• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Lauvskogsli med ramsløk.

Lauvskogsli med ramsløk. (Jan Rabben)

Har du opplevd ein stille søndagsmorgon i Ullensvang, med frukttre i blom og snøkvite fjell som speglar seg i den blanke fjorden, eller ei romantisk sommarnatt på Osterøy mellom prestekragar, blåklokker og jonsokblom – eller ein doven augustdag på eit svaberg ut mot havet, når alle øyane er kledde i eit raudlilla teppe av blømande lyng; du gløymer det aldri! Dei ytre rammene – kysten, fjorden og fjellet – er ein arv frå landet si geologiske historie. Men det som framfor alt gir bildet farge og spenning, er plantelivet.

Store skilnader over korte avstander

Det mest særmerkte for plantelivet i Hordaland er mangfaldet. Frå Fedje til Voss, eller frå Strandebarm til Maurset – er skilnadene så store at ein ikkje skulle tru at desse stadene låg i det same fylket. Køyrer du bil frå Stockholm til Bergen, vil du sjå at på dei siste milene frå Hardangervidda til Bergen varierer vegetasjonen mykje meir enn på heile den tidlegare delen av turen.

Stor geologisk variasjon er ein viktig grunn til dei skiftande naturtilhøva. Klimaet spelar òg ei avgjerande rolle, og her er kontrastane store. Om du vil, kan du på kysten gå ut i skjorteermane og ta opp nypoteter til jul, mens det i Røldal er skiføre og kulde frå november til juni. Til desse regionale skilnadene kjem dei lokale, og her spelar himmelretninga på bakkehellinga ei viktig rolle. Det veit alle som har prøvt å slikka sol på fjellet i slutten av april.

I sørhellinga vert ikkje berre oppvarminga betre; jordsmonnet tørkar også betre opp og vert luftigare – til stor nytte for meitemakken og mikroorganismane som tek seg av omsetnaden av næringstoff i jorda. Plantelivet vert ofte rikare enn i nordhellingane med seinare snøsmelting, mindre sol og større fukt.

I ein så skiftande natur som i Hordaland får desse skilnadene i lokalklima umåteleg mykje å seie for korleis landskapet ser ut. Frå frodige lauvskogslier med eik og alm kan du hamna i furuskog berre du rundar eit nes, og bakkehellinga skifter frå sør til aust.

Vegetasjonssonene langs kysten går feil veg

Klimaet over store delar av Vest-Noreg heng saman med avstanden til havet. Vegetasjonssonene ligg for det meste parallelt med kysten: nord-sør, ikkje aust-vest som dei fleste andre stader. Det er mykje større skilnad i vegetasjonen mellom Sotra og Os enn mellom Sotra og Frøya på Trøndelagskysten!

Ut mot havet i vest ligg dei trelause, forblåste lyngheiane. Dei dekkjer det meste av øyane ut mot havet og delar av strandflata i Nordhordland. Her finn vi nokre av dei mest eksotiske plantene vi har i fylket – ikkje med omsyn til næringskrav eller høg sommartemperatur – men med omsyn til vintertemperatur. Dei er så kjenslevare mot frost at dei retteleg høyrer heime på sørlegare breiddegrader. Eit vakkert døme er purpurlyngen, som alt tidleg i juli gir sørhellingane lengst ut mot havet ein djupraud farge. Andre planter er den sjeldsynte bregna havburkne, og skjoldblad – som minner om ein liten parasoll og veks på fuktige grasbakkar heilt ut mot havet.

Dreg du innover lyngheiane, vil du sjå at dei i dag er i ferd med å gro til. Bjørk og rogn slår rot alle stader, men også mykje furu. Til lengre inn du kjem, til tydelegare vert dette – til du med eitt står i tjukkaste furuskogen. Då er du komen inn i dei kystnære furuskogane. Dei ligg som eit belte innanfor lyngheiane, på dei indre delane av strandflata og mykje av kystfjella. I Midthordland går denne furuskogen lengre ut mot vest.

Furua er eit nøysamt tre, men ho toler ikkje mykje konkurranse. Ho vert for det meste ståande att der dei andre treslaga ikkje vil trivast. Sjølv denne sona innanfor lyngheiane får ho ikkje ha i fred. Der jordbotnen er litt betre, tek eikelundar og hasselkratt over, og er det i tillegg litt fuktig, kjem svartoren inn med full tyngd.

