• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Jaktfalk

Skal du leva i fjellheimen på våre kantar, må du rekna med mykje uvêr. Regnet i Hordaland er ei utfordring for mange dyreartar, og storparten av fuglane hjå oss oppsøker andre land i den mørkaste, kaldaste og våtaste årstida. Jaktfalken er ikkje vanleg i fylket i dag, men det kjem av andre forhold enn eit lite gjestmildt klima. Dei fleste jaktfalkane flyttar seg ikkje så langt frå heimetraktene om vinteren. Sjølv om ungfuglen på biletet sikkert kunne tenkt seg å vera ein heilt annan stad, er han tru mot fedrelandet i gode og vonde dagar. (Roar Solheim)

«Når liene grønkar som hagar, når det laver av blomar på strå», kan vi ingenstad venare sjå enn vårt eige heimfylke. Men når haustregnet set inn, når månader med veksling mellom snø, slaps og regn står for døra, kunne nokon kvar tenkja seg til eit varmare land. Dei færraste kan kjøpa seg hus i Spania, fleirtalet må nøya seg med meir isolering og betre energiøkonomisering i nærleiken av si vanlege adresse. Korleis løyser dyrelivet denne lagnaden?

Ein våt og mørk kveld i byrjinga av september får du syn for segn,om du køyrer veglangs i Lindås eller Austrheim. I lyset frå billyktene dukkar det heile tida opp lyse klattar mot asfalten. Padder! Somme kveldar i tusental. Dei er på leiting etter ein høveleg opphaldsstad til det vert vår att, ein frostfri plass der det korkje vert for vått eller tørt, kanskje under ei trerot eller i eit dreneringsrøyr. Dei vekselvarme paddene merkar nemleggodt at vatnet der dei har hatt tilhald gjennom sommaren, har vorte kaldare. Det ser ein også på det låge aktivitetsnivået deira. Vert det kaldare enn 7–8 °C, sluttar livsviktige organ å fungera. Så vanskeleg som vêrlaget kan vera å spå om hausten på Vestlandet, er det best å grava seg ned i tide.

Dvale – ekstrem fysiologisk tilpassing

Padder, som andre amfibium, går i dvale om vinteren. Det er ingen dum strategi for dyr som ikkje er særleg raske til beins – i alle fall ikkje i vårt klima. Vekselvarme dyr har uansett ikkje noko val. Sjølv om vinteren skulle bli mild og frostfri, ville dei vera så trege at dei knapt fekk fanga eit einaste bytte. Dessutan ville eigna byttedyr vera vanskeleg å oppdriva. Ormane søkjer saman i grupper og legg seg tett inntil kvarandre i frostfrie holer i bakken når dei går i dvale. Det kan sjå sosialt ut, men turgåarar som uforvarande har trakka oppi eit slikt ormebol om vinteren,har gjerne fått seg ein støkk. Ein føremon ved å liggja slik inntil kvarandre kan vera minska risiko for uttørking.

Også somme av pattedyra våre går i dvale når det vert uråd å berga livet elles. Det gjeld mest av alt dei som lever av insekt. Flaggermysene gjennomgår særskilt brutale fysiologiske endringar om vinteren. Ved normal aktivitet har ei flaggermus ein kroppstemperatur opp mot 40 °C. Når ho går inn i vinterdvale, søkk kroppstemperaturen mest til 0 °C. Dette er einaste måten arten kan greia seg gjennom kanskje 6–7 månader utan å ta til seg næring. I dvaletida tapar desse dyra opp mot ein tredel av kroppsvekta. At det krevst så lang dvaleperiode – med tilhøyrande vekttap – er kanskje den viktigaste grunnen til at så få flaggermusartar lever i Hordaland. Det er så langt kartlagt berre sju artar i fylket. Ettersom slik kartlegging er alt anna enn lett, kan det førekoma nokre til.

