene i vekstsesong og varmesum i fylket. Tala gjev eit grovt bilete – det vil alltid vera store lokale variasjonar som dei ikkje viser. Til dømes vil ei sørvend li alltid få høgare varmesum enn ein nordvend, til tross for at avstanden berre er nokre få hundre meter (Ramme: Strålingsklima og snøsmelting). Mange av stasjonane ligg også langt frå der det er jordbruk, slik som Slåtterøy, Florida i Bergen og Svandalsflona. Tala gir like fullt eit mål for potensialet i desse områda – dersom jorda hadde vore dyrka.

I gjennomsnitt er det små skilnader i lufttemperaturen mellom låglands-stasjonane i starten av vekstsesongen. Florida i Bergen  merkjer seg ut med tidlegaste  sesongstart, 9. april, det vil seia 6-7 dagar før Ullensvang,  Omastrand, Upsangervatn og Slåtterøy.  Florida får ein liten tjuvstart delvis fordi varme frå byen medverkar til oppvarminga. På Voss, med lågare nattetemperaturar enn det som elles er vanleg i fylket, byrjar vekstsesongen omkring 12 dagar seinare enn i Bergen. Høgtliggjande stader som  Reimegrend (590 m oh.) og Svandalsflona (1048 m oh.) er 27 og 50 dagar seinare enn Bergen. Så høgt vil sjølvsagt også det lokale snødekket vera avgjerande for veksten.

Innlandet har stuttare vekstsesong enn kysten, og skilnadene i slutten av vekstsesongen er store. Medan vekstsesongen på Slåtterøy held fram til 24 november i gjennomsnitt, vert den i Ullensvang avslutta 25 dagar tidlegare på hausten. Voss har endå 13 dagar kortare vekstsesong enn Ullensvang. Men på denne tida om hausten har ein lengre vekstsesong stort sett liten verdi for plantene. Dagane er korte og for dei fleste planter er det nå for lite solskinn.

I jordbruket, og spesielt for fruktdyrkarane, er vekstklimaet om våren og sommaren derfor viktigare for planteveksten enn klimaet om hausten - ”ein dag om våren er som ei veke om hausten”. Den høgste varmesummen for vår og sommar (april-august) finn vi, som venta, i låglandet på fjordstasjonane i indre strok.  Hjeltnes som ligg lunt til i Ulvikfjorden, toppar lista. Hadde det vore ein stasjon med god plassering i Osafjorden, ville tala venteleg vore enno høgare der. Vi kan og merka oss at både Omastrand og Bergen (Florida) har nær same varmesum som Ullensvang. Den høge varmesummen i Bergen kjem som nemnt av byeffekten, mens søraustvende Omastrand ligg i ly for kjølig nordleg vind. I låglandet på kysten har fyrstasjonane dei lågaste varmesummane for vår og sommar. Men også Flesland, som ligg fritt eksponert, har utprega kystklima.

Lufttemperatur og høgd over havet

Vi kjenner alle til at det vanlegvis er kaldare i fjellet enn i låglandet. Over tid er dette temperaturfallet i atmosfæren om lag 0,6 grader per 100 m. Temperaturen på Ulriken (600 m o.h.) er difor om lag 4 grader lågare enn i Bergen sentrum. Denne høgdeverknaden kjem også tydeleg fram i forskjellen i varmesummar  mellom vêrstasjonane Ullensvang (12 m o.h.), Bu i Eidfjord (117 m o.h.), Reimegrend (590 m o.h.) og Svandalsflona (1048 m o.h.). Men landskapet kan i einskilde område skapa ugreie i dette mønsteret (Sjå ramme: Inversjon).  Sjølv om Voss (61 m o.h.) ligg om lag på same høgde som Hjeltnes (60 m o.h.), kan skilnaden i temperatur, både sommar og vinter, vera stor.
     
Innverknaden som landskapet har på temperatur-klimaet, er kanskje mest tydeleg vinteren.  Den lågaste, normale døgnmiddel-temperaturen på Reimegrend er den same som på Voss,  og på Svandalsflona er den berre 1,5 grader lågare enn på Voss. Det vil seia at Voss, som ligg i eit ”kuldehol”, har om lag dei same vintertemperaturane som dei meir høgtliggjande stasjonane.