Grøderike gardar og skogar med løk

I dei ytre fjordstrøka endrar landskapet karakter. Lauvskoglier med alm og ask tek meir og meir over for furua, og saman med eik, svartor og hassel gjev dette landskapet eit grøderikt preg. Gardane er då også til vanleg større og betre enn lenger ute på kysten. Køyrer du austover frå Våge på Tysnes over Luksundbrua til Ølve, ser du dette tydeleg. Vi er komne inn i det vi kan kalla det «frodige fjordlandskapet». Her finn vi og dei finaste områda for særmerkte planteslag, som kristtorn og bergflette.

I dei sørvende liene opp frå fjorden kan sommartemperaturen verta fin. Samstundes verkar fjorden vintersdag som eit «varmemagasin», slik at vintertemperaturen heller ikkje vert så ille. Dette gjer at ei rekkje av kystplantene klarar seg her inne. Stoggar du bilen og går ut, kan du lett finna eit knippe. Den første du får sjå, er truleg revebjølla. Ho er eit typisk døme på dei kystplantene som stoggar i midtre fjordstrok, om lag ved Kvanndal. Du finn ho lettast i vegskjeringar, på rasmark eller andre stader med open jord. Der vegetasjonen vert for tett, vert ho konkurrert ut. Men frøa finst i store mengder, og så snart plantedekket vert rive opp, er revebjølla på plass att!

Står du på ferjekaia i Hatvik og kjenner løklukt, så må du ikkje tru det er kome gatekjøkken i nærleiken. Det er berre lukta frå ramsløk du har kjent. Han er vanleg i desse bratte lauvskogliene. Vert du med ein botanikar opp i ei slik li ein dag, får du sjå mange fine planter. Men ta ikkje bussen heim att! Det stinkar løk av kleda dine.

Alle som har vakse opp i ytre delar av Vestlandet, har grave etter jordnøtt. Dei frå indre strøk – enn seia dei som kjem austfrå – veit ikkje kva dette er. Jordnøtt er ei lita kvit skjermplante med ein rotknoll som på sitt beste minner om smaklause hasselnøtter, i alle høve før jonsok. Men etast skal dei like fullt. Seinare vert dei bitre og ikkje etande. Denne planta har i Normandie eit namn som kjem frå gammalnorsk. I resten av Frankrike heiter ho noko heilt anna. Einskilde forskarar har difor peika på at dei vikingane som opphavleg slo seg ned her, må ha kome frå Vestlandet, etter som jordnøtt ikkje veks andre stader i Norden.

Pizzakrydder i vegkanten

Dei indre områda skil seg frå resten av fylket på fleire vis. Vintrane vert kaldare, mellom anna fordi fjorden ikkje lenger duger som varmemagasin. Men så lenge han ikkje frys, vert det no likevel ikkje så kaldt som austpå. Til gjengjeld vert somrane varmare, og vi er komne innanfor områda med dei store nedbørsmengdene – einskilde stader kan det til tider verta i tørraste laget. Til indre fjordstrøk reknar vi gjerne områda innanfor Kvanndal og rundt Sørfjorden. Her er det dei rike fruktbygdene som rår grunnen. Men vi må heller ikkje gløyma innlandsbygdene Voss og Røldal.

I dei bratte fjordsidene finn vi mykje edellauvskog. Her inne er linda eit viktig tre, saman med alm og hassel. Svartoren har for det meste blitt borte, i staden gjer gråoren til dels mykje av seg på skrapmark, i urer og ved elvefar. På tørre kollar og skrint jordsmonn, der står furua.

Dei varme somrane gjer at ein del austlandsplanter har våga seg over fjella og klorar seg fast inne i fjordane. Eit godt (og matnyttig) døme på dette er kung (bergmynte). Ho er lett å sjå på tørre bergknausar langs vegane når ho ut på sommaren opnar dei raudfiolette blomehovuda sine. Heile planta duftar godt. Om du tørkar og knuser ho, har du fått eit framifrå krydder. I butikken får du kjøpt dette som oregano eller pizzakrydder. Andre slike austlandsplanter som ofte står i vegkanten, er filtkongslys som ser ut som eit gult spir, og den raudblomstra tjøreblomen med dei klistrete blomestilkane.

