• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Fantoft stavkyrkje
Fantoft stavkyrkje (Svein Nord).

Då det skulle byggjast ny kyrkje i Fortun i Sogn i 1883, stod den gamle stavkyrkja for fall. I åra etter at J.C. Dahl tok initiativet til å stifta Foreningen til Norske Fortidsminners Bevaring i 1844, hadde interessa for desse monumentale kyrkjebygga frå mellomalderen vakse seg så sterk at denne kyrkja vart flytt og gjenreist på Fantoft utanfor Bergen.

 Her har kyrkja vore ein av dei store attraksjonane i over hundre år. Den 6. juni 1992 kom katastrofen; kyrkja brann ned til grunnen. Det vart eit folkekrav at stavkyrkja skulle byggjast opp att slik ho sto på Fantoft, i nøyaktig kopi; eit sjeldsynt antikvarisk gjenreisingsprosjekt.

I Fortun må kyrkja opphavleg vera bygd i andre halvdel av 1100-åra. Skipet var då litt lengre enn det som brann i 1992. Dette hadde fem par midtromsstavar, mot tidlegare sju. På 1600-talet vart det bygt til eit tårn i vest, og det gamle stavbygde koret vart erstatta av eit tømra kor. Slik stod kyrkja fram til flyttinga i 1883. Då bygningen skulle setjast opp att på Fantoft, meinte ein å kunna påvisa at skipet var blitt lengd i mellomalderen med to ekstra stavpar, og at materialar frå det eldste koret var blitt brukt til dette. Skipet vart i 1883 innkorta til den opphavlege lengda med fem par midtromsstavar. Stavpara som vart til overs, vart nytta til rekonstruksjon av det stavbygde koret. Ein valde å halda fast ved denne forma då stavkyrkja vart atterreist for andre gong; likeins eksteriøret, med svalgangar, spontak, kortårn og takryttar over skipet, som er rekonstruerte etter førebilete frå Borgund stavkyrkje.