• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Neslesommarfugl

Neslesommarfugl – ein av våre vakraste sommarfuglar og ein kjær bodberar om at det er varme i vêret. (Ingvar Grastveit)

 

 

 

DEI MEST TALRIKE SKAPNINGANE I HORDALAND

Insekt og andre småkryp er dei mest talrike skapningane i Hordaland – som elles i verda. På verdsbasis er over ein million insektartar registrerte hittil. Men det er framleis mykje vi enno ikkje veit om kva artar som finst i Hordaland, og kvar dei eventuelt måtte leva. Dei som vil gjera zoologisk nybrotsarbeid, treng ikkje dra utanfor fylkesgrensene.

Skrukketroll

Du har heilt sikkert sett dei, i hopetal, kanskje under dørmatta, eller jamvel på badet. Skrukketrolla held seg på skuggefulle og fuktige plassar der dei ikkje tørkar ut, så som i rotne trestammer og i komposthaugar. Om vinteren skulle dei ifølgje naturens orden vera inaktive, men dei kan forlengja aktivitetssesongen ved å ta seg inn i hus eller andre stader der det er varmt. Har du eit hus med rote treverk, kan nok skrukketrolla medverka til å auka skadeomfanget, men i nye hus er dei problemfrie.

Desse småkrypa gjer elles for det meste god nytte for seg ved å eta og bryta ned rotnande organisk materiale – harmlause er dei også. Skrukketrollet er eit landlevande krepsdyr med sju beinpar. Talet på beinpar er elles ein grei måte å skilja mellom insekt og andre småkryp på; insekt har tre beinpar.

Kjellaredderkopp

Mange av oss har sett hundretals digre kjellaredderkoppar når det blir letta på kumlokket for å staka opp ein tett avløpsleidning. Desse representantane for underverda held seg gjerne på fuktige og mørke stader, i kjellarar, tunnelar og liknande. Finn dei fram til kloakken, er dei sikra rikeleg næring og eit mildt lokalklima året rundt. Kjellaredderkoppen er ein av dei største edderkoppartane her til lands, med eit fotspenn på 5 centimeter og ein kropp opptil 2 centimeter lang. Elles er dei fleste edderkoppane i Noreg heller små. Kanskje blir kjellaredderkoppen ekstra stor når han lever feitt av kloakk og kan ta til seg føde også om vinteren.

Stankelbein

Stankelbein er lette å kjenna att. Dei vaksne flyg berre i roleg vêr, før sola går ned og om morgonen. Dei er dessutan relativt store, hoene blir gjerne kring 2,5 centimeter lange. Larvane er verre å få auge på. Om dagen gøymer dei seg i bakken, om natta kjem dei ut og bit av plantedelar som dei så trekkjer ned i jorda. Dei overvintrar, og i milde vintrar veit dei å forsyna seg av matfatet. Slikt kan vera plagsamt for ein hageeigar eller ein gartnar. Men for mange fugleartar er stankelbeinlarvar berre lekkert, store og næringsrike som dei er. Høgt til fjells tener larvane jamvel som erstatning for smågnagarar når det er smått om favorittføda for fjelljoen. Også fiskemåsen veit å setja pris på denne delikatessen.

Stankelbein høyrer til ei stor insektgruppe som vert kall tovengjer (Diptera). På verdsbasis er det registert kring 3300 stankelbeinartar, om lag 250 av dei er kjende frå landet vårt.

Stikkemygg

Det finst knapt nokon av oss som ikkje har vore i nærkontakt med stikkemygg. Det luraste du kan gjera, er å lata myggen arbeida i fred. Ho – det er alltid ei ho – sprøyter inn spytt når ho stikk snabelen gjennom huda di for å suga blod. Spyttet hindrar at blodet koagulerer, og det er spyttet som klør. Når myggen har soge frå seg, har ho også soge opp det meste av spyttet, slik at kløinga blir tilsvarande mindre.

Det finst 35–40 ulike stikkemyggartar her til lands. Dei fleste artane er aktive om morgonen eller kvelden, eller i overskya vêr. Når sola går ned, kjem myggen i hopetal, men dei mange kjerringråda mot myggstikk har liten effekt.

Veps

Visste du at veps er landets farlegaste dyr? Fleire døyr av vepsestikk enn av hoggormbit. Sterkt allergiske menneske kan døy av sjokk etter eit vepsestikk, og ein og same vepsen kan godt stikka fleire gonger. Stikkevepsane er sosiale skapningar og lever i store samfunn, med klar rangordning og arbeidsfordeling. Vepsesamfunna er eittårige, berre dei befrukta dronningane overvintrar. Utpå sommaren kan eit velutvikla vepsebol husa så mange som 5000–6000 individ. Vaksne vepsar likar godt søtsaker, som syltetøy og frukt. Det er ein av grunnane til at dei søkjer mot menneske. Det finst 11 artar stikkeveps her til lands, men desse artane er ganske like.