Ein liten fjelltur

Dreg du til fjells, vil du sjå at vegetasjonen endrar seg når du kjem over låglandssona (ca. 300 moh.). Her er det furua som rår grunnen, saman med gråor. Dette skogsbeltet går opp til om lag 600-700 moh., som òg vert rekna som øvre grense for gardsbusetnaden i fylket. Tidlegare har det rett nok vore gardsdrift einskilde stader høgare oppe, til dømes på Maurset.

Opp mot snaufjellet møter vi fjellbjørka. Dette er eit fenomen vi berre finn i Skandinavia. Dei fleste andre stader i verda er det barskogen som utgjer skoggrensa, både mot fjellet og mot nord. Hugs på det neste gong du strevar deg opp gjennom bjørkelia! Best utvikla er bjørkeskogen i indre strøk. Her kan skoggrensa gå opp til 1100 moh. Di lenger vest du kjem, di lågare ligg skoggrensa. På Kattnakken (Stord) ligg den klimatiske skoggrensa under 500 moh. Her er det ikkje mykje att av fjellbjørkeskogen.

I fjellskogen kan du òg møta ein austlending – den giftige tyrihjelmen. Han går om lag så langt vest som austgrensa for revebjølla, men det er sjeldan dei møtest; dei veks i ulike høgdelag. Ein annan staseleg blom her oppe mot fjellet er turt, og er du heldig, finn du òg den mektige fjellkvannen, med dei store, grønkvite skjermane. Han er sjeldsynt i dag, men dei mange namna med «kvann» i Hordaland syner at han tidlegare har vore meir vanleg og høgt skatta.

Over den klimatiske skoggrensa er det berggrunnen og snødekket som avgjer vegetasjonen: For det meste er det myr, lyng- og grasheiar. Der det er mykje kalk i berget, kan vi finna fargesprakande blomeenger. Kvit reinrose, blå snøsøte, raud fjellsmelle og gulsildre er eit oppmuntrande syn, om du er aldri så sliten.

Hasselbusken fortel

Vegetasjonstilhøva i dag er på langt nær konstante. Dei endrar seg, og det har dei gjort sidan siste istid. Denne utviklinga er det viktig å kjenna til, ikkje minst samspelet mellom menneske og planteliv. Hasselen syner dette på ein framifrå måte. Han høyrer retteleg heime i dei grøderike, solvarme lauvskogsliene til dømes på Varaldsøy, i Strandebarm eller på Hatlestrand – her treng ein ikkje vera namnegranskar for å skjøna kva namnet kjem av. Likevel finn du dette treslaget på nær sagt kvart einaste gardsbruk i heile fylket, med unnatak av dei høgastliggjande fjellbygdene. Langs vegar og gjerde, kring slåttemark og i kalvehagar, der andre treslag er rydda bort, står hasselen att. Sjølv langt ut i lyngheiane har han fått stå i brattskrentar med godt jordsmonn og ly for vinden. Når vi veit kor viktig dette treslaget var i det tradisjonelle gardshushaldet, er det lett å skjøna dette mønsteret. I tillegg kjem nøtteproduksjonen, som tidlegare nok var av større økonomisk verde enn i dag. I middelalderen var hasselnøtter ein godteken måte å gjera opp for seg på.

Men alt dei første fangstfolka som slo seg ned på kysten av Hordaland for 10000 år sidan, åt hasselnøtter. I alle høve finn arkeologane nøtteskal når dei grev ut buplassane deira ute i Øygarden og på Sotra. Og granskingar av vegetasjonshistoria ved desse buplassane har synt at hasselen etablerte seg tidlegare her enn i andre område. At dette treslaget kom til landet så snøgt etter at isen smelta bort, er i det heile eit særtrekk for vår mellomistid. I tidlegare mellomistider var hasselen eit av dei siste treslaga som nådde fram. Men då budde her heller ikkje folk!

Ein annan natur – med furu på Hardangervidda

Desse første hordalendingene budde i ein natur som var svært ulik den vi kjenner i dag. Det var heiar av dvergbjørk og krekling, saman med einer og vierkratt, som prega landskapet for 10000 år sidan. Det einaste treet som spela ei rolle, var bjørka. Slik vegetasjon blir på fagspråket kalla parktundra, og i dag finn vi noko liknande til dømes langs kystane av Grønland. Dette vil ikkje seia at klimatilhøva var så mykje verre enn i dag. Derimot var jordsmonnet eit heilt anna. Då isen trekte seg attende, la han etter seg ei rein mineraljord. Dette kan vi i dag sjå framfor Buarbreen ved Odda eller ved Blåisen på Finse. Mangelen på organisk stoff – humus – gjer at mange planter ikkje klarar seg på eit slikt jordsmonn. I tillegg hadde både planter og dyr under istida gått i dekning langt sør i Europa, og dei fleste trong si tid på å koma attende heilt her nord.