Å gå i dvale er i prinsippet ikkje så ulikt det dei fleste plantene her vestpå gjer. Utpå hausten er det ikkje lenger nok varme eller lys til å halda fotosyntese og andre viktige funksjonar i gang. Klorofyll og næring vert då trekt inn i planta. Lauvet – ofte også stengelen – visnar ned. All aktivitet vert innstilt på sparebluss. Næringa som er naudsynt for å halda til våren kjem, vert lagra i rota. Tre og buskar veks litt om vinteren, men ikkje på langt nær slik som elles i året. Det er mest berre barskogen som er grøn om vinteren, men også desse treslaga har innstilt det meste av aktiviteten. At nålene framleis heng på greinene, gjer ikkje mykje frå eller til. Det ser vi av vekstringane i til dømes ei granstamme – det er dei mørke ringane som er tynnast,og det er dei som vert danna i vinterhalvåret. Også bartre skiftar bladverket, men ikkje alle nålene samstundes. Ei furunål fell av treet etter 2–3 år.

Vinn eller forsvinn

Vintrane i det meste av Hordaland er mildare enn dei fleste andre stader i landet, men ikkje alle opplever dette som ein føremon. Spissmysene er kanskje dei som har det aller verst i kystklimaet. Ettersom dei er så små, vert kroppsoverflata og varmetapet stort i høve til kroppsvolumet og den energiproduserande kroppsmassen. Spissmusa har spesielt høg forbrenning, og må eta mykje og ofte – gjerne meir enn si eiga vekt dagleg. For desse små dyra er det bra om det kjem snø, for det er lunare å halda seg under eit skjermande snødekke enn på berr mark når det er vått og hustrig.

Vinteren er smalhans for det meste som lever i naturen. Vinnarane er dei som har nok mat, taparane endar som mat for andre. Nå ja, heller ikkje denne regelen er utan unntak. Det finst nemleg ei rekkje insektgrupper der ingen vaksne individ overlever vinterhalvåret. Dei greier seg bra likevel, for det er ikkje meininga at dei skal overleva. Mest ekstreme er døgnflugene,som i vakse stadium ikkje et i det heile og døyr etter få dagar, eller kanskje ei veke. Det er som egg eller larvar mange insekt lever lengst, og då kan dei like godt overvintra i slike stadium også.

Situasjonen er heilt ulik for dei som skal leva av insekt. Naturleg nok er det svært lite insekt i Hordaland om vinteren, og dei som finst, held seg helst på vanskeleg tilgjengelege stader. Dei fleste insektetande fuglar har to val: Anten må dei endra kosthaldet, eller dei må dra vekk, langt vekk – minst til Middelhavsområdet, aller helst til Afrika.

Vondt å vera standfugl i Hordaland

I vår fauna er det mest berre fuglane som kan velja å dra på langtur når det vert for kaldt på heimebøen. Og dei fleste gjer det: Verkelege standfuglar, slik vi har lært om på skulen, finst mest ikkje hjå oss. Vel har vi mykje fuglar kring oss om vinteren, til dels dei same artane som også lever her om sommaren, men ofte er det ikkje dei same individa. Til dømes er det mange fossekallar som freistar vintertilværet i kalde elvar her vestpå, men ringmerking viser at mange av dei som hekkar i vårt fylke, gjerne dreg søraustover til Sverige ,Danmark og Tyskland om vinteren. Ringmerking har også vist at fiskemåsane som held seg i Bergen om vinteren, i stor grad hekkar lenger aust, til dømes i Finland, medan dei som hekkar hjå oss, gjerne dreg ut av landet vinterstid.

Det er svært energikrevjande for fuglar å leggja ut på ei lang reise vår og haust. Kan dei unngå å flytta langt, er det gjerne det beste. Men det er eit sjansespel å verta verande også. Vert vinteren lang og kald, skortar det gjerne på maten. I så fall er sjansen for å overleva liten. At små fuglar,som gjerdesmett og fuglekonge, døyr i hopetal i kuldeperiodar, er knapt overraskande. Ein liten skrott har eit enormt varmetap når det er kaldt. Men ein av artane som slit mest, er faktisk den storvaksne gråhegren. Han skal og må ha eit jamleg minimum av fisk. Det er ikkje lett å få nok mat når ferskvatna frys til. Dertil trekkjer fisken mot djupare vatn når vasstemperaturen nær overflata vert låg. Mange har henta inn apatiske og radmagre hegrar frå elva i von om å hjelpa fuglane over den verste kneika. Hjelpa har oftast vore mislukka.

