• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Detalj frå røykstova på Arnatveit, Bergen

Detalj frå røykstova på Arnatveit (Egil Korsnes).

På garden Arnatveit, høgt oppe i bakkehellet ovanfor riksvegen, står det att ei gamal røykstove i tunet på hovudbruket, der det gamle fellestunet låg. Idag ligg denne garden i utkanten av eit stort bustadfelt. Mesteparten av innmarka på dei andre bruka er seld for å støtta storbyens trong for tomteareal i den nye bydelen Arna.

Røykstova på Arnatveit er eitt av dei få sikre mellomalderbygg i fjordbygdene. Dendrokronologisk datering (teljing av årringar) plasserer denne stova på slutten av 1400-talet. Den midtstilte inngangsdøra er prydd som ein inngangsportal, med mellomalderens dekorative markering på avbladinga der tømmerstokkane er «beita» inn i beitskiene på kvar side av døropninga. Idag står stova åleine i tunet, ved sida av eit nyare våningshus. Tidlegare var denne røykstova bygd saman med ei glasstove som vart riven for ein del år sidan; ein klassisk bygningstype på Vestlandet.

Den grindbygde løa på garden er også ein klassisk vestlandskonstruksjon. Denne løa vart bygd i 1900. Då vart ho flytt frå ein annan stad i tunet, truleg i samband med utskiftinga av det gamle fellestunet. Brakekledningen i nordgavlen er gammal. Nils Arnatveit (1881-1972) fortalde at då dei bygde løa, løyste dei frå heile brakeveggen på gamleløa og flytta han over på den nye. Han meinte at denne brakekledningen måtte vera nærare 150 år; ein av dei eldste eksisterande brakevegger vi veit om.

  • Røykstove på Arnatveit, Bergen

Røykstova ber spor etter kroting innvendig, med store sirklar og siksak-mønster på tre stokkar heile stova rundt. Stova vart freda i 1996.

  • Revheim, M. L. (1946) Fabrikkstaden Ytre Arna: 1846-1946. Bergen.
  • Mål og miljø: årsskrift for Arna (1976-). Bergen, Arna mållag.