Etter som åra gjekk, vart parktundraen omdanna til bjørkeskog, samstundes som nye treslag som rogn, hegg og osp kom til. Men dei store endringane kom først for om lag 8500 år sidan, då furua breidde seg over heile fylket, frå dei ytste skjera til langt opp på fjellet. Klimaet hadde då vorte varmare, truleg var sommartemperaturen minst eit par grader varmare enn i dag. Dette gjorde at skogen gjekk høgare til fjells. Det sto til dømes furu over det meste av Hardangervidda, i alle høve opp til 1250 moh. Det meste av denne tidlege furuskogen vart seinare utkonkurrert av andre treslag eller uthoggen av menneske, og vi kjenner ikkje sikkert til stader der det alltid sidan har stått furuskog fram til i dag. Men det kan henda at fjellskogane kring Voss, til dømes i Bordalen, eller inst i Sørfjorden er slike gamle furuskogsområde.

Hordaland vert lauvtrefylke

For omlag 8000 år siden var det fleire tilhøve som førte til endringar i vegetasjonen. Planter og mikroorganismar hadde no tilført jordsmonnet så mykje organiske stoff at det var omdanna til god brunjord. Samstundes hadde jorda framleis den store rikdomen av næringssalt frå mineraljorda. Tilhøva i jordbotnen har truleg aldri vore betre her i fylket, korkje før eller seinare!

Dei som først gjorde mest av seg, var dei to oretrea, svartor og gråor (older). Svartoren kom langs kysten sørfrå og gråoren kom austfrå gjennom Finland og Sverige. Men dei var så visst ikkje åleine. Om lag samstundes byrja og dei edle lauvtrea å koma, først alm og eik, litt seinare lind og ask. Desse treslaga har ein stor føremon – dei vert gjerne mange hundre år gamle, mens or sjeldan vert meir enn 50.

Urskogen vert kultivert

For om lag 5000 år sidan var det fleire tilhøve som førte til endringar i vegetasjonen. Sjølv før den sure nedbøren vart eit problem på Vestlandet, gjekk regnet etter nokre tusen år ut over innhaldet av næringssalt i jordsmonnet. Samstundes var ikkje lenger sommartemperaturen så høg som før. Dette gjekk ut over høgda på skoggrensene, og dei mest varme- og næringskrevjande plantene fekk vanskar med å greia seg. På denne tida hadde folk så smått teke til med husdyrhald og åkerbruk som ein del av livberginga. Dette skulle etter kvart få mykje å seia for vegetasjonen i Hordaland. Beitemark måtte ryddast og skogen vart opnare og lysare. Dette gjorde at ei heil gruppe av planter no fekk ein ny sjanse. Det var dei lyskrevjande planteslaga, både det vi kallar ugras og mykje av blomeenga.

Med åkerbruket kom kulturplantene til landet. I førstninga var det primitive bygg- og kveitesortar. Og med såkornet kom det andre ugrasplanter enn dei som følgde husdyrhaldet, mange av dei med vakre, fargerike blomar; til dømes kornvalmue. Ein primitiv kornåker kunne mest minna om ein blomehage, men i vårt moderne og mekaniserte åkerbruk er det ikkje plass for den slags. Det tidlege åkerbruket vert ofte framstilt som svedjebruk – folk svei av skogen og dyrka i oska til jorda var utpint. Så flytta dei. Dette har vi ikkje noko prov på frå Hordaland. Her var det ikkje store nok område som høvde for åkerbruk til ei så plasskrevjande dyrkingsform. Sjølvsagt måtte nok folk flytta på åkrane sine etter som jorda var utpint, men dei måtte halda seg innanfor avgrensa område. På den måten var det framfor alt åkerbruket som fekk hordalendingen til å skifta levemåte, frå omflakkande jeger og fangstmann til bufast bonde med fangst og fiske som attåtnæringa.