Svartaste vinteren har småfuglane berre nokre få timars dagslys på seg til å finna mat. Desse timane er dei i konstant og hektisk aktivitet. For at ein fuglekonge på om lag 5 gram skal overleva neste natt, må han ha lagt på seg 1,3–1,5 gram innan mørket sig på. Meiser har utvikla ei spesiell fysiologisk tilpassing som gjer det mogleg å strekkja grensene endå litt meir. Dei kan redusera kroppstemperaturen frå 41 °C i kviletilstand
om dagen til ca. 32 °C om natta. Slik minskar dei energitapet i dei lange vinternettene. Ei finurleg evne, men likevel balanserer også meisene på ørsmå marginar. Mange bukkar under. Småfuglar skal ikkje vera mykje uroa ein vintersdag før det vert kritisk. Og ei kald nyårsnattfeiring kan få verre konsekvensar for småfuglane enn for festdeltakarane.

Trekkfuglar

Kystane kring den sørlege delen av Nordsjøen er høvelege nok som overvintringstad for artar som tjeld, vipe og stare. Mange av krikkendene som hekkar på Vestlandet,søkjer også ut til kysten vinterstid. Dei flyttar seg over landegrensene etter kvart som våtmarkene frys til. Samanlikna med artsfrendane frå Russland og Aust-Europa,som gjerne overvintrar i Sør-Frankrike,er kanskje ikkje Nordsjøkystane så verst. I Sør-Frankrike er jakttrykket i dei beste våtmarkene så høgt at endene må vera næringsaktive om natta – og sova på trygge plassar om dagen. Å snu døgnet er langt ifrå optimalt, men likevel langt betre enn å enda sine dagar på middagsbordet til matglade franskmenn.

Å flyga på eigne venger til Afrika om vinteren er ein langt større fysiologisk prestasjon. Det er kring 10 000 kilometer i luftline frå Hordaland til det sørlege Afrika, der mellom anna låvesvalene våre overvintrar. For ein liten kropp på om lag 20 gram er reisa eit krafttak. Svalene skal helst heim att også, for så å ala fram to ungekull før hausten kjem. Ei slik svale flyg kanskje meir enn 150000 kilometer på eit år. At berre eit mindretal overlever frå eitt år til det neste, må seiast å vera forståeleg. Makrellternene, særleg raudnebbterna, skal minst like langt, men dei maktar reisa betre. Ein av dei som imponerer mest, er likevel fjelljoen. Om sommaren på Hardangervidda ernærer han seg stort sett av smågnagarar og fugleungar. Vinterstid lever han langt ute i det sørlege Atlanterhavet, truleg også i Stillehavet. Vinterføda ute i havet er truleg hovudsakleg plankton,men kunnskapen om vintermenyen til fjelljoen er spinkel.

Det er ikkje berre fuglar som har lange og årvisse vandringar. Fenomenet er også kjent frå mange av saltvassfiskane våre, og frå kvalartar. Den utrydda, heimlege geirfuglen var kanskje også ein slags trekkfugl,sjølv om han ikkje kunne flyga. I alle fall er fleire av pingvinane på den sørlege halvkula trekkfuglar. Jamvel somme av sommarfuglane våre trekkjer mot sør! Ein og annan haust opptrer til dømes tistelsommarfuglen og dels også admiralen i store mengder i Hordaland. Dei er på veg sørover, og skal truleg til sørsida av Alpane.

Costa del Hordaland

Ikkje alle artar dreg sørover om hausten. Krykkja set kursen mot vest-nordvest og dreg til farvatna kring Grønland. Toppskarven hjå oss held seg helst i nærleiken av hekkeplassane, men dei som ikkje gjer det, dreg gjerne nordover til Sognesjøen. For atter andre er nettopp Hordaland å sjå på som «Syden»! Såleis er det på kysten vår at storskarv frå Helgeland og lenger nordover overvintrar. Lomviane vi ser hjå oss om vinteren, er mest britiske hekkefuglar. Songsvanene kjem hit frå Finland og Russland. Også kvinendene – som i dag er talrike i Hordaland utanom hekketida – kjem austfrå.