I kuldebolkar – roleg klarvêr med svak frålandsvind  er temperaturskilnadene serleg store. Dei lågaste vinter-temperaturane som vart registrerte i åra 1956-65, var på frittliggjande stasjonar som Slåtterøy minus 9,8, Bergen (Florida) minus 11,1 og Ullensvang  minus 13,0 grader. Tilsvarande temperaturar på  Voss og i Modalen var høvesvis minus 27,3 og minus 22,5 grader, medan den frittliggjande høgfjellstasjonen, Svandalsflona hadde  minus 23,5 grader.                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                             
     
Gjennomsnitts-temperaturane varierer mykje frå år til år, i Hordaland som i resten av landet. Normal vintertemperatur (gjennomsnittleg temperatur for perioden desember – februar, 1961 - 1990) var i Bergen 1,9 grader. Vinteren 1989/1990 var snittet på 4,7 grader og  1979/1980 minus 0,9 grader. Vinteren 1979/1980 var den strengaste på Vestlandet i dette hundreåret. Mange minnest nok problema med frosne vassleidningar, og dei omfattande frostskadane på hageplantane som  kom til syne frampå føresommaren.

Normal sommartemperatur (gjennomsnitt for perioden juni – august, 1961-1990) i Bergen er 14,1 grader. Tilsvarande normal-temperatur for Stavanger er 13.8 grader, for Kristiansand 14.9 grader, for Oslo 15.6 grader og for Trondheim 12.7 grader. Den  høgste sommartemperaturen i førre hundreåret, 16,8 grader, hadde Bergen i 1997. Også sommaren 2002 var gennomsnittet på 16,8 grader. Den kaldaste sommaren var i 1928. Då var det berre 11,2 grader og med uår på mykje av årsveksten i fylket, serleg på frukthausten i Hardanger. Kjølige og ofte våte somrar – som fører til mindre og dårlegare avlingar -  er ikkje sjeldne, korkje på Vestlandet eller i resten av landet.

Ein provins i nord

Noreg ligg som ein nordleg provins i Europa, ut mot Norskehavet og Nord-Atlanteren. Utan  varmluft frå sør og Golfstraumen ville det knapt ha vore levelege vilkår langs våre kystar; då ville gjennomsnitts-temperaturane ha vore vesentleg lågare, både sommar og vinter. Men desse klimatiske motorane langs Vestlandskysten skaper eit klima som har gitt livsrom for frostvare planteslag og  utegangarsauer i dei milde atlanterhavsvintrane. At det også kan slå til med temperaturar på over 30 grader ein solrik sommardag inne i fjordbotnane, med sjøtemperaturar over 20 grader, høyrer med til biletet  i dette etter måten ubereknelege vêrfylket. Bøttevis med nedbør og temperaturar som like godt kunne høyre vinteren til er også vanleg sommarstid. Vestlandsvêret har derfor gjort den moderne Vestlendingen til eit solhungrig folkeferd.

  • Jacob Bjerknes
  • Døme på Bergensskolens syklonmodell på vêrkart og i snitt

Bergensskolen - moderne vêrvarsling blir til

Serleg sjøfolk var tidleg merksame på at nedbør og  sterk vind var knytt til fallande barometerstand og lågt lufttrykk. Men det var først i byrjinga av det førre hundreåret at forskarar tok til å setja saman informasjon og kunnskap som vart grunnlaget for moderne vêrvarsling. Ei lita gruppe meteorologar ved Geofysisk institutt, Bergens Museum, leia av Vilhelm Bjerknes, skapte det store gjennombrotet mot slutten av og like etter den første verdskrigen. Hausten 1918 laga 21-åringen Jacob Bjerknes – son av Vilhelm – ein syklonmodell som  gruppa utvikla vidare, slik at modellen gjorde greie for strukturen og utviklinga av eit vandrande uvêr på våre breiddegrader. Sentralt i denne modellen er endringane i vêret langs polarfronten. Dette arbeidet, som vart kjent som Polarfrontteorien eller Bergensskolen i meteorologi, er ein av dei største bragder innan norsk naturvitskapleg forsking. Nye kunnskapar – serleg om høgare luftlag – har ført til betre tilpassingar av modellen. Men hovudtrekka i denne teorien er framleis ein korrekt framgangsmåte for å laga eit bilete av vêret i samband med vandrande lågtrykk og høgtrykk på våre breiddegrader.

