• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

«Den Trondhjemske postvei»

Rytter på «Den Trondhjemske postvei» ved Munkebotn ovanfor Hegreneset. Kolorert litografi, 1840-åra ("Tegnet efter Naturen af Losting. Forlagt af G.C.C. W. Prahl". Svein Skare, eigar: Universitetsmuseet i Bergen).

Postsambandet Bergen – Molde – Trondheim vart eit fast samband frå 1786. Vegen frå Bergen til Hordvik er ein del av Trondheimsvegen; sett i stand som køyreveg gjennom generalvegmeister von Kroghs store program for opprusting av veganlegga vestafjells mellom 1780 og 1804. Det var postgardar på Rolland og Hordvik i Åsane. Frå Hordvik gjekk posten i båt over fjorden til Isdalstø, til postbonden på Isdal. Her vart posten ført vidare til Seim og nordover til Lotrebogane ved Lurefjorden i Lindås; over fjorden til postgarden på Hundvin og nordover mot vågseidet og Fanebust ved Fensfjorden.

Postvegen frå Munkebotn i Sandviken og nordover gjennom Åsane er den traseen som er best i stand av dei gamle vegane ut frå Bergen. Dette er ein fin tur. Over Eidsvågfjellet kan vi gå samanhengande på den gamle postvegen, som er i bra stand, med velbygde gråsteinsmurar. Vegen passerer Garpetjønn, ned Kistekleiva og går vidare gjennom Glaskaret – skaret der sola går ned, «glar», – til Rolland og vidare til Hundvin. I dag går hovudvegen nordover – gjennom Glaskartunnelen.