Kanskje har vi eit visst fugletrekk av langvegsfarande gjester frå Amerika også. Tidleg på 1980-talet vart ein merksam på at nokre få individ av den nordamerikanske ringnebbmåsen oppsøkte Byparken i Bergen vinterstid. Ringnebbmåsen er svært lik vår heimlege fiskemåse. Du må såleis vera røynd for å artsbestemma han rett. Vi veit no at arten opptrer mest årleg i Byparken. Stundom kjem dei same fuglane attende, stundom kjem nye individ. Ein har lenge meint at slike sjeldne besøkande frå Amerika har kome ut av kurs i sterk vind og enda opp på feil kontinent, utan sjanse til å finna vegen heim att. To ringmerkte ringnebbmåsar frå Byparken gjer at ein kanskje må endra denne oppfatninga noko. Den eine vart skoten på Heimaey på Island, kanskje på veg attende over Atlanterhavet. Den andre vart kontrollert på Newfoundland sommaren etter at han var i Bergen. Kanskje har delar av bestanden utvikla sin eigen strategi med årlege vinterbesøk i Europa? Parkane i Bergen har forresten ved to høve hatt vitjing av svartehavsmåsar som er ringmerkte i Ungarn.

Mange dyr i skog og mark såg nok gjerne at vêr og klima var lettare å hanskast med på Vestlandet i vinterhalvåret. Men dei har like fullt tilpassa seg røynda slik ho er, med ekstreme situasjonar og store variasjonar frå dag til dag. Vestlandet har eit svært spesielt klima – ikkje minst om vinteren. Dermed har vi også fått mange særeigne tilpassingar i natur og dyreliv. Det er eigentleg feil å sjå på vinter, kulde og ruskevêr som noko negativt. Det er berre annleis, og for mange dyr ei vanskeleg, men påkravd utfordring. Dermed er naturen i Hordaland vorten endå meir særprega og mangfaldig enn han elles ville ha vore.

  • Dvaletilværet - enøk i praksis

Dvaletilværet - enøk i praksis

29. september 2001 oppdaga Gunnar Kjeilen (biletet) på Dyngeland i Fana at eit piggsvin var i ferd med å laga vinterbol under den gamle trillebåra hans. Dermed fekk den dyrekjære hageeigaren påskot til å kjøpa ny trillebår. Piggsvinet gjekk i dvale 7. oktober og kraup ut att, truleg svolten og noko fortumla, 10. april året etter – ivrig knaskande på solsikkefrø som fuglane hadde oversett. Då hadde sjusovaren lege i samanhengande dvale i 185 døger.

 

Om vinteren held piggsvinet kroppstemperaturen eit par grader over lufttemperaturen, men sjeldan under 5 °C. Når lufttemperaturen kjem under frysepunktet, kan piggsvinet kompensera for frosten ved å auka sin eigen varmeproduksjon. Om vinteren er hjartefrekvensen nede i 20 slag i minuttet, mot normalt 120. Men om hjartet slår seint, er blodtrykket som før. Ein slik livsførsel kan føra til levring av blodet og blodpropp, men under dvalen vert det danna meir av heparin – eit stoff som motverkar levringa.

 

Piggsvin lever under marginale tilhøve i Hordaland. Dette er grunnen til at bestanden vekslar mykje frå år til år. Ein lang og kald vinter gjer ende på mange dyr. Eit piggsvin treng minst 155 døger med minimumstemperatur høgare enn 3 °C for å vakna av vinterdvalen, gjennomføra yngling og skaffa seg opplagsnæring til neste vinter. Piggsvinet i Kjeilen sin hage hadde såleis «god» tid, men dei fleste piggsvina hjå oss vaknar av vinterdvalen vesentleg seinare enn dette dyret gjorde.

  • Derfor er hausten fargerik

Derfor er hausten fargerik

Når nettene blir lange og kulda set inn, skiftar lauvskogen palett, frå grønt til raudt, gult og brunt. Skiftet er praktfullt, men forklaringa er nokså prosaisk.