 

  • Lillian Kalve ved Vêrvarslinga på Vestlandet
  • Kart over målestasjonar i Hordaland
  • Fløystangen ved Fløistuen i Bergen kring 1890

Vi observerer vêret

Ved alle vêrstasjonar i Noreg blir det gjort observasjonar til faste klokkeslett, kl. 07, 13 og 19, av temperaturar, luftfukt, skyer, vind og nedbør. Nedbøren blir samla opp, og nedbørmengde sidan sist observasjon blir notert kl. 07 og kl. 19. Vindretninga blir oftast målt ved hjelp av ein vindfløy (vêrhane) og vindstyrken blir vurdert ut frå verknadane på naturen omkring målestaden; bølgjer på sjøen, tregreiner som svaiar, flagg som blafrar eller lette ting som blir ført bortover med vinden. Det blir også ført notatar om nedbørtype (regn, yr, snø, hagl ol), sikt,  snødekke og snødybde. Stadig fleire stasjonar blir no utrusta med instrument som registrerer vindstyrke og vindretning automatisk.

Samtidige observasjonar frå utvalde stasjonar kring og i Nord-Atlanteren og Norskehavet blir nytta i modellar som gir grunnlag for å varsla vêret både i Noreg og andre land i Europa. Vêrdata frå desse stasjonane skal mest mogeleg gi eit bilete av dei store linjene i vêret i området der målestaden ligg. Kyst- og fjellstasjonane  i Hordaland har derfor  ei ideell plassering, fordi vêret her er lite påverka av topografien rundt stasjonane. I midtre og indre strok vil derimot høge fjell og tronge fjordar og dalar gi det observerte vêret sin spesielle lokale vêr-variant.

  • En vrien kraft

Ei vrien kraft

Jorda dreier seg ein gong rundt jordaksen i løpet av 24 timar. I forhold til eit fast punkt utanfor jorda vil overflata på nordpolen berre dreia langsamt rundt medan eit punkt på ekvator har ein fart på 1667 km/t. For å illustrera korleis denne jordrotasjonen verkar på rørsler i atmosfæren og havet, kan vi bruka eit svært enkelt eksempel: La oss tenkja oss at vi står på Nordpolen (N i Figur 5), og at jordoverflata er dekka av heilt glatt is, og at ei kule kan trille på flata utan å bli bremsa av friksjon eller luftmotstand. Vi trillar kula med liten fart og siktar den inn mot eit mål nokre mil lenger sør (M). Dersom jorda sto stille, og vi sikta rett, ville kula treffa målet. Men, sidan jorda dreier og flytter målet frå vest mot aust samtidig som kula trillar sørover,  vil kula derfor passera vest for målet, slik det er skissert i figuren. Vi merkar ikkje jordrotasjonen, så for oss ser det ut som om kula er blitt bøygd av mot høgre. Denne avbøyinga mot høgre møter vi i all storstilt rørsle i luft og hav på den nordlege halvkula. På den sørlege halvkula skjer tilsvarande avbøying mot venstre.

  • Vind i fjorden

Kuling i utsette fjordstrok

Hardanger og serleg Samlafjorden er kjend for sterk austavind om vinteren. Frå 27. februar til 1. mars 1991 låg det eit kraftig høgtrykk over Sør-Noreg med sterkt trykkfall frå indre Hardanger mot kysten. Det vart registrert sterk austavind desse dagane. Sterkast var vinden natt til 28. februar. På Bu i Eidfjord, der det var sett opp vindmålarar i samband med planlegginga av Hardangerbrua, var då vindstyrken oppe i stiv kuling (19 m/s) med vindkast oppe i 28 m/s (full storm). I Bergens Tidende 2. mars vart det meldt at eit kraftig uvêr hadde øydelagt eit oppdrettsanlegg i Tørvikbygd, og ”75.000 glade lakser hadde fått muligheter til et liv i frihet”. Ut mot kysten var austavinden spakare. Flesland, Slåtterøy og Hellisøy hadde berre lett til laber bris desse dagane.

