• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Båthallen på Hordamuseet huser 26 klinkbygde, opne trebåtar.

Båthallen på Hordamuseet huser 26 klinkbygde, opne trebåtar (Svein Nord).

Hordamuséet er eitt av dei kulturhistoriske distriktsmusea i fylket. Muséet har ei bygningshistorisk avdeling med gardstun, skulestove, kvernhus, krambu og postkontor. Kystkulturen har ein stor plass, med naust, båtar og fiskereiskap. Muséet har ei fin samling biletteppe av vevkunstnaren Ragna Breivik, etter akvarellar av Gerhard Munthe, og legg vekt på skiftande utstillingar frå inn- og utland. På Fanafjellet ligg stølsavdelinga med stølshus frå ulike stader i Hordaland.

  • Rekonstruksjonsskisse av langskipsnaustet i Bjørvika

Langskipsnaustet på Stend

I Bjørvika på Stend, like nedanfor Hordamuséet, ligg ei stor nausttuft som vart utgraven i 1966-72. Naustet har vore heile 32 m langt. Langveggene, som har vore bygde av ståande halvkløyvingar, har vore boga, 8,5 m breide på midten og 7 m i endane. Innanfor langveggene har det vore to rekkjer av takberande stolpar. På naustgolvet var og restar av to eldstader, eit ved inste veggen og ein yst.

 

14C-prøvar frå veggene gav ei datering til ca. 150-350 e.Kr. for trevyrket, medan keramikk frå tufta syner til 400- og 500-åra. Nokre funn kan vera endå yngre.

 

Dette naustet er 6-700 år eldre enn leidangsordninga frå slutten av 900-tallet. Det er såleis neppe her leidangsskipet i Skjold skipreide har hatt sin plass.

  • Sjøhusmiljø, Hordamuseet. Den raude handelsbua flytta frå Holsund i Fusa til venstre i biletet.

Sjøhusmiljø, Hordamuseet. Den raude handelsbua flytta frå Holsund i Fusa til venstre i biletet.