 

Eit tre pustar gjennom bladverket sitt. Grønfargen i blada kjem av klorofyllet. I takt med at det vert kaldare utover hausten, vert klorofyllet gradvis trekt inn i greinverket. Dermed forsvinn grønfargen, og dette gjer at xantofyl (som er gule) og karoten (oransje) – som alle finst i blada i utgangspunktet – kjem til syne.

 

Klorofyll har ei avgjerande rolle i fotosyntesen, der plantene ikkje berre produserer oksygen, men også karbohydrat. Karbohydrat er stivelse, som ved redusert temperatur vert omdanna til sukker. I denne prosessen vert det danna antocyanin; raude pigment som gjev visse lauv raud farge. Kaldt vêrlag gjer at lauvet vert ekstra raudt, men om det vert frost, kjem ikkje raudfargen. Ein kjølig haust med mykje klårt vêr og sol, og følgjeleg lite nedbør, set ekstra farge på haustskogen. Derfor er hausten ofte meir fargerik austpå og opp mot fjellet enn i lågareliggjande delar av Hordaland.

«Little Norway»

I forstaden Universitas i Bloemfontein, Sør- Afrika, ligg vertshuset Linga Longa. «Ver litt lenger» tyder det. Norske låvesvaler har teke vertskapet på ordet. Sidan 1993 har overvintrande svaler nytta trea i hagen utanfor til overnatting. Kvar kveld gjennom februar og mars kjem låvesvalene hit, kring 50 000 i talet, når dagens matinntak er gjort unna.

 

Landa i det sørlege Afrika, og i særleg grad Sør-Afrika, er det viktigaste overvintringsområdet for norske låvesvaler. Gjennom australsommaren (når vi har vinter her heime) er låvesvala den aller vanlegaste fuglearten i Sør-Afrika. Ornitologar i Hordaland har eit nært samarbeid med ringmerkjarar i Bloemfontein, og dei siste åra er det ringmerkt over 13 000 svaler her. Heile 10 av 14 gjenfunn av norske låvesvaler i Sør- Afrika i 1999–2002 vart gjorde i denne hagen! To av dei vart merkte ved Purkebolsvatnet i Austrheim 22. og 24. august 2001. I tillegg har ein fanga og kontrollert fleire fuglar med svenske, danske, finske, polske og britiske ringar. Ein har også fått dokumentert at mange fuglar vender attende til same overvintringsstaden fleire år på rad. Frå før veit vi at svaler, som mange andre fugleartar, gjerne returnerer til området der dei vart fødde, for å hekka.

 

Fleire gjenfunn motsett veg dokumenterer utvekslinga – mellom anna vart ei låvesvale med sørafrikansk ring funnen daud på ein låve ved Revheim på Osterøy 15. august 1973. Ho var ringmerkt i Transvaal halvtanna år tidlegare. Låvesvala er den sporvefuglen i vår fauna som trekkjer lengst vekk om vinteren. Hagen i Bloemfontein er på sett og vis eit lite stykke Noreg – i hjartet av Sør-Afrika – 10 000 kilometer frå farsgarden.

Korleis finn trekkfuglane vegen

Dei fleste trekkfuglane flyttar seg kvart år over lange avstandar mellom eit hekkeområde og eit vinterområde. Mange artar er kjende for at dei returnerer til staden der dei voks opp, år etter år. Med tida har vi også fått kunnskap om at somme artar er like trufaste gjengangarar i vinterområda. Slikt set store krav til navigeringa.

 

Framleis er det mykje vi ikkje veit om fugletrekket. Nokre langliva artar kan nytta landemerke og terrengformasjonar for å kjenna seg att, men då må dei ha vore på staden før. Sola sin posisjon og stjernehimmelen er også verkemiddel som vert nytta under trekket. Aller viktigast for mange fuglar er truleg jordmagnetismen, ikkje minst når skyer skjuler verdsrommets vegvisarar. Mest sannsynleg nyttar fuglane ein kombinasjon av desse faktorane – og kanskje fleire andre.

