• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Ytre Arna ca. 1960. (Widerøe's Flyveselskap AS/Billedsamlingen, Universitetsbiblioteket i Bergen)

Ytre Arna, ca. 1960.

Peter Jebsen frå Slesvig i Sør-Jylland etablerte det første norske bomullsveveriet ved utløpet av Blindheimselva i Ytre Arna i 1846. Det var nokre spinneri i Noreg frå før, men dette var det første veveriet der ein laga stoff som folk så kunne sy klede av. Fem år seinare starta broren Jürg Jebsen, saman med to andre, ein ullvarefabrikk ved same elva. Med dette var den norske tekstilindustrien i gang. Etableringa av desse to pionerfabrikkane markerer eit tidsskilje i norsk historie.

Den industrielle revolusjonen kom til Noreg i 1840-åra. Som i dei fleste andre land var tekstilindustrien først ute. I Storbritannia hadde spinne- og vevemaskinene  gått sidan slutten av 1700-talet, og i 1842 vart forbodet mot eksport av maskiner oppheva. Nokre få år etter starta industrialiseringa av Noreg, mellom anna i Ytre Arna.

Det var fleire faktorar som gjorde plasseringa av tekstilfabrikkar her naturleg. Elva, med eit fall på 66 m frå Gaupåsvatnet, gav nok kraft til å drive maskinene. Bergen, framleis den største byen i Noreg, hadde ein stor marknad. Billeg arbeidskraft vart henta frå bygdene i Nordhordland.

Så å seie alle  gründarane av tekstilfabrikkane i bergensområdet kom frå Sør-Jylland, og dei fleste frå ein liten kommune her, Broager. Dette gjer denne delen av norsk industrihistorie heilt spesiell. Jebsen-brørne var dei første, men seinare blei fabrikkane i Salhus, på Dale, på Hop, i Eidsvåg, i Samnanger, på Trengereid  etablert av  menn frå Sør-Jylland i perioden 1859 til 1895. Dei rike bergensborgarane engasjerte seg ikkje i denne industrireisinga.

Løns-og arbeidsvilkår, fagorganisering

Fabrikkane i Ytre Arna vaks fort , og utover mot slutten av 1800-talet arbeidde det rundt 450 arbeidarar her. Arbeidstida var den første tida 15 timar for dagen med ein og ein halv time pause. Frå 1872 vart arbeidstida redusert til 11 timar netto, og i 1920 vart 8-timarsdagen innført. I fabrikkane i Ytre Arna arbeidde både kvinner og  menn, i motsetning til i tekstilfabrikkane t.d. rundt Akerselva der dei fleste arbeidarane var yngre kvinner. Lønene var låge i tekstilindustrien, og kvinnene tente ned mot halvparten av det mennene tente. Fram mot århundreskiftet arbeidde svært ofte barna i fabrikkane når dei ikkje var på skulen. Fabrikklokala var ofte kalde og trekkfulle med mykje støy og støv, og maskinene vart drivne av farlege opne reimer og akslingar.

Fabrikkherrane bestemte kven som skulle få arbeid og kven som måtte gå, dei fastsette suverent løn og arbeidstid. I år 1900 hadde den sosialistiske avisa «Arbeidet» i Bergen eit avisoppslag under overskrifta «Arbeidsforhold i Arne verre enn i Russland». Her vart det brukt uttrykk som «arbeidernes sløvhed» og at det var «slavelignende forhold» ved fabrikkane. Dette provoserte mange arbeidarar, og dei tok til motmæle i eit innlegg i Bergens Tidende same året. Men avisoppslaget kan ha vore ein vekkar, for same året vart Arne Arbeiderforening danna. I 1908 meldte foreininga seg inn i Norsk Arbeidsmandsforbund.

Året etter sette foreininga fram lønskrav som blei blankt avvist, og det enda med ein fire månader lang streik. Etter streiken fekk fagforeininga ein knekk og vart lagt ned i 1912. Men i 1919 vart Arna Tekstilarbeidarforeining stifta.

Arne Fabrikker og Ytre Arna-samfunnet i førre århundret

Etter tunge tider på 1920-talet vart ei storstilt modernisering  sett i verk rundt 1930. Moderne maskiner vart kjøpt inn, nye tidsriktige produkt vart utvikla, og produksjonen vart rasjonalisert og effektivisert. Omsetjinga auka, og det vart stadig behov for meir arbeidskraft. Nye administrasjonsbygningar vart reist, og produksjonslokala vart stadig utvida. Fabrikkane stod på høgda av makta si i første halvdel av 1960-talet. Over 1100 personar arbeidde då i fabrikkane.

Men omslaget kom brått. Konkurransen frå lågkostland tok knekken på Arne Fabrikker og store deler av norsk tekstilindustri. Rundt 1980 var det meste slutt, sjølv om det var produksjon i fabrikklokala under namnet Arne-Høie, seinare Høie, ei tid framover.

I dei store fabrikklokala der spinne- og vevemaskinene stod er det i dag svært mange småbedrifter, og fleire hundre personar har sitt daglege virke her.