  • Oljerigg i møte med Puddefjordsbroen etter stormen 23. januar 1994. (Helge Sunde)
  • Rommetveit, Stord

To stormar ein vil minnast i Bergen

”Det verste uvêr i Bergen sidan 1949” sa ein representant for parkvesenet i Bergen etter storstormen  om morgonen 23. januar 1994. Lokalt i parkar og skog hadde orkankasta teke knekken på sjølv dei største trea. I Fjellveien nær Fløybanen låg såleis  kjempestore tre knekte som fyrstikker. Skadane på småbåtar var også mange og store, og på Bergen hamn rauk ankerfestet på ein oljerigg som dreiv inn i Puddefjordsbrua. Ein må attende til nordveststormen natt til 30. januar 1949 for å finne tilsvarande stormskadar i Bergensområdet. I 1994 vart det straumbrot ved dei første sterke vindkasta og vindmålaren på Geofysisk institutt rakk å registrera vindkast på 39 m/s (orkan) før den stogga. På Flesland var den høgaste middelvinden 27 m/s (full storm) med vindkast opp i 41 m/s. Vindregistreringane på Geofysisk institutt i 1949 gir ein maksimal middelvind på 28 m/s med vindkast opp i 39 m/s. Begge desse stormane herja over store delar av vestlandskysten. I seinare tid har vi hatt minst ein periode med sterk storm kvar vinter, men så langt har ingen gjort meir skade enn stormen i 1994.

  • Inversjon

Inversjon

Når det er lite vind vert dei nedste luftlaga i hovudsak varma opp og avkjølte av jordoverflata. I stille, klare netter – strålingsnetter – blir serleg opne og trelause landflater raskt avkjølte. Den kalde og tunge lufta nær bakken vil då sige nedover skråningar mot område nedanfor i landskapet og samla seg i søkk og over flater. Og med lite vind blir det inga blanding av lufta. Då får vi ofte ei vertikal temperaturfordeling som vi kallar ein inversjon, dvs. det er kaldast ved bakken og luft-temperaturen stig oppover. Over dette kaldluftlaget og inversjonen vil lufttemperaturen igjen bli lågare med høgda. Fordi den kaldaste og tyngste lufta ligg nederst, er det lite eller inga vertikal blanding i dette kaldluftslaget. Toppen av inversjonen i ein lokalitet er oftast bestemt av landskapet kring og i dette nivået vil lufttemperaturen i slike situasjonar avta både oppover og nedover. I mange dalføre, eit stykke oppe i lia, finn ein derfor eit belte – den varme lisona , som om vinteren har ein markert høgare temperatur enn dalbotnen. I dette området finn ein ofte varmekjære vekstar som ikkje ville klart vintertemperaturane i høgare eller lågare nivå.

  • Kontrasten i snøsmeltinga mellom dei sørvende og nordvende liene langs Oppheimsvatnet kjem tydeleg fram denne aprildagen.

Strålingsklima og snøsmelting

På klare, stille dagar er det gjerne ein nær samanheng mellom skilnader i solstråling og  dagtemperatur innanfor avgrensa område. Serleg vår og haust får ein sørvend bakke mykje meir direkte solstråling enn ein nordvend. Verknaden av dette kjem tydeleg fram i biletet frå Oppheim (Voss). Første halvdel av april 1975 var solrik med lite nedbør på Vestlandet. Ved slikt vêr blir lokale skilnader i snøsmeltinga serleg markerte. Men også i meir normalt vestlandsvêr kjem våren tidlegast i lune sørhellingar. Ved Oppheimsvatnet er det såleis vanleg at sauene kan sleppast på beite to-tre veker tidlegare på nordsida enn på sørsida. Framleis er det bønder på sørsida som ”aotar” (spreier jord, oske eller naturgjødsel på snøen) om våren for å skunda på snøsmeltinga. I solrikt vêr kan dette korta ”vinteren” med eit par veker.