 

At jordmagnetismen ofte er viktig, ser vi av fuglar som har vakse opp i såkalla anomaliske magnetområde. Dette er område der spesielle bergartar gjer at magnetfeltet lokalt er orientert i ei anna retning enn mot dei magnetiske polpunkta på jorda. Dersom dette avviket til dømes er på 90 grader, vil ein fugl som er oppvaksen her, navigera 90 grader feil i høve til den normale trekkretninga! Det kan til ei viss grad forklara kvifor det frå tid til anna dukkar opp sjeldne fuglar hjå oss, langt utanfor der ein normalt skulle venta å finna dei. Når Fedje er ein stad der ein nærast kan venta å sjå nokre sjeldne gjester frå langt aust i Sibir om hausten, kan det vera fuglar som har navigert heilt feil og landar på Fedje fordi dei vegrar seg for å kryssa Nordsjøen.

  • Admiralen
  • Monarksommarfuglen

Dei aller fleste fuglane i Hordaland er trekkfuglar, men vi har faktisk også nokre sommarfuglar som trekkjer ut av landet om hausten. Admiralen (øvst) og monarksommarfuglen er døme på det. Admiralen trekkjer til det sørlege Europa. Nokre individ vert att her i landet om hausten, men dei døyr nok om vinteren.

Paddene løyser problemet med vinterkulda ved å gå i dvale

Paddene løyser problemet med vinterkulda ved å gå i dvale. Om våren er det viktig å koma seg raskt til ein høveleg dam for å para seg. Somme dagar kan det vera massevandring gjennom terrenget. Mange padder misser livet når dei skal kryssa vegar på denne tida. (Ingvar Grastveit)

Store snømengder kan vera brysamt for hjort

Mykje snø høver bra for små pattedyr som kan leva under snødekket, ettersom lokalklimaet gjerne er lunare under snøen enn over. Men for hjort og andre dyr som må ta seg fram oppå snøen, kan store snømengder vera brysamt å hanskast med. Ikkje sjeldan høyrer vi om slitne hjortar som får hjelp og mat av folk i snørike periodar. (Ole Jakob Vorraa)

Blåmeis

Det er tvingande naudsynt for blåmeis og andre småfuglar å vera i ustanseleg aktivitet om vinteren. Dei treng all den mat dei kan finna, og ikkje har dei mange timane med dagslys å gjera det på. (Jan Rabben)

Fossekallen

Det kan vera umåteleg kaldt i frostrøyken ved elva ein klår vinterdag, men for fossekallen er ikkje det noko problem. Mange fossekallar som held seg i Hordaland om vinteren, kjem frå andre område, medan «våre» gjerne trekkjer noko sørover, også ut av landet, om vinteren. (Lars Egil Furuseth)

Lomviane

Lomviane som held seg på vestlandskysten om vinteren, kjem stort sett frå hekkekoloniar i Storbritannia. Vinterbestanden er no liten samanlikna med 1970- og 1980-åra. (Stein Byrkjeland)

Stokkender

Stokkanda er flink å innordna seg – ho omstiller seg lett frå eit naturleg kosthald til brødsmular om vinteren. Derfor oppsøkjer endene gjerne parkar, slik som ved Orrtuvatnet i Bergen. (Ingvar Grastveit)

  • Bakken, V.; Runde, O.; Tjørve, E. 2003. Norsk ringmerkingsAtlas. Vol. 1: Lommer – alkefugler. Stavanger Museum, Stavanger.
  • Byrkjeland, S.; Grastveit, I. 2000. Den norske sovebyen i Bloemfontein. Vår Fuglefauna 23:38–40.
  • Byrkjeland, S.; Grastveit, I.; Mork Soot, K. 1996. Svalene i sterk tilbakegang. Natur 96/97:37–47.
  • Haftorn, S. 1986. Fuglekongen — vår minste fugl. NKS-forlaget, Oslo.
  • Iuell, B. 1990. Piggsvinet. I: Semb-Johansson, A. (red.). Norges Dyr. Pattedyrene III: 9–20.
  • Semb-Johansson, A. 1992. Padde. I:J onsson, B., Semb-Johansson, A. (red.). Norges Dyr. Fiskene I: 49–54.