• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

«Steene Gaard». Prospekt av J.F.L. Dreier, 1816

«Steene Gaard». Prospekt av J.F.L. Dreier, 1816 (eigar: Vestlandske Kunstindustrimuseum).

Garden Stend høyrde i mellomalderen til Nonneseter kloster. Etter reformasjonen var han i eiga til Vincents Lunge fram til 1680. Då overtok generaltollforvaltar Hans Christophersøn Hiorth eigedommen. Hiorth vart adla i 1682, og Stend fekk status som adeleg setegard. Truleg fekk den staselege hovudbygningen si form i Hiorths embetstid.

Stend har hatt mange eigarar gjennom hundreåra. Kanselliråd Wollert Danckertsen overtok garden i 1741 og hoffagent Wollert Krohn i 1782. Han dreiv Stend som eit mønsterbruk og bygde veg frå Nordås til Stend.

Sonen Wollert Krohn gjennomførte truleg ei modernisering av anlegget i 1790-åra, mange av louis-seize-detaljane i bygget talar for det. Det er i denne forma vi ser bygningen på eit prospekt av J.F.L. Dreier frå 1816. Dei fleste av eigarane nytta Stend som sommarbustad; ein fornem bergensk «lystgård». Då Søndre Bergenhus Amt kjøpte eigedommen i 1861, vart det skipa jordbruksskule på den gamle setegardens grunn.

I 1922 vart hovudbygningen ombygd og restaurert, og eit omfattande restaureringsarbeid har også vore sett i gang i 1980-åra. Den såkalla «riddersalen» i midtfløya er det mest utsøkte rommet i huset, med detaljar i listeverk, takbjelkar og brystningspanel som plasserer det i barokkperioden på slutten av 1600-talet, i Hans Hiorths embetstid. Dei store måla veggtapeta er frå 1700-talet. Hovudbygningen på Stend er i dag freda.