Vindròser for juni–august

Vindròser for juni–august (sjå symbolforklaringa i figurteksten til kartet under). Sommarmonsunen – nordvestleg vind langs kysten og pålandsvind inn fjordar og opp dalar (markert med raude piler) – er framherskande om dagen i godvêr. (Kåre Utaaker/Sverre Mo)

Vindròser for desember–februar

Vindròser for desember–februar. Vintermonsunen – frålandsvind ned dalar og ut fjordar – som bøyer av mot høgre langs kysten (markert med blå piler) er framherskande i roleg, kaldt vêr.

I vindròsene (gjennomsnitt for desember–februar 1961–1975) fortel lengda på «klubbene» kor ofte det blæs frå ulike vindretningar i prosent. Breidda og fargane på klubbene gir vindstyrken. Florida i Bergen har t.d. sør-søraustvind i 35 % av tida. I 13 % av denne tida (svart del av klubba) blæs det flau/svak vind (0,3–3,3 m/s), i 18 % (grøn del) lett/laber bris (3,4-7,9 m/s) og i 4 % (raud del) frisk bris eller sterkare vind (over 8 m/s). Talet i sirkelen er vindstille 17 %, og gjennomsnittleg vindstyrke er 3,6 m/s. (Kåre Utaaker/Sverre Mo)

Grantre på Herdla

Ingen tvil om vindretninga. Grantre på Herdla. (Svein Nord)

«Vindmøllen på Sydneshaugen.»

Vindmølledebatten er av nyare dato, men ikkje vindmølla. «Vindmøllen på Sydneshaugen.» Måleri av Julius Holck, 1908.

Talet på dagar med 10-minuttars middelvind sterk kuling og sterkare for ein del stasjonar i Hordaland. Årsgjennomsnitt for perioden 1961–1975. (Endre Skaar/Sverre Mo)

Talet på dagar med 10-minuttars middelvind sterk kuling og sterkare for ein del stasjonar i Hordaland. Årsgjennomsnitt for perioden 1961–1975. (Endre Skaar/Sverre Mo)

Den årlege variasjonen og årleg gjennomsnitt for lufttemperaturen på fem vêrstasjonar i Hordaland

Den årlege variasjonen og årleg gjennomsnitt for lufttemperaturen på fem vêrstasjonar i Hordaland (normalverdiar for døgnmiddeltemperatur 1961–1990). Arealet mellom temperaturkurva og femgradersstreken er eit mål for varmesummen i vekstsesongen, her vist for Slåtterøy fyr. Grønt område:Vår–sommar. Oransje område: Haust. (Endre Skaar/Eva Bjørseth)

Den daglege svinginga og døgnmiddel for lufttemperaturen på fire vêrstasjonar i Hordaland

Den daglege svinginga og døgnmiddel for lufttemperaturen på fire vêrstasjonar i Hordaland. Gjennomsnitt for fem godvêrsdagar (20.–24. juni 1977). (Endre Skaar/Eva Bjørseth)

Varmesummar og lågaste døgnmiddeltemperatur i året

Varmesummar og lågaste døgnmiddeltemperatur i året for 19 stasjonar i Hordaland og 1 stasjon i Nord-Rogaland (normalverdiar 1961–1990). Døme: I Ullensvang, 12 moh., er varmesummen vår–sommar 1037 °C, haust 230 °C og lågaste døgnmiddel –0,6 °C. (Kåre Utaaker/Sverre Mo)

Ein varm augustdag i Indre Hardanger

Ein varm augustdag i Indre Hardanger. Ågot, ni år (t.h.), og Mona, tolv år, hoppar i fjorden ved Bjotveit. (Svein Nord)

  • Aune, B. 1993. Temperaturnormaler, normalperiode 1961–1990. DNMI-klima, Rapp. No. 02/93.
  • Utaaker, K. 1960. Local variations in the climate of Sørfjord, Vestlandet,  Geographical Studies, Skrifter fra Norges Handelshøyskole, Geografisk avd., Avh. No.7.
  • Utaaker, K. 1984. Vær og klima. I: NORGE. Bd. I :179–219.Cappelen Forlag.