• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Kyrkja på Kyrkjebyrkjeland som vart riven i 1878

Kyrkja på Kyrkjebyrkjeland som vart riven i 1878 (teikning av Losting, (utsnitt), X. 156.210, H.M.)

Der fylkesvegen tek av til Birkelandsbotn frå riksvegen E39 øvst i Vallaheiane, kjem vi inn på ein av hovudvegane til Bergen heilt frå mellomalderen av. Vegen passerer like framom kyrkjegarden som ligg att etter den gamle kyrkja på Kyrkjebyrkjeland, og går gjennom tunet på postgarden og skysskiftet. Her står framleis hovudbygningen frå tidleg på 1800-talet. Vegen går vidare gjennom Birkelandsbotn, over den gamle steinbrua på Midtun og til Bergen. Dette var «Den Stavangerske postvei».