Neslesommarfugl

Neslesommarfuglen er mellom dei vanlegaste sommarfuglartane i Hordaland, og ein av dei aller mest fargerike. Han er å finna i hagar, i kulturlandskap og i utkanten av skogområde alt frå mars, og flagrar over oss til uti oktober. Vaksne individ overvintrar gjerne godt gøymde, på mørke stader i løer og andre uthus. Namnet har arten fått fordi han gjerne søkjer til nesleblad for å leggja egg. På eggleggingsstaden forpuppar larvane seg til dei veks fram som nye, fagre og fargerike sommarfuglar.

Dagpåfuglauge

Dagpåfuglauge var tidlegare heller sjeldan å sjå i Hordaland, men det verkar som han er i ferd med å finna seg betre til rette etter som tida går. Denne vakre arten er likevel ikkje betre kartlagd enn at Zoologisk Museum er interessert i å få vita kvar han blir observert. For fager er han, så iaugefallande at mange mistek han for å vera den vanlegare neslesommarfuglen. Dei fire store augeflekkene skil dagpåfuglauge frå denne arten. Som neslesommarfuglen er dagpåfuglauge å finna ved eng og i hagar, men han dukkar opp noko seinare, ikkje før i mai–juni. Overvintrar som vaksen gjer han også, gjerne i gamle hus og i hole tre.

Stripet orebladbille

Somme år er mykje av oreskogen i Hordaland brunraud og ser ut til å vera daud. Då er det larvane til stripet orebladbille som har vore på ferde. Larvane er talrike, ofte fleire på eitt blad. Dei et bladverket og lèt bladnervane stå att. Gråor er særleg utsett for denne spesielle matlysta, men som regel greier skogen seg. Dersom massive billeåtak kjem år etter år, kan somme tre likevel døy. Fleire orebladbilleartar kan gjera slik skade, men i Hordaland er det larvane av den stripete varianten som gjer mest av seg. Sjølve billa er 4–5 millimeter lang.

Skogflått

Det finst i alt 11 artar flått i Noreg, av dei er skogflåtten mest kjend. Flått er ikkje eit insekt, slik mange trur, men ein midd. Skogflåtten trivst best på fuktig mark med buskar og tre. Han syg blod frå pattedyr, krypdyr og fuglar, og må ha eitt måltid blod i kvart av i alt tre utviklingstrinn. Hjå oss er det gjerne husdyr – og særleg sau – som får flått på seg. Men også menneske er utsette, og i Skandinavia blir kring 150 000 menneske bitne av flått årleg. Eit flåttbitt er normalt ufarleg, men skogflått kan vera berar av farlege bakteriar eller virus, som kan overførast til menneske. 5–30% av all skogflått har til dømes Borrelia-bakteriar i magetarmkanalen, som kan gje nervesjukdomen borreliose dersom bakteriane blir overførte. I nokre tilfelle kan menneske bli invalidiserte av denne sjukdomen, i verste fall kan dei døy. Det er såleis grunn til å ta eit flåttbit alvorleg. Har ein fått flått på seg, må heile flåtten fjernast i tide og på rett måte.

Skukketroll

Skrukketrollet har flattrykt kropp og held seg gjerne der det er mørkt og fuktig. (Ingvar Grastveit)

Stikkemygg

Mange insekt har larvestadiet sitt i ferskvatn. Det gjeld også stikkemyggane, som her er i kontakt med vassyta for å få luft. (Reidar Rise/Samfoto)

Vepsebol

Vepsane er sosiale, og bolet er eit imponerande byggverk. Likevel er det ikkje så mange som tek seg tid til å studera vepsebola nærare, dei er redde for å få iltre vepsar etter seg. (Øystein Søbye/Samfoto)

Veps

Er ein allergisk mot vepsestikk, er det all grunn til å halda seg unna vepsen. Ingen andre dyr i norsk fauna har fleire menneskeliv på samvitet. (Christoffer Askman/Samfoto)

Dagpåfuglauge

Er du viss på at du har sett denne? Bergen Museum vil gjerne ha melding frå folk som har sett dagpåfuglauge i Hordaland. (Ingvar Grastveit)

Kjelleredderkopp

Éin av fleire hundre kjellaredderkoppar i ein tett kloakkum i Fana i 2002. (Ingvar Grastveit)

Larvar av stripa orebladbille

Larvar av stripa orebladbille i oreskogen i Ænesdalen, Kvinnherad, juli 2003. På denne tida var store delar av denne oreskogen heilt brun etter åtak frå billene. (Ingvar Grastveit)

Flått

Flått – liten blodsugar som kan overføra bakteriar og virus til menneske. (Johannes Haugan/Samfoto)

  • Bakkerud, G. W. 1998. Insektlivet på Vestlandet. Bergens Tidende 12.06.1998:25
  • Ottesen, P. 1991. Teknologisk forlags store bok om insekter. Norsk utg. Teknologisk forlag.