Kampen for vinterfóret – kulturlandskapet tek form

Det som framfor alt kom til å prega landskapet utanom dei områda der folk budde og hadde åkrane sine, var kampen for vinterfóret. I førstninga må dette mest ha vore lauv. Vi veit at lauvforing høyrde med alt i det eldste husdyrhaldet, og i steinalderen og bronsealderen hadde dei ikkje nokon effektiv reiskap til å hausta gras med. Derimot kunne dei uten vanskar hausta lauvet av trea med dei reiskapane dei hadde.

Lauvkniven – snidelen – er, kan henda attåt tollekniven, den eldste reiskapen som enno vert laga her til lands. Ikkje berre er snidlane som er funne frå vikingtid, identiske med dei moderne. Går vi attende til yngre steinalder, er det funne tilsvarande reiskapar laga av flint. Dette syner kor viktig lauvinga har vore, og at folk tidleg fann fram til den mest høvelege teknikken for dette arbeidet.

I fjordstrøka var dei avhengige av å ha vinterfór til buskapen. Her må det ha vore ei stor nyvinning då dei i jernalderen fekk ljåen, som sette dei i stand til å hausta graset på ein effektiv måte. Då byrja for alvor utviklinga fram mot det landskapet vi kjenner i vår tid. Større og større område vart rydda for skog, og slåtteenga breidde seg meir og meir.

Ein viktig skilnad frå vår tid var at mykje meir av den dyrkbare jorda, som i dag er innmark, var bunden opp av åkerbruket. I jernalderen var det mest bygg, og etter kvart havre, som vart dyrka. Slåtteenga låg for ein stor del i utmarka, og etter kvart som busetnaden auka, vart det rydda slåtteteigar på dei mest utrulege stader. Dette kjenner vi sjølvsagt best til frå 1700-1800-talet, men vi veit at landskapet alt i vikingtid vart nytta minst like hardt som seinare.

Etter siste krig har mekaniseringa og effektiviseringa av landbruket endra det tradisjonelle kulturlandskapet. Maten vert stort sett produsert på innmark, medan utmarksbeite, slåtteteigar, stølsområde og lyngheiar gror att med krattskog. Ei vidfemnande granplanting har og sett sitt preg på Vestlandsnaturen. I dag spreier grana seg med frøplantar frå desse plantefelta i aukande omfang. Landskapet til ljåen, hesten og lauvkniven har vorte til traktoren, kunstgjødningen og grana sitt landskap.

Snøsøte

Snøsøte (Jan Rabben).

Purpurlyng

I dei vide lyngheiane ut mot havet finn vi purpurlyngen, i sørvende bergskråningar (Bjørn Moe).

Skog.

Skog. (Svein Nord)

Purpurlyng

Purpurlyng (akvarell: Miranda Bødtker, i privat eige).

Oregano

Oregano, eller kung, er eit framifrå pizzakrydder (Bjørn Moe).

Revebjølla

Revebjølla er ei typisk kystplante som stort sett stoggar i midtre fjordstrok (Bjørn Moe).

Gjuvslandsliane på Varaldsøy

I Gjuvslandsliane på Varaldsøy ligg ei mellomalderleg blomeeng. Bilete frå 1990 (Per Haukeland).

Rome

Rome (Svein Nord).

Hasselraklar

Hasselraklar (Hatl) (Jan Rabben).

Radøy

Det er dei grøderike jordbruksbygdene som framleis pregar kulturlandskapet på Radøy – den grøne øya (Svein Nord).

Bitter bergknapp

Bitter bergknapp (Bjørn Moe).

  • Fægri, K. (1958-1960, 1970) Norges planter: blomster og trær i naturen: med et utvalg fra våre nabolands flora. Oslo, Cappelen.
  • Fægri, K. (1976) Floraen i Hordaland. I: Hartvedt, G. H. red. Hordaland og Bergen. Bygd og by i Norge. Oslo, Gyldendal, s. 165-180.
  • Høeg, O. A. (1974) Planter og tradisjon: floraen i levende tale og tradisjon i Norge 1925-1973. Oslo, Universitetsforlaget.
  • Kaland, P. E. (1979) Landskapsutvikling og bosetningshistorie i Nordhordlands lyngheiområde. I: Fladby, R. & Sandnes, J. red. På leiting etter den eldste garden. Oslo, Universitetsforlaget, s. 41-70.