  • Brørne Jebsen om lag 1855. Frå venstre Johan, Peter og Jürg.

Gründaren Peter Jebsen

22 år gamal grunnla Peter Jebsen det som vart heitande Arne fabrikker. Han budde i Ytre Arna fram til 1864 då han flytta til Bergen. Han var då 40 år og hadde mykje ugjort. Han vart fort ein sentral del av det bergenske borgarskapet. Han gjekk inn i skipsfart, og såg tidleg at dampskip var framtida. Han grunnla t.d. den første norske amerikalinje, og dei siste tjue åra han levde var han truleg den største dampskipsreiaren i landet.

Jebsen sat på Stortinget i to periodar. Der kjempa han m.a. for å bygge jernbane frå Bergen til Voss. Då dette vart vedtatt i 1875, vart det improvisert eit folketog i Bergen der «Leve Jebsen» runga i gatene, og det blei avfyrt skot frå Bergenhus festning. Peter Jebsen engasjerte seg i gruvedrift, han var konsul for Tyskland, han var aktiv i lokalpolitikken og han grunnla Dale fabrikker. Mange historikarar legg vekt på at for gründarar som Jebsen var det inga motsetning mellom samfunnsmessig nytte og personleg vinning. Verdiane skulle reinvesterast, heilt i tråd med «kapitalismens ånd og den protestantiske etikk».

  • «Delingskultur siden 1867», skriv Coop i reklamen. Coop reknar starten sin frå 1867 då Arne Forbrugsforening vart stifta av tekstilarbeidarane i Ytre Arna med noko hjelp frå nokre funksjonærar.  Dei første fem åra heldt Forbrugsforeninga til ei eit anna bygg. Dei flytta inn i dette bygget i 1872. Bygningen står no på Samvirkemuseet i Bærum.
  • Arne musikkforening, kring 1900.

Eit komplett samfunn

Det var frå Ytre Arna dampbåttrafikken i Nordhordland starta opp. I 1864 kjøpte Peter Jebsen D/S «Arne» for å frakta varer mellom fabrikkane og Bergen. Inntil no hadde ein rodd varene til og frå byen. Men båten vart og sett inn i persontrafikk på fjordane, og Jebsen fekk  kontrakt med staten for posttrafikken. Fleire båtar følgde etter, og det vart oppretta eit rutenett  på fjordane. Dampskipskaiane vart det nye samlingspunktet i bygdene. Med dampskipa og jernbanen var ei ny tid innvarsla for næringsliv og folk i området.

Skipinga av «Arne Forbrugsforening» i 1867 reknast som starten på  samvirkelaga si historie i Noreg.  Bygningen som husa denne butikken står i dag på Samvirkemuseet i Bærum. Tanken var at butikken skulle vera til for folket på fabrikkstaden. Dei skulle eiga butikken, prisane skulle vera lågare enn i private handelsbuer, og overskotet skulle gå tilbake til medlemmene. Det budde rundt 700 personar i Ytre Arna på 1860-talet. Det var ei relativt stor bygd, og folk budde og arbeidde tett saman. Det var derfor naturleg at det var på ein slik stad tanken om eit forbrukarsamvirke oppstod.

Med Forbruksforeininga, og berre nokre få år seinare varemagasinet G.Aasgaard, fekk Ytre Arna ein sentrumsfunksjon for mange av bygdene omkring. Hit gjekk dampbåtane, og her kunne ein få kjøpt det meste. Med åra fekk Ytre Arna postopneri, apotek, sjukehus, gjestgjevarar, skjenkestader, og etter kvart spesialforretningar som slaktebutikk, fiskebutikk, skobutikk, frisørar.

I Ytre Arna vart nokre av dei eldste lag og foreiningane i området, ja i heile Norge, danna. Arne Musikforening vart stifta i 1877. Då eksisterte det alt fleire misjonsforeiningar på staden. Rundt 10 år seinare vart Arne Sangforening og Arne Turnforening stifta. I 1897 vart forsamlingshuset «Samhold» reist på dugnad, og no utfalda det seg eit rikt kulturliv på staden. Mot slutten av hundreåret fekk avhaldsforeiningane stor oppslutning, og i 1909 vart Arne Sanitetsforening skipa.

  • foto: Bjørn Bremerthun

Tekstilproduksjon er ikkje slutt i Ytre Arna. Suksessbedrifta Oleana, grunnlagt i 1992, flytta i 2012 inn i lokala til den gamle bomullsfabrikken, ved utløpet av Blindheimselva, på nøyaktig den same staden der tekstileventyret starta.  Moderne kvalitetsdesign har erstatta det billege masseproduserte stoffet som vart levert frå den første fabrikken i 1846. Oleana ligg vegg i vegg med Ytre Arna museum som kastar lys over den rike historia i bygda.

Sigurd Grieg: Arne Fabrikker, 1946
M.L. Revheim: Fabrikkstaden Ytre Arna, 1946
Svein Ivar Angell: Arna Bygdebok II, 2004
Leiv Mjeldheim (red.): Fabrikken og folket, 1996
Arne Eriksen og Audun Hanstveit: Dar kjem dampen